tirsdag 27. januar 2015

...såg hengerompa si i spegelen...


Derfor skal du lese dette, fordi dusinvis har gjort det før deg.

Du vil ikkje tru det hunden gjer når eigaren får dette energiske innfallet.

 

Det som skjedde da denne 37 år gamle og 80 kilo tunge kvinna såg hengerompa si i spegelen, er berre fantastisk. Lite visste ho om at vegen ho la ut på skulle bli så strabasiøs.

Les heile den utrulege historia og sjå etter- bileta her:

 
Før



Da ho hadde gjort den store oppdaginga  av vedheng, såkalla hengerompe, bestemte ho seg for å ta saka i eigne hender. It's all about that bass, veit du. Ho innsåg raskt at enden hadde nådd nok-punktet (jmfr. P. Fugelli), når det kjem til sofasitting. Ho ville ta opp kampen. Utføre litt haldningsskapande arbeid på seg sjølv. Kledd i gore-tex og hundeluftar-trusa si, ja, du las rett, la ho i veg ut i slapset. Bikkja noko forvirra, over denne bråe endringa i muskelrørsle, men likevel lukkeleg over  bonustur i griseveret. Broddene vart lagt til sides denne kvelden, dei er berre laga for folk over førr likevel. Det var eit feilgrep. Vegen var bratt og hål og smal. Ymse vegparti var så smale, at aktarspegelen måtte møte eventuelle Citroen CV-ar sidevegs. Likevel, dei to kjempa seg framover, over is, sporadiske gruskorn, plutselege berrflekkar og slaps. Trass eit par tilfeller av brå ryggknekk og balanseattvinning, dei klarte det. Halvannen kilometer på tretti minutt.
Tretti minutt etterpå

Vel heime att fekk bikkja eit griseøyre og kjerringa hesja på seg brokje samt retta opp ryggen.

Utruleg.

søndag 4. januar 2015

2015: dag 4

 Ver og føre:

MYKJE snø.
Mykje, mjuk snø.
Mykje, mjuk, kvit snø.
Mykje, mjuk, kvit, djup snø.
Mykje, mjuk, kvit, djup og kald snø.
Snø til knes.
Snø til navlen.
Prøv å unngå største skavlen.

Snø i fjeset.
Snø på snuten.
Smeltevatn ned ryggtavla på guten.

Snø i skoa.
Snø i votten.
Deilig, kaldt på nordkalotten.



























































lørdag 3. januar 2015

2015: dag 3


Ver og føre:
Nysnø.
Tett snøver.
Meir snø.
Glatt innunder.
Hald deg på beina.
Bruk brodder.

Kvardagen nærmar seg etter rekordlang juleferie.
Vekkerklokkeforsmak.
Ladar opp hovudet, skrur av energispar og autopilot.
Stiller inn på kvardag - helg - kvardag - helg.
Lokaliserar skulesekkar og matboksar, ordlister og arbeidskle.
Skrur på sjarme og sosialt vit.
Ønskjer meg sjølv lykke til, med måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag, samt 2015.

fredag 2. januar 2015

2015: Dag 2

Veret:
Regn hagl lyn/torden straumbrot snø.

Eg: Eg tenkjer på deg og ditt.
Du: Kva tenkjer du om meg og mitt?
Eg: Eg tenkjer mitt, om deg og ditt.

Eg freistar å lære fingrane mine eit kvart nytt og musisk.
Fingrane freistar å lære meg nytt om meg og musikk.
Året er ungt, og ser ut til å kunne bli langt.

torsdag 1. januar 2015

2015: Dag 1

Julas siste og årets fyrste ekstremfrukost vart avslutta med kaffi, julekaker og oreokake klokka 1400 i Vågå. I-landsproblematikk til å ta og føle på. Kvalme og mette, godt sukra dei siste par vekene.
Mildver og berre vegar over fjellet. Gråtande snø møtte oss i heimtunet på vestlandet, takrenner som dryp. Tenne treet og vatne det, slik kan det kanskje halde ut til tjuande dag jul.
Snill oppstart av desukring og avsalting, vi startar med berre litt kokesjokolade og litt Ritz-kjeks.