onsdag 30. november 2016

Fotball. Litteratur- for tullebukkar som ikkje har forstått verda og fotball. Og fotball.



I morgon skal eg lose ei åttandeklasse gjennom deira fyrste norsktentamen, og vi har brukt boka som er nemnt i denne kronikken, som det den er; ei basisbok. Apropos https://www.nrk.no/ytring/norskpensum-pa-villspor-1.13241743
Likevel, trur eg at K. Hoem er tett ved kjernen. Dessverre. Det ser ut til at vi menneske av i dag helst vil jobbe med konkretar, målbare storleikar, handfaste bevis, leireklumpar vi kan forme, noko vi kan ta tida på. Det er vanskeleg å telje strukturar som blir danna inne i hjernane våre, kor mykje perspektiva våre er blitt utvida siste veka, kor mykje flinkare ein er vorte til å reflektere siste månaden. Samstundes går det i rykk og napp.
Eg tykkjer det er ironisk at boka vår heiter kontekst (samanheng) og i norskfaget den samanhengen der ord og uttrykk dukkar opp. Basisboka kontekst omtalar mykje språkteori og -omgrep og den gjer sitt beste når det gjeld å forklare dette. Eg kan nemne at det i tillegg finst minst fire tekstsamlingar frå Kontekst, heldigvis. Om ein berre brukar basisboka, og ikkje samstundes ser teorien i samband med litteratur, blir det gørande kjedeleg!
Vi må ta oss tid til å høyre på, lytte til, snakke og skrive om litteratur i fellesskap, i klassen. Får vi ikkje tid til dette vil dei som ikkje er aktive lesarar heime dette av lasset altfor tidleg. Vi vil skape ein felles referansebakgrunn, noko vi kan bruke som knaggrekke for nye ord og samanhengar. Vi må ha tid til å kose oss med tekstar, sjå alvoret i tekstar, lære elevane å sjå bodskapen bakