torsdag 26. februar 2015

Dagens interiør:Lyssetting, ein kunstart.

Bruk av lyskjelder på barnerom.

Har du nokon gong kleia deg i skjegget og lurt på korleis du kan bruke kunstig lys for å få boligen din til å framstå som eit gjennomført, stilig designmekka, men likevel med personleg tilsnitt og sjarme?

Du kan gjere mykje berre ved å tenkje gjennom korleis du plasserer lyskjeldene, og kva for aspekt ved rommet du ønskjer å framheve. Du vil bli overraska over kor enkelt dette kan gjerast. Det krev minimalt med tid og ressursar, men gjer stor forskjel.

IKKJE SLIK: Med overdreven lysbruk vil rommet framstå som rotete og uoversiktleg. Det kan gjere det vanskeleg å finne  fram til rommet sitt hovudformål.
MEN SLIK: Rett mengde lys. Rett fokus og fullstendig oversikt.
  

onsdag 25. februar 2015

Trendbilag 2015, maksimal realisme på frammarsj.

Enkel oppussing av gammal stressless.

Drapér klevasken tilfeldig rundt stolen, supplér gjerne med ei fletta korg i pil for å få ein touch av bonderomantikk. Morsomt og spennande uttrykk.

Handarbeidstrenden er komen for å bli, no ikkje berre som noko ein gjer på kveldstid til TV-en, men som borddekor. I kombinasjon med henslengt National Geographic gjev dette inntrykk av globalt fokus og lokal handlekraft.

 Organisk materiale i samspel med velbrukt gjenstand frå mineralriket, tilfører interiøret nærleik til jorda. Fleirbruk og gjenbruk er også vindar som bles sterkare en før. Lat interiøret spegle personlegdomen din, vis at du bryr deg.
 Tradisjonell dandering av lyskjelder er avleggs, tenk liv, tenk nytt, bruk humor. Fortel andre kven du er via interiørstil.
Kvifor ikkje bytte ut puta med ein gul ukulele? Vegen til din indre rytme er kortare enn du trur.
Definitivt god feng shui.
Bruk enkle syltetøyglas til fargeblyantane . Gøym dei bak potteplantane, slik at dei ikkje stel for mykje visuell plass. Lat ungane få leite dei opp, engasjer dei. Lat dei ta ei pause frå data og TV, ungar elskar den praktiske tilnærminga og mor tykkjer det seier så mykje bra om dei som familie......
Lenge har vi høyrt snakk om å utnytte plassen, lat golva vere fri for rot, heng ting på veggen.

"Bruk golva" siglar no opp som det neste, store mantraet.






Mote har alltid vore, 

og vil alltid vere, 

prega av vekslande trendar og mottrendar.


2015 er ikkje noko unnatak!

tirsdag 24. februar 2015

Grunnen til at ein alltid skal betale tannlegerekninga før ein legg ut på skitur.

Ein kan gå frå problema, og at ein og kan gå seg kreativ har eg skjønt for lenge sidan. Det seier også dronninga bak Fjellflyt.no. Eg kjenner ikkje dama, men ho bur i Vågå og eg beundrar ho i løyndom.



Dagen i dag starta bratt, kan ein seie, eg seig ned i tannlegestolen omlag klokka 08.13. Det var ikkje det at eg hadde så mange krater og tette att, berre det vanlege "bruk tanntråd!" og tilpassing av bittskinne, noko liknande dei boksarane brukar i ringen. No er det svært sjeldan at eg entrar slike sportsarenaer, men denne skal brukast på ein annen arena, i senga.
Dette høyrest nok både spennande og privat ut, sett utanfrå. Særleg med Fifty shades of grey som bakteppe og det faktum at ein ikkje inne i den mest fyrrige årstida, korkje klimatisk eller skjematisk. Eg kan love alle, at mannen tykkjer dette hjelpemiddelet ymtar meir frampå om kva som kjem sigande, enn om kva som var, ein annen vår, ei anna tid, eit anna univers.

 Eg er av desse kjerringene som gnissar og bit i søvne, ikkje så mykje på mannen, men på tennene. Dette bidreg i sin tur til stiv nakke og lause tenner, ja eg veit, høyrest utruleg sensuelt ut, men det er heilt feil. Difor har eg no fått slik spesialtilpassa bokseutstyr, de kan tru det er stas.
Og det kan tru det kosta, mykje meir enn det smaka faktisk. Da eg såg rekninga, drog eg veret eit par gongar, litt raskare enn ellers. Før eg klarte å brette fjeset attende i rolege og avbalanserte faldar. Det krevde si kvinne. Eg sette meg inn i bilen, la fakturaen på passasjersetet, drog på meg sjølv selen, rekninga fekk sitje selelaus.

