fredag 31. mars 2017

"-Kva driv du med på fritida? " ....det blir for enkelt...

Eg har verdas viktigaste jobb, i alle fall ganske nesten. 
Eg har eit stort ansvar, men eg er usikker på om eg alltid er så påkopla at eg ser kva eg sjølv driv på med. Viser eg respekt for alle elevane mine og mi eiga historie, mitt eige land og det at vi treng folk som tør å ta i eit tak? Gjer eg mitt for at alle skal bli sett? Gjer eg mitt for å heve statusen til yrkesfaga her til lands? Gjer eg mitt for at alle skal føle at skulen er ein plass der dei høyrer til?


Noreg er eit langstrakt land, og vi brukar mange av avkrokane som levestad. Sentrum blir ofte ein miniby, og minibyar likar å være meir som storebrorbyane, vi snakkar sentralt, effektivt, sosialt, tilgjengelig. Du skal ikkje langt vekk frå sentrum før du er meir «på landet» enn du var attmed samvirkelaget (som no er Kiwi eller Rema 1000 eller Coop eller Bunnpris).                                
            Da eg tok til på sentrumsskulen som låg 8 km vekk frå heime, var eg knappe 10 år. Eg har sagt det mange gongar, verda mi vart utvida da eg tok til fjerde klasse, det var annleis, meir fart, meir som skjedde, spennande. Like fullt, det var godt å kome heim. Eg pusta lettare i skikkeleg grisgrendte strøk, slik er det berre med mi sjel. Da eg møtte desse jamnaldringane i sentrum følte eg at sosialiseringa gjekk slik nokonlunde, eg likte folk, merka eg. Likevel, det var små ting som fekk meg til å undrast, undrast lenge, langt inn i vaksenlivet faktisk. Eg vart kalla «bonde i byen», det var ikkje vondt meint og eg tok det ikkje så altfor ille opp, men det skulle seie noko om at eg ikkje kjende til alle dei sosiale reglane for det urbane bygdelivet til dei andre tiåringane. I ettertid har eg ledd mykje av dette, kor historielause vi var, og er. Etter kvart har eg budd i større og mindre byar, i norsk målestokk, og sett bittelitt av den store verda utanfor. Og det er ikkje akkurat slik at eg i dag ser på bygda øvst oppi dalen som den heilt store metropolen, med «urban danning» heilt ned i barneskulen, om det er noko som heiter det.
             Heilt utan at eg var klar over det, vart det planta ein tanke inni meg den tida, ein tanke om at det eg kom i frå var noko gamaldags og avleggs, difor freista eg heller å legge meg på lik linje med dei hine. Eg vart med i handball og i fotball og eg prøvde ein sjeldan gong å få med meg sykkelen heilt ned til sentrum, for å øve opp urbaniteten min. Det var eit mislykka forsøk på å tilpasse seg sentrumsliv, det har eg forstått no seinare. Det var meir som noko eg smakte på, og som eg også likte slik passe, og det var i det minste sosialt, trass slapp kastearm og subbande vingspel. Fordelen var at om lærareren skulle spørje oss kva vi dreiv med på fritida, kva var det vi likte å drive med, ja da var det eventyrleg enkelt å svare handball eller fotball eller ski eller 4H(som i mine kretser var innanfor). Ikkje fleire oppfølgingsspørsmål, berre erkjennande nikking. "Organisert aktivitet. Det er så bra, da har alle eitkvart, sin plass, ein stad å vere, gjerne idrett, sunt".
          I dag er eg sjølv lærar, eg stiller sjølv slike spørsmål utover klasserommet. Eg er effektiv, eg vil ha respons, og eg får det, av nokre, to handballspelarar, tre fotballspelarar, nokre unge skiskyttere, ein speidar og nokre cross-køyrarar, cheer-leadere og musikantar.  
 -"Så bra, seier eg. Flotte aktivitetar. Da har de noko å drive med, ei interesse, noko å samle overskot i frå. Det er supert!" Det er kjekt å bli sett av ein lærar og av dei andre, det er godt å få bekrefta at det ein driv med på fritida har ein verdi og at andre ser det og tek det fram i lyset.
