tirsdag 24. februar 2015

Grunnen til at ein alltid skal betale tannlegerekninga før ein legg ut på skitur.

Ein kan gå frå problema, og at ein og kan gå seg kreativ har eg skjønt for lenge sidan. Det seier også dronninga bak Fjellflyt.no. Eg kjenner ikkje dama, men ho bur i Vågå og eg beundrar ho i løyndom.



Dagen i dag starta bratt, kan ein seie, eg seig ned i tannlegestolen omlag klokka 08.13. Det var ikkje det at eg hadde så mange krater og tette att, berre det vanlege "bruk tanntråd!" og tilpassing av bittskinne, noko liknande dei boksarane brukar i ringen. No er det svært sjeldan at eg entrar slike sportsarenaer, men denne skal brukast på ein annen arena, i senga.
Dette høyrest nok både spennande og privat ut, sett utanfrå. Særleg med Fifty shades of grey som bakteppe og det faktum at ein ikkje inne i den mest fyrrige årstida, korkje klimatisk eller skjematisk. Eg kan love alle, at mannen tykkjer dette hjelpemiddelet ymtar meir frampå om kva som kjem sigande, enn om kva som var, ein annen vår, ei anna tid, eit anna univers.

 Eg er av desse kjerringene som gnissar og bit i søvne, ikkje så mykje på mannen, men på tennene. Dette bidreg i sin tur til stiv nakke og lause tenner, ja eg veit, høyrest utruleg sensuelt ut, men det er heilt feil. Difor har eg no fått slik spesialtilpassa bokseutstyr, de kan tru det er stas.
Og det kan tru det kosta, mykje meir enn det smaka faktisk. Da eg såg rekninga, drog eg veret eit par gongar, litt raskare enn ellers. Før eg klarte å brette fjeset attende i rolege og avbalanserte faldar. Det krevde si kvinne. Eg sette meg inn i bilen, la fakturaen på passasjersetet, drog på meg sjølv selen, rekninga fekk sitje selelaus.

Køyrde rundt noko rådvill fyrst, før eg ringde mannen på jobb for å skrifte og få unnagjort nokre ave Maria. Han er sindig nok til å la det passere i stillheit. Etter skriftinga fekk eg, av den nyutnevnte, katolske presten på yste Fjelli, innvilga ein skitur som trøyst. Eg argumenterte med at årsaka til tanngnissing og bittskinnebehov opphaveleg kom frå for lite skigåing. Det var greitt. (Utruleg grei kar!)

 Ivrig, heiv eg ut søpla, før eg sveiva i gang ei klemaskin og ei oppvaskmaskin, eg fora høns, plukka og vaska egg, for å halde husmorsamvitet på eit minimumsnivå. Deretter var det på med ullundertøy. bukse, jakke, huve, vottar, og sist, men mest av alt, den sexy hundeluftar-trusa. Ein super konstruksjon, eit belte til å feste hundeselen i, som gjer at ryggen blir belasta der han er sterkast, i mitt tilfelle ved overgang til bakende. Kvifor den er sexy attpå må de ikkje spørje meg om, eg berre eig og brukar trusa. Det var seljaren som sa den gav usedvanleg sexy rompe, i tillegg til den reint praktiske funksjonen når ein luftar bikkja. Eg har fortsatt problem med å sjå sexy-nessen i dette utstyret, men eg har ein mistanke om at den er slik "sexy utan at ein sjølv veit det", og det er jo beste sort.
Så eg snodde meg ganske så forførerisk opp mellom snøskavl, gran og rotvelte, eg åleine, i lag med bikkja. Ikkje til å kimse av akkurat. Musklane jobba, og de veit korleis det er, på lag med terreng og snø og ski og stavar. Vi pusta og vi vart varme, og somme av oss spratt att og fram frå eine trestammen til neste, det var ikkje eg.
Eg og fjellskia jobba seigt fram og opp, oppom tregrensa, over delvis pudder, marengs og skare, kokosmasse, melis og alle andre variantar. Utruleg godt var det å få sjå utover att, urøyvd snø og lokkande vardar. Fjord og fjell, arm i fot. Eg såg utover dei kvite vestlandstoppane og drøymde meg heim, innom og bakom fjella. Eg festa noko fjell og ein sjølfi til e-film vhja mobtlf.


Eg drog veret, og eit lite bel var all tannhelseproblematikk borte, som dugg for solen. Brått fekk eg eit syn eg godt kunne vore forutan, dei kvite fjella endra karakter for mitt indre auge. Dei vart til verdas største tanngard, og midt i ein jeksel, der stod eg. Ettersom blikket mitt fylgde tannhalsane ned mot fjordtungene, tenkte eg med meg at tanntråd har dei ikkje brukt korkje i Innvik eller på Hopland og utover. Og toppane såg slitte ut, der grus og vardar kappast om gunst mot den kvite emaljen. Au. Eg snudde tuppane ned att. No er ikkje eg nokon telemarksresar, eg er ein ihuga plogar. Eg renner til og med MED feller, ikkje mykje fart og sjølvtillit å spore. Innbitt. Redd.
Vrangsynet av tannlegerekninga framfor augene mine, dansa som den grønkledde for Gynt.
-Eg skulle ha betalt den før eg tok turen opp og ut!
 Eg staura meg nedover bakkane, trinsene fyrst, så skituppane, stavane og nerkjeften, vekslande skare og marengs. I bakhovudet leika angsten, angsten for å ende opp tannlaus nedmed ein granlegg. Eg forbante meg sjølv i stundens hete, for at eg tok sjølfi med buff framfor tennene. Det kunne ha vore min siste sjanse til å ta sjølfi med sjølvdyrka gebiss.
Og bikkja var min nærasta omsutsperson. (Eit lite augeblikk var eg inne på tanken om at eg hadde løyst sjukepleiarmangelen for all framtid, vi kunne alle bli stelt av topptrente, superintelligente, border-colliar. Da eg i neste sekund kom på at reveenka allereie hadde vore inne på tanken, og hadde dressert ein katt til dette formål, forstod eg at eg var seint ute med den ideen. Og.)

Seint gjekk det også i snøen, bikkja for bekymra att og fram, som for å sjekke om eg fortsatt var ved mine fulle fem, sette ho seg ned og betrakta seilasen på avstand.
Etter okking og stønning og buksering nådde vi allfarveg og sivilisasjon. Eg reiste skia opp attmed inngangsdøra, eg gav sjukepleierska mat og vatn i skåla. Ho takka djupt, åt, og la seg letta ned på matta si. Eg fann meg ein kaffekopp og betalte rekninga. Eg hadde funne sjelefred. Eg hadde funne ut at eg hadde investert i eit fleirbruksprodukt.
 Neste gong puttar eg bittskinna i sekken, den kan vere fin å ha om ein skulle kollidere i den eine bjørka, i himmelsjå.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar