torsdag 14. september 2017

Kvardagstrend: Perfect imperfection, rustikt, edgie og realistisk (mat-, mote-, interiørish innlegg)


Mange spør; 

"Korleis klarer du det? Korleis får du det til å gå i hop? All den oppfølginga, og like forbaska eit strøkent hus? Du imponerer meg! For ein energi, for eit overskot, for eit nydeleg skjørt, du har så god smak, og fortsatt like ung (og ikkje minst slank).
Eg forstår at det kan framstå som overdreven idyll, desse fem strigla småkarane i pressa Ola-bukser og blankpussa sko, utan mjølkebartar og med reine øyre sender eg dei ut av huset og bort på skulevegen, høffelege og greie, alltid. Kranglar aldri. Leksene ligg grundig velgjorte i sekkane,  bøker i gjennomsiktig plast (ikkje av miljøomsyn akkurat, men av omsyn til effektivitet i skulekvardagen.....) Småenglane. Eg ofrar meg heilt for dei. Dei er mitt alt, difor ønskjer eg ikkje at det skal vere noko å pirke på. Dei skal ha det beste utgangspunktet for ei eviglang utdanning, før ei eventyrleg høg lønsutbetaling, og for å få ei mor som kan sole seg i engleglansen."

Om du kjenner meg, litt, tykkjer du kanskje at dette skurrar meir enn vanleg. Det stemmer nok ikkje heilt med verkelegheita dette. Det er rett og slett ikkje heilt min stil, men stil, det har eg, den er berre ikkje slik som den eg skildra ovanfor... Eg har på mange måtar resignert, eg tykte dette familielivet var fantastisk da dei var så små at eg bestemte kvar vi skulle når, og korleis vi gjorde kva og verda var eit hus med fire veggar. Fire veggar som inneheldt alt av tid og leik og vaksentid på kveldane. No, snart fjorten år etter foreldredebuten ser verda annleis ut. Større, for det fyrste. Meir kaotisk, for det andre. Sju menneskje, sju individ, i eit fellesskap, eit kollektiv. I ymse aldrar, frå 5 til 45. Forskjellige interesser, forskjellig arbeidsmoral, forskjellig forhold til interiør, forskjellige preferanser når det kjem til TV-program, klede, husvask, søppelkasting, skitkasting, leksearbeid, fotballspeling, fysisk aktivitet i det heile tatt, opprydding, matlaging, politiske parti. Ymse definisjonar på debatt, diskusjon og krangel.
Og alle desse skulle vore inne i eit felles,  velfungerande skjema. Da må mora vera ein organisatorisk supermakt, noko ho ikkje er. 
Og om mora er i det rett lunet, forbannar ho seg sjølv fordi ho er så mislukka i modergjerninga, og dagen er berre eit krater i ein bugnande kalender. Andre dagar kan ho lytte til Fugelli sine ord, og gje ein lang faen. Og i dag skal ho gjere det, til ære for denne mannen som forlot denne verda i går, men som la att spor av visdom. 



Desse skoa står til dømes i min gang, dei er omlag eitt år gamle, dei er utgåtte, dei er velbrukte og dei er dritgode. Dei har vore akta og æra og utnytta, det kan eg ikkje skamme meg over. Kva andre tenkjer om min elleve-åring i desse skoa, det får vere deira sin sak. Eg likar at han har klart å slite ut eit skopar i 2017, i rike Noreg, der ein bør smykke seg med kvalitet, design og stil.



 
 Middagsbordet vårt, det er så kjekt at vi kan sitje fem minutt i lag før ferja må nåast og fotballkampen spelast. Spennande var korkje maten eller oppdekkinga, men det var mat, god mat, middagsmat. Lite fiksfakseri i grunnen, ikkje utbreidd serviettbruk heller.... Og etterpå, å rydde av dette bordet, det er det kjedelegaste eg veit, og ja; eg veit at det er kjekt etterpå, men det gjev eg blanke i. Det er og blir kjedeleg!
I staden set eg meg i salongen med ein kaffikoppen og prokrastinerer litt, tykkjer eg les dette ordet oftare og oftare. Liksom det gjer det meir stovereint å utsetje til i morgon, det vi kunne og skulle ha gjort i dag, om vi kallar det eit fint ord. 
Eg beundrar bordpynten som eit ungt stylist-team av dei sjeldne har sett i hop. Ei spegling av kvardagen, i eit godt komponert stilleben. Utblåste lys som seier noko om at stemninga kunne vore betre, øyreklokkene som kan stenge ute det ein ikkje vil ta inn og tek inn sjølvvalde tonar, og den desperate apekatten som kastar seg desperat inn i kampen om hårvoksen. Den vesle unselige Lego-klossen som står midt i skotlinja, symboliserer ein barndom som kjenner seg trakka på, oversett og snart forbigått. Besynderleg, tenkjer eg, og tørkar ei tåre.


Alle desse dagar.... Eit dikt som streifar det innanfor luggen min oftare enn eg måtte ønskje. Det går så fort. Eg rekk ikkje å tenkje på alt som skulle vore på stell ein gong. Eg veit sanneleg ikkje om det er verdt å tenkje på heller. Helst er det dei minna vi lagar av vanvare som held mest vatn, dei som var ekte, dei som berre oppstod. Som den fantastiske grillmiddagen vi laga på campingferien i sommar, medan regnet hølja ned, mor og far og bikkje under kvar sin presenning, våte til skinnet og utan ein klar plan. Eller dei sprengkokte, men heimeavla, mandelpotetene, som minner meg om middag hjå bestefar og bestemor. Og bestemor som lot oss få kokke med raudost, gras, mjøl og vatn, og alltid var så snill med oss.
Det minner meg også om middagane heime, med potet og fiskebollar og kanskje gele og vaniljesaus. Før pappa gjekk i fjøsen, eg skulle sitte å utsetje leksene, systra mi skulle gjere leksene, mamma skulle stryke, brette, vaske og bake, broren min min skulle vere cowboy og minsta skulle vere irriterande minst og søt. Leksene måtte eg gjere sjølv, og gløymekryssa måtte eg ta i mot sjølv, dei var mine og eg eigde dei.
Det var kanskje like greitt at eg fekk kjenne på det sjølv, for mamma passa på at kleda mine var reine og pappa var på jobb.
I mitt barndomskollektiv var vi også forskjellige, men vi er fortsatt vener. Heldigvis, og utruleg nok.

Eg må nok berre fortsetje, ein fot framfor den andre. Ein dag hoppar eg fram, skjerpar meg, vaskar, hjelper med lekser, bakar, kokkar, smiler, dansar, ein annan dag er eg trøytt, let oppvasken stå, drikk ein kaffikopp til, let att døra for hardt, orsakar meg, tenkjer meg ned i myra.
For meg er det normalt, og det går da nokonlunde, og ofte ler vi av det, og det er kanskje godt nok, dette, livet, opp og ned, meiner eg.