Køyrde rundt noko rådvill fyrst, før eg ringde mannen på jobb for å skrifte og få unnagjort nokre ave Maria. Han er sindig nok til å la det passere i stillheit. Etter skriftinga fekk eg, av den nyutnevnte, katolske presten på yste Fjelli, innvilga ein skitur som trøyst. Eg argumenterte med at årsaka til tanngnissing og bittskinnebehov opphaveleg kom frå for lite skigåing. Det var greitt. (Utruleg grei kar!)

 Ivrig, heiv eg ut søpla, før eg sveiva i gang ei klemaskin og ei oppvaskmaskin, eg fora høns, plukka og vaska egg, for å halde husmorsamvitet på eit minimumsnivå. Deretter var det på med ullundertøy. bukse, jakke, huve, vottar, og sist, men mest av alt, den sexy hundeluftar-trusa. Ein super konstruksjon, eit belte til å feste hundeselen i, som gjer at ryggen blir belasta der han er sterkast, i mitt tilfelle ved overgang til bakende. Kvifor den er sexy attpå må de ikkje spørje meg om, eg berre eig og brukar trusa. Det var seljaren som sa den gav usedvanleg sexy rompe, i tillegg til den reint praktiske funksjonen når ein luftar bikkja. Eg har fortsatt problem med å sjå sexy-nessen i dette utstyret, men eg har ein mistanke om at den er slik "sexy utan at ein sjølv veit det", og det er jo beste sort.
Så eg snodde meg ganske så forførerisk opp mellom snøskavl, gran og rotvelte, eg åleine, i lag med bikkja. Ikkje til å kimse av akkurat. Musklane jobba, og de veit korleis det er, på lag med terreng og snø og ski og stavar. Vi pusta og vi vart varme, og somme av oss spratt att og fram frå eine trestammen til neste, det var ikkje eg.
Eg og fjellskia jobba seigt fram og opp, oppom tregrensa, over delvis pudder, marengs og skare, kokosmasse, melis og alle andre variantar. Utruleg godt var det å få sjå utover att, urøyvd snø og lokkande vardar. Fjord og fjell, arm i fot. Eg såg utover dei kvite vestlandstoppane og drøymde meg heim, innom og bakom fjella. Eg festa noko fjell og ein sjølfi til e-film vhja mobtlf.


Eg drog veret, og eit lite bel var all tannhelseproblematikk borte, som dugg for solen. Brått fekk eg eit syn eg godt kunne vore forutan, dei kvite fjella endra karakter for mitt indre auge. Dei vart til verdas største tanngard, og midt i ein jeksel, der stod eg. Ettersom blikket mitt fylgde tannhalsane ned mot fjordtungene, tenkte eg med meg at tanntråd har dei ikkje brukt korkje i Innvik eller på Hopland og utover. Og toppane såg slitte ut, der grus og vardar kappast om gunst mot den kvite emaljen. Au. Eg snudde tuppane ned att. No er ikkje eg nokon telemarksresar, eg er ein ihuga plogar. Eg renner til og med MED feller, ikkje mykje fart og sjølvtillit å spore. Innbitt. Redd.
Vrangsynet av tannlegerekninga framfor augene mine, dansa som den grønkledde for Gynt.
-Eg skulle ha betalt den før eg tok turen opp og ut!
 Eg staura meg nedover bakkane, trinsene fyrst, så skituppane, stavane og nerkjeften, vekslande skare og marengs. I bakhovudet leika angsten, angsten for å ende opp tannlaus nedmed ein granlegg. Eg forbante meg sjølv i stundens hete, for at eg tok sjølfi med buff framfor tennene. Det kunne ha vore min siste sjanse til å ta sjølfi med sjølvdyrka gebiss.
Og bikkja var min nærasta omsutsperson. (Eit lite augeblikk var eg inne på tanken om at eg hadde løyst sjukepleiarmangelen for all framtid, vi kunne alle bli stelt av topptrente, superintelligente, border-colliar. Da eg i neste sekund kom på at reveenka allereie hadde vore inne på tanken, og hadde dressert ein katt til dette formål, forstod eg at eg var seint ute med den ideen. Og.)

Seint gjekk det også i snøen, bikkja for bekymra att og fram, som for å sjekke om eg fortsatt var ved mine fulle fem, sette ho seg ned og betrakta seilasen på avstand.
Etter okking og stønning og buksering nådde vi allfarveg og sivilisasjon. Eg reiste skia opp attmed inngangsdøra, eg gav sjukepleierska mat og vatn i skåla. Ho takka djupt, åt, og la seg letta ned på matta si. Eg fann meg ein kaffekopp og betalte rekninga. Eg hadde funne sjelefred. Eg hadde funne ut at eg hadde investert i eit fleirbruksprodukt.
 Neste gong puttar eg bittskinna i sekken, den kan vere fin å ha om ein skulle kollidere i den eine bjørka, i himmelsjå.








lørdag 21. februar 2015

Treski eller ikkje treski, det er spørsmålet i dag.

Etter fleire år som kjerring for ein vestlending skulle ein vel snart slutte å la seg fascinere over denne menneskearten, men det er vanskeleg å konvertere heilt når ein kjem innafrå fjella, der sinna har lagt seg for lenge sidan.
I dag starta laurdagen som ein vanleg laurdag på desse kantar, bikkja ville ut, ungane i stilongsen blant Legoen, husfaren drog på seg lagsånda for i morgon er det hopprenn i Bjørkelibakken og det krev førebuing. Sjølv entra eg frukostbordet i bestemor sin stilige, turkise nikkers, den fann eg inst inni kleskåpet bak lycra-tights, strømpebukser og djuptpustande microfleece. Eigentleg hadde eg store planer om å vaske golva mine, i dag og, men så var det desse vestlendingane da. Dei dreg i ein stakkars nisse frå alle kantar.
-Bli med på dugnad!    
-Kom å sjå!
-Gje deg med no!
 -Det blir så kjekt!
-Det e'kje noke å stusse på!

Og denne laurdagen arrangerar dei, av alle ting, TRESKIFESTIVAL i Stryn. Kva er vitsen med det da? Treski, det er slikt vi har liggjande i dungevis på høgehjelljen det. Dei ligg der blant hesjestaur og forrusk, og er så altfor gode til å bli brende og så altfor fånyttes til å bli brukte. Eg som ikkje likar å kaste ting frå fjerne tider, hiv dei uansett ikkje på St.Hans-bålet, eg berre irriterar meg over dei. Slik sett er dette ein svært nyttig festival for mitt vedkomande. No har eg aldri tekje del eller skoda desse treski-entusiastane, eg har ei innebygd tregheit, det tek nokre år før eg hiv meg på slike trendar.
 Likevel, eg har sett desse blide fjesa i avisa og på FB, og undra meg på kva no dette var for slags påfunn. For de må ikkje tru vestlendingane leikar seg berre litt, dei leikar mykje og dei leikar på rett, faktisk heilt på ekte. Her er det kofter og nikkers og strømper og beksaumarar. Og ein skulle tru dette var eit karneval for ungar, men det er heilt feil, det er for alle. Dei vaksne leikar i lag med, på ekte. Og dei ler, og dei går på ski, og dei heiar, skrattar og ser på VM og dei kosar seg, ser det i allefall ut til. Kva veit vel eg, eg har aldri vore der.
Dølamerra sparkar i bakken, lurar på om dette er noko å få med seg, om ikkje anna snuse litt forsiktig på. Ta med seg muleposen sin, så har ho noko å tyggje på, i tilfelle rottefelle.
For å overtyde meg sjølv, tok eg ein dukkert i familiearkivet. Skitradisjonen i mi slekt dreiar seg mest kring brillebruk, piperøykijng og solvegg vil eg tru. Eg er vel mest frå ein søndagsturfamilie, utan høg puls, om puls i det heile tatt. Eg likar godt å vere på skia eg, så lenge det ikkje går for fort i svingane, utifrå arkivfotoa eg fann ligg det til slekta, men dei kan juge veit vi. Ein og annen skimakar har eg i slekta og, stas det. Kven trur du at du er, liksom. Eg trur eg er ein entusiast. Ein historie-entusiast. Ein god-stemning-entusiast. Kanskje ein treski-entusiast? Det kan eg ikkje vete sikkert, spørst om eg lyt prøve.
Kunne godt tenkt meg lyd på desse bileta.
Kva sa bestemor da ho poserte i si turkise, fjonge skidrakt? Kva tenkte min piperøykjande morfar der han sat attmed øksa si? Kva meinte dei to karane i solveggen, eigentleg, om brillene til Ruth i midten? Kva tenkte morfar da han plasserte mi mor i rypesekken for å få ho med på skitur?
Kanskje ein skulle ta seg ein tur til sentrum i dag, for å skape nye, gamle minner frå ei rolegare tid?
Og ære dei gamle skimakerane i slekta si.
Jø og nøfyse.
Det lurar eg jammen på.