Det var berre det, at i dette klasserommet sat det kanskje ti-tolv fleire menneske som berre høyrde etter, dei sa kanskje ikkje noko. Kanskje ante eg at dei også var med på organisert ballkasting eller-sparking, eg tenkte at dei kanskje ikkje hadde lyst til å seie noko høgt og eg ville ikkje presse dei. Så eg lot det bli med det.
                  Lærarhjernen jobbar heldigvis utanfor klasserommet også, for det var ei skurring her ein stad, det var noko som ikkje var heilt godt, eitkvart eg ikkje kunne setje fingeren på. Hadde eg gjort jobben min i denne situasjonen? Hadde eg sett alle? Hadde eg vist respekt for alle sine liv der inne? Hadde dette vore ei inkuderande samtale? Eg ville gjerne tru på det, men eg fekk det ikkje til.
Etter kvart demra det for meg, eg hadde hatt handball og fotball som lita, og det snakka eg høgt om, men eg hadde også andre interesser, interesser som kanskje gav meg meir som person og som har hatt meir å bety for mitt vaksne liv. Dei var ikkje-organiserte og dei var meir heimebaserte og lokale og ikkje så fram i dagen og ikkje nok verdsette til at eg snakka om dei som viktige. Eg heldt dei for meg sjølv, og det var eigentleg ingenting i vegen med det, for dei var mine og dei gav meg noko, aktivitetar som gjorde meg litt tryggare i meg sjølv, åleine. Eg kjende heller ikkje eit behov for at læraren skulle dra dette ut av meg i klasserommet, eg kjende meg ikkje forbigått, eg berre sette det ikkje i kategorien «ting vi driv med på fritida og snakkar høgt om». Eg sådde, eg gjekk i sauefjøsen, eg hadde kanin og eg sykla, eg gjekk i bekken og i skogen, eg samla blomstrar, eg drøymde meg vekk.
                Tjuefem år seinare står eg altså sjølv i eit klasserom, framfor ein haug med elevar, og lurar på kva dei driv med, og eg fiskar fram alt dei har i den nemnde kategorien. Og så spør eg meg sjølv; gjer eg jobben min no? Ser eg alle? Viser eg respekt for liva deira og interessene deira? Driv eg med relasjonsbygging på høgt plan no? Og svaret eg gav meg sjølv er, eit rungande: 
-NEI!!
-          -Skjerp deg Rutta!
For kva skulle eg ha gjort, eg som skal ha eit godt utvikla elevsyn, bygge relasjonar for å støtte opp om læringa deira, vise elevane respekt ved å sjå dei som den dei er, kvar for seg? Jau, eg må drive research, i meg sjølv og i dei. Ikkje slik å forstå at eg måtte hale ut av den einskilde kva dei driv med på kveldstid, men eg kunne ha nemnt andre ting enn dei mest opplagde. Eg kunne sagt at somme likar å gå i fjøsen, at andre likte å spele dataspel, lese bøker, skru traktor, køyre lastebil med onkel, sprøyte møkk, sjekke fuglekasser og leite etter dyrespor, lage film, mekke på løypemaskin, samle insekt, dyrke fram planter, mjølke ku, hjelpe til i lamminga (som eg gjorde), forhausting, høyre musikk, danse i leikarring, landbruk, snekre, reparere ting, vere med på jakt, motorsyklar, måle, hjelpe til, bilkøyring, skikkeleg arbeid, fisking, spele kort, lage mat, gå  ærend for besta,  køyre skuter, mopedskruving. 
Eg kunne ha nemnt det i det minste, kunne tekje det fram i lyset og fortalt at det var noko bra. Da kunne eg kanskje ha kopla fleire på det eg driv med i klasserommet, om dei berre skjønte at eg også tenkte på dei, at skulen også tenkte på dei, utan at dei sjølve måtte fronte det. Eg kunne hjelpe dei å heve verdien på interessene deira, eg ville ha vist at dette var noko samfunnet såg og sette pris på. At skulen var for alle. At skulen ville utdanne alle.

Det hadde vore å vise alle respekt.
Å vise respekt er å vise at du ser nokon.

Nesten ferdigtenkt….for denne gong.

lørdag 25. mars 2017

Frå pupp, via Minecraft til innsyn i den neste verda.


Kva veit vel eg?

Som mor og lærar og samfunnsborgar prøvar eg å forstå denne verda. 
Det er ikkje lett.

