søndag 22. mai 2016

Skal vi gifte oss, eller la vere?


Eg er ikkje så avansert  ihopsett, difor slit eg litt med å setje meg inn i all slags politisk lektyre som ligg på kaffebordet.

Likevel, eg har forstått at det er eit eller anna som står for tur. I dag, ein søndag, tvinga eg meg sjølv til å tråkle meg i gjennom politikarvisvas og lesarbrev i Fjuken, for i min heimkommune skal det røystast i morgon. Eg forstår meir av grenser og slikt der, enn kva eg gjer her på vestkanten. Ei slags oppvarmingsøkt.

No har eg fylt opp att kaffekoppen, eg blir alltid litt sleten etter at eg har løyst likningar og forenkla uttrykk. Hjernen prøvar å koke kraft på desse magre beina han har fortært.

Det vart skreve om ekteskap og å spare pengar. Om at ein måtte satse på kvarandre, som i ekteskapet, utan at ein heilt visste kva ein gjekk til, ta nokre sjansar. Nesten slik som ein inngjekk ekteskap mellom gardar, ikkje fordi det var kjærleik i lufta, men fordi det var lønnsamt og fordi ein stod sterkare i lag. Denne samanlikninga gjer at eg, om eg skulle y
røysta i morgon, hadde fått iskalde føter. I dag inngår vi vel ikkje ekteskap på slikt grunnlag, er ikkje det litt avleggs? Eg ville tenkt at det måtte tuftast på likskap, einsarta verdiar og felles livssyn for at lykka skulle gro. Dersom eg var Vågå og skulle gifte meg, ville eg gifta meg mot nordvest… Om eg ikkje var nødd da, eller eg var stormande forelska eller kjende på meg at Sel ville bere meg på gullstol og gje meg alt eg ba om (ikkje berre ta mitt namn).

Men så var det dette med økonomi da, det er nok eitkvart der eg ikkje forstår. Det er pengar å spare på dette. Difor er det nok ikkje snakk om lykkeleg ekteskap og koselege vinkveldar, dette er eit proforma ekteskap der i  alle fall den eine tjener på det.

Som lærar var eg inspirert. Kva med karaktersamanslåing? Elevane kunne bli einige med ein annen i klassen om å dele karakter, for at dei skulle få erfaring med eigenvurdering kunne dei komme med karakterforslag sjølve også, innan to timar. Det kunne vi spara mykje tid og spekulasjonar på. Og ingen kunne komme å klage i ettertid.  Eg tenkjer at dei som pratar høgast og fortast og trakkar på andre ville vinne fram og få meire makt…..

Eg ser for meg framtidas avisinnlegg, skreve av dei som har lært korleis folk kan lurast inn i «gode» avtaler….. Skrinlegg forslaget om karaktersamanslåing, sjølv om det kunne vore lønsamt. Det er ikkje verdt det.

Fyller opp att kaffekoppen.