onsdag 9. mars 2016

Både klump og hjarte i halsen for tiandeklassingane mine.


Eg har til tider verdas beste jobb, andre tider ein stressande jobb, energitappande jobb, ein verdifull jobb og alltid ein meiningsfylt jobb. Eg er lærar, kvar dag, i teorien tre dagar for veka.
Eg kjenner at denne våren vil bli heilt spesiell. Dei siste tre åra har eg fått lære å kjenne eit kull med ungdomar frå ei bygd på Vestlandet. Dei kom frå alle krikar og krokar hausten 2013. Eg kom geispande frå to år som babymamma. Eg har fått sjå korleis små menneske blir unge menneske, korleis dei har strekt seg i kroppane sine, korleis håret har lagt seg annleis, at tankane har tekje nye vegar. Eg har sett ungar bli små vaksne og eg har sett små vaksne ta attarsteg inni barndomen. Korleis menneske søkjer framover mot det nye og ukjende, mot andre menneske, mot kjernen i seg sjølv.
Alt dette har eg fått sjå.
Tør ikkje spørje dei kva dei har sett. Ein morgongretten lærar, ein lærar med skjeten gensar, ein opplagt lærar, ein irritabel lærar, ein glad lærar, ein positiv lærar, ein pessimistisk lærar, ein snill lærar, ein streng lærar, ein engasjert lærar, ein sjenert lærar, ein pågåande lærar, ein trygg lærar, ein kunnskapsrik lærar, ein tydeleg lærar, ein omsorgsfull lærar, ein lærar som har sett dei, ein uklar lærar, ein fortvila lærar, ein kravstor lærar, ein undrande lurar, ein lykkeleg lærar, ein rotete lærar, ein oppgitt lærar, ein sporty lærar, ein lærar med kaffiånde (grøss, det gløymer ein aldri).
Alt dette, og meire til, går eg ut ifrå at dei har sett, og eg tenkjer at det kan vere ein god ting. Ein lærar er ei menneskje. Uansett kven dei har møtt, eg håpar dei sit att med ei kjensle av at ein vil dei vel.
Eg er livredd for at elevane mine skal tru at eg likar dei betre som menneskje, om dei får femmarar og seksarar, det er ikkje slik. Om eg ber dei om å jobbe hardare, skjerpe greiene, så  er det fordi eg vil ha dei til syne fram kva som bur i dei. Ikkje alle er gode i norsk, ikkje alle er gode i matematikk, naturfag eller engelsk, men ALLE ER GODE TIL Å VERE SEG SJØLVE. I å vere seg sjølve kan eg godt gje alle ein seksar, ein svært personleg karakter.

Desse elevane har lært meg noko også, at eg er ein vaksen. Eg ser tydelegare kva krefter som rår i blant dei, det er hormon, det er kjærleik i lufta, det er vår, det er lukta av shampoo i hår, det mopedlappen, det er eksamensnerver, det er spenning, det er venskap. Ein får i blant lyst til å be dei vakne, sjå her, høyr på meg! Eg har noko viktig å fortelje dykk.
Du må halde opp arbeidstempoet, du må tenkje på framtida di, du tek viktige val for livet ditt, akkurat no! Ikkje lat deg styre av forelsking, vanskelege tankar, kompleks, kjærleikssorg, gjengen, kjæresten, foreldre for den del.
Høyrer de? Høyrer de kor vaksen eg har vorte?
Det er skremande!
Eg hugsar sjølv at dette var ikkje noko ein styrte så lett, ein kunne prøve å styre det, men det verka håplaust. Det var som å styre ei vogn dregen av fire, lite samstemte hestar. Det var ein smal veg, med få møteplassar, og trugsmål på alle kantar. Ein ville ikkje bremse, for all del ikkje bråstoppe, skrense litt kanskje, ein var redd og glad på same tid. Og det siste ein ville, var å gå av.

Eg må prøve likevel, no før tentamenskøyret startar rett over påske, og vi ikkje får puste ut att før i juni:
Stå løpet ut, dette er viktige månader! Når denne tida er over kan du puste ut, klappe deg sjølv på hovudet og vere stolt over at du gjorde ditt beste, og det er godt nok. Ingen kan tvinge dykk til å gjere ein innsats for dykk sjølve ( i alle fall ingen vaksen), men du kan, du må, vere den som gjer det. Du er så stor at du må ta eit større ansvar sjølv, det er skummelt og det er fint.
Det er fridom, og med fridom føljer ansvar.

Eg veit de ikkje vil sjå dykk attende, men eg kjem til å stå her og sjå etter dykk, med tårer i augene å håpe at det går dykk vel.
Hugs at du ikkje skal plage andre, men du skal vere grei og snill og ellers kan du gjere som du vil, stort sett.
Køyr pent, eg bryr meg om deg.

Helsing ein norsklærar, som møter våren med skrekkblanda fryd.
Ein kyllingoppdrettar som føler ho har sett ein del egg på ruging, og dei vil alle klekke i midten av juni.
(Og eg kan garantere at de finn skrivefeil i denne teksten, om de leitar! ;-) Ein lærer så lenge ein har elevar).