Om ein tek den mor-beten fyrst, å bli mor var enkelt, når deigen fyrst var komen på heving. Når bollen kom ut av omnen skifta ein status til mor, det berre skjedde automatisk. Det var pupp og bleier og mat og kos og tryggleik og grensesetting og sosialisering og horisontutviding. Det gjekk meir eller mindre av seg sjølv, instinkta var til god hjelp.

Bolleomnen var produktiv i fleire år, men så vart den nedlagt. Deretter var det berre å følgje opp desse podane som var halvt deg, halvt ein annen og heilt seg sjølv. Som bleieskiftarbeider i graut- og puppbobla var det ikkje så lett å ense verda utanfor, det skal vel heller ikkje vere det. Fokus skal vere innover mot hiet, det er rett. Oppkast, feber og søvnløyse var altoppslukande og ein kjende at all uffing og okking kom av seg sjølv, heilt naturleg og med god grunn. Ein kunne spreie rundt seg med referat frå stellebord, nattskiftet, grautskåla og ymse trassaldrar, både online og offline. Ein kunne kose seg litt med at ein fekk gehør og at andre kjende det på same måten, ein kunne sjå tragikomedien i det og le av seg sjølv med gulpeflekkar på kragen. Og alt dette var, sett i etterkant, enkelt, det var ein veg; opp og fram, det var berre å klive over kneika, halde seg fast i røter og kantete steinar. Ein kosa,  gret, skratta og åla seg framover og var trass alt den viktigaste personen i livet til nokre få, små menneske. Og dette var ikkje noko problem, for det var slik det skulle vere.
Så det kan eg slå fast for meg sjølv; å bli mor var lett, det berre skjedde med meg.

Etter kvart blir desse små, noko større, noko eige, noko anna. Dei leikar seg ute og inne og oppe og nede, i tre og i bekken, og radiusen kan bli stor. Dei tek til på skulen og dei sparkar fotball, dei går på ski, dei syklar, dei dett ned, dei blir ihopsydde, dei blir spjelka, dei kranglar og dei er vener. Alt er normalt, vi vaksne jobbar og kostar og køyrer bil og drikk kaffi. Det er kvardagen og den er ikkje glamorøs, den er grei og god og okei.

Så spør ein seg sjølv, kva skal ein vente av kvardagen? Plankekøyring eller grøftekøyring, punktering og ei og anna ripe i lakken? Drømmescenarioet er ryddig hus, reine klede med tellekantar, harmoni, venlege smil i treffsikre pasningar mellom familiemedlemane, gode samtaler, faste leksestunder, rutinerte treningsøkter, blomsterbukett på bordet, middagsselskap med vener i helga, reine ungar med håret på stell, funksjonelt kjøken og vaskerom forkledd med utsøkt estetikk og akustikk, friske sengeklede med eit hint av lavendel og ei mor med nappa bryn og trimma kant.

Det er i alle fall det ein drøymer om, og trur er toppen av lykke. Og somme gonger kan ein få ei kjensle av at ein nesten er der, eller i alle fall ein stad i nærleiken. Det kan vere eit par timar før jula blir ringt inn, eller dei femten minutta etter at du har vaska golva midt i huset. Dersom ein har opptil fleire avleggjarar som bur  i same hus, kan dette vare i så korte blaff at ein trur det berre var ein draum. No skal ein vere forsiktig med å skulde alt kaoset på dei yngste i huset, om ein ikkje er av dei mest ryddige menneska sjølv. Da kan det vere ein er heldig og avlar fram to små, som ein klarer å oppdra på gunstig vis til å ta på seg ymse arbeidsoppgåver i heimen. Er ein rotete av seg og plutseleg får vifta seg fram til ein lysning i ammetåka og ser at det er blitt fem avkom, ja da kan det hende at ein må få profesjonell kaoskontroll på besøk. Slik sett kan ein få det praktiske, huset, lekser og all aktivitet, inn i eit slags skjema. Og om ein senkar krava betrakteleg, så kan den praktiske kvardagen i huset bli til å leve med, utan kaoskontroll og.

Har ein fire skuleungar i hus, seier det seg sjølv at mykje av kveldane går med til lekser, for dei. Som foreldre skal vi støtte, lytte og hjelpe. Og det skulle vel vere null problem, dersom ein set av tid og skrur av alle skjermar og radioar og konsentrerer seg. Og om ser vekk i frå ungkatten si hasardiøse ferd gjennom stova og minstemann si høglytte leiking, og ein ikkje reflekterar over at ein allereie er utsleten av dagen, og at ein eigentleg har lyst på noko avslappande tid med Minecraft før hovudet skal lande på andedun. Ikkje noko problem.