fredag 20. februar 2015

Fredagsfokus

Skal ein snu seg å sjå inn i varmen?


Eller ta ei klebrettarøkt før helga kjem i gong?



Uansett:
Kaffe fyrst!


God helg.

torsdag 12. februar 2015

Du er så flink og får til alt, men plutseleg ein dag er det ikkje alt du får fortalt.


Min ven

Redd for å bry meg. 
Med, ikkje om. 
Sit på steinen rett bak deg. 
I ein altfor stor skog. 
Ei gran pustar deg i nakken, 
 redd du lagar store spor. 
 Eg vil legge handa på deg. 
Gjeva deg ryggestø. 



 Redd du ikkje likar at eg bryr meg. 
Berre reiser deg og går. 
 Eg ser rota beint framfor deg,
ser mosen du vil trø. 
 Redd du skal snuble,
kave og blø. 

 Ein rev luktar lunta, 
 følger med der du går. 
Eg sit på steinen attmed råket. 
 Treng du meg så er eg her.
 Skal eg reise meg og trakke,
over bekkesteinane med deg? 

Eg kan la det vere. 
La deg vere i fred. 
Eg vil ikkje bry meg med. 
Eg vil bry meg om.

 Men du kjem så kraftfullt mot meg. 
Slår i luft og spinn i grus. 
 Spyttar stein og svelger hardt. 
Kven er du der. 
Under alt.

Ven


Ruth Maria Tøfte

onsdag 11. februar 2015

Da dette synet møtte mora i gangen, nok ein gong, gjekk ho i seg sjølv.



Kjære ungen min.
Takk for at du rotar i huset.
For at du kastar sokkane i sofaen,
og trakkar dei ned mellom putene.
Takk for at du sparkar skoa til alle kantar i gangen,
før du slepp den snøvåte jakka og buksa rett ned på golvet.
Og for at du kjeftar på og ertar broren din,
som sikkert kan takke seg sjølv.
For at du bli sur når du må rydde opp og støvsuge under senga di,
fordi eg ikkje har orka siste vekene.
Takk for hakket du laga i golvet, den gongen du leikte snikkar,
og eg stod på vaskerommet og reiv meg i håret.
Takk for at du spelar høg musikk med diskutabel tekst,
slik at eg kan moralpreike.
Takk for at du ropar og skrik,
så eg kan rope attende.
For at du lar akebrett og ski snø ned,
så eg må finne fram spaden og ringe ein synsk.
Og at du må vekkjast minst fire-fem gongar,
og leggjast to-tre.
Takk for at du riv ned potteplantar og lar puslespelbrikkene berre ligge,
så eg må skjenne og koste og irritere meg.
For at du protesterar på leksegjering når du heller vil leike,
slik at eg kan tvinge på deg mammahjelp.
Og mange takk for at du hentar ved,
etter mykje mas.
Takk for at du er heilt opplsukt av elektroniske duppedingsar,
slik at eg kan hanke deg inn att.
Og at du tilgjev at eg vart attsnurpa,
da du tulla og skompa ned syltetøyskiva.
Og for at du overser tordenskya mi,
når eg finn epleskrottar i glaskarmane og yoghurtbeger i bokhylla.
Takk for at du kverulerer så eg må tenkje meg om.
Tusen takk for at du er ungen min,
for at du gjer livet mindre systematisk, mindre seriøst, mindre tomt.
For at du fyller romma innafor heimen vår med liv og lyd og meining.
Takk for at du er med å gjer meg til ei heil menneskje,
med bekymringar, gleder, hengepuppar og ureine golv.
Og for at du tvingar meg til å gje f... i det som er mindre viktig,
eg skal prøve å bli enda betre på nettopp det,
utan dårleg samvit for alt anna.
Takk for at eg får vere mamma.
Di mamma.
Mor.