Det er ikkje slik for alle, somme ser leksene som eit høgt fjell av meir skule og plikter før sengetida, medan andre tenkjer på dei som ei irriterande, lita strafferunde, som dei hastar i gjennom for å bli ferdige, slik at dei kan gå ut å springe eller hoppe eller rulle. Andre att kan ha eit ønskje om å faktisk lære noko, lese, studere og skrive, nyte med ein kopp te. Og i einskilde heimar er alle kategoriar representerte, til ei kvar tid. Som forelder har du da eit ansvar for å følgje opp, og nokre svarar at dei har gjort leksene før du er ferdig med å formulere spørsmålet, somme seier dei er ferdige, men berre har att noko lite (da veit mor, instinktivt, at ho må komme med oppfølgjingsspørsmål), så har du dei som glir vekk langs veggane i det dei værar spørsmålet. Desse må ein kanskje hanke inn att frå eit eviglangt dobesøk, eller eit rømningsforsøk inn i Legoland eller Minecraft-verda med øyretelefonar som gjer at dei høyrer absolutt ingenting. Mor veit da, at kvelden kan bli lang, om ho i det heile tatt gidd å ta opp den kampen.

Ungane må da lære, tenkjer ho. Om ungane mine dett utom den oppskisserte skulevegen, er det min feil, mitt svik, eg som ikkje gjer jobben min. Ein blir ikkje ein brukbar, opplyst vaksen om ein veks opp med ein playstation-kontroller i handa. Det blir så feil i moderhjernen. Hadde det enda vore langrenn, noko fysisk, noko sunt og oppbyggjeleg, kanskje til og med fotball er betre? Eller Lego-bygging, å konstruere, å teikne, eller musikk, noko som tradisjonelt sett er bra for utviklinga av hjernen.

Eg kjenner ei mor (ganske godt) som har kjent på dette, mange gongar, mange kveldar, dagar. Ho har vore irritert, frustrert, redd, sint, oppgjeven, fortvila og uvitande. Ho meiner at lekser er viktige for å lære seg å arbeide på eiga hand. Likevel. Om leksearbeidet kjennest meiningslaust og nedbrytande og bidreg til auka friksjon i heimen, fordi den stunda ein skulle ha i lag på kvelden ikkje var så triveleg, kva gjer det med kjensla av å ha ei trygg hamn? Ei hamn der ein skal kunne ta seg inn att og kople av. Denne mora (som eg kjenner så altfor godt) har lokka og lurt og masa og bede og skrike og ropt og reve seg i håret og, nær på, rulla seg i tjære og fjør.

Siste tida har ho prøvd å forstå kva det er med Minecraft, kva går dette ut på. For lenge sidan forsikra ho seg om at det ikkje var vald og gørr og hjernemasse, ho fekk tak i at det hadde med firkant-klossar å gjere, og roa seg med det. Men rista på hovudet over dagens ungdom som meinte det var betre å bygge med klossar på ein skjerm enn å gjere det i røynda (som det står i matteleksa). Da den eine rekrutten hennar ein dag sat med leksa, medan det dampa ut av øyrene, såg ho med eitt at det handla om volumutrekning. Og drog ein link til Minecraft, som også var kuber i massevis. Med eitt var ungen påkopla, ikkje på leksa, men på det mora snakka om. Han kunne snakke om areal, omkrins og volum, i Minecraft-kontekst. Kunnskapen var der, ikkje tvil om det, men viljen til å skrive oppgåvene sirleg inn i matteboka var det verre med. Så ho intervjua han vidare om denne verda ho forstod så altfor lite av, jau da han la ut. Og mora sat der, konsentrert, i stillongs og håret sett opp i tidsklemma, for å prøve å forstå dette.

Og det vart skildra ei verd utanom det jordnære, men likevel så jordnært at ho vart skjemd av eigne fordommar. Gutungen sat med store auge og gestikulerte, han fortalde om natur og brukte omgrep som ørken, sump, jungel, regnskog, bjørkeskog, eikeskog og birch saplings som han oversette til mor (ungtre av bjørk). Han snakka om å finne ressursar i ei ukjent verd som han utforska bit for bit. Han snakka om å finne ymse treverk til byggeaktivitet og reiskapsbruk. Han snakka om å finne vegen til små landsbyar der han kunne finne ein black smith («eller ein smed da, mamma») som kunne smi reiskap av jernet han hadde funne i jorda. Vidare fortalde han om pyramider i ørkenen og majaindianarar i jungelen og matjord som vart dyrka av bonden, slik at han kunne hauste korn og bake seg brød. Om han da, bonden altså, hadde skaffa seg kol til å fyre opp omnen med.
Diamantar fann han sjeldnare, sa han, i den tiande blokka etter grunnfjellet (bedrock vart det opplyst om). Etter kvart som verda vart avdekt viste den seg og på eit kart, som var utstyrt med koordinatar. Fekk ein utvunne nok jern til å bygge seg jernbane med, gjekk plutseleg livet i verda fortare, kommunikasjon mellom aktørane på skjermen vart utbetra.
-Og kven er desse aktørane, spør mor.
-Jau, no skal du høyre. Det er litt spesielt, for dei er utan kjønn, eller ein kan velje skins da, slik at det blir gut eller jente, om ein vil altså. -Så det er på ein måte kjønnsnøytralt da? -Ja, det kan du seie. Og mat lyt dei jo ha, dei et grønsaker og kjøt. Frå lamaen og sauen får dei ull til sengeklede, viss du vil sove da. Somme ting er meir meiningslause,  som at prestane sel magiske bøker og at ein må til underverdenen for å sale hesten, men slik er det… Mora nikkar.
Læraren inni mora nikka også. Skremd og letta på same tid. Skremd fordi det er ei verd innanfor denne skjermen som ho ikkje har skjønt noko av, og som ho har avfeia som meiningslaus og tullete. Letta fordi det verka som om engelskkunnskapar,  samfunnstilhøve, ressursforvaltning, koordinatsystem, samanhengar i naturen og kjennskap til gamle og verdifulle yrke såg ut til å vere eit biprodukt av denne skjermsjuka.
Rådlaus, fordi ho ikkje hadde kunnskap nok til å bruke dette på nokon god måte i skulesamanheng. Frustrert fordi ho ikkje hadde skjønt det før, det er klart at om ho hadde visst at somme elevar sat inne med slik kunnskap kunne ho angripe dei på ein annleis og betre måte. Det at ho  hadde trudd at ungane, ved å vere opptekne av Minecraft, fjerna seg frå verkelegheita og over i noko uhandgripeleg og verkelegheitsfjernt var flaut. Dei lærte om å dyrke jorda og utnytte ressursane, slik som menneska har gjort opp i gjennom historia. Er det ikkje det vi vil dei skal forstå, tenkte ho. 

Samfunnsborgaren, inne i den same mora og læraren, vrei på seg. Han innsåg at han var eit barn av si tid, ei tid før e-post og smarttelefon, ei tid med telefon i gangen, NRK1, fiskerimelding og havregryn med mjølk. Den tida som var før den som var komen, den som hadde vore betre. Kanskje var verdsborgaren vorte så gammal og blind at han ikkje såg det gode i det nye, fordi han ikkje gadd å opne den elektroniske scifi-døra inn i ei anna verd.

Og forelderen tenkte seg om, og forstod at han måtte roe seg ned, tenke at ting vil gå seg til, det vil gå bra, men ikkje på den måten han hadde tenkt det skulle gå bra.

Mora forstod at det å bli mor var ein sabla enkel operasjon. Det å forstå at ein faktisk blir mor til framtida sine foreldre, det var mykje verre. For korleis skal ein bu ungane sine på det? Bu ungane på å bli foreldre for eit samfunn som kjem etter det vi sjølve kjenner….det er ein overveldande tanke.

Mora og læraren og samfunnsborgaren vart einige om at dei kunne prøve å forstå den neste generasjonen betre ved å møte dei i deira fantasiverd, og kanskje til og med få dei med seg opp til middagsbord-verda ein gong i blant, for å øve på handskrifta. For med handskrift kan det vere greitt å notere ein og annen koordinat, det å kunne dokumentere kunnskap skriftleg er også ganske ok og å kunne kople hjerne og hand i hop er uansett veldig smart. Og Minecraft-universet verka ikkje lenger så skummelt, men ein ressurs var det vanskeleg å få tak i der; frisk luft. Så om ein luftar slike speledåser  nokre gonger for dagen, så gjer ikkje det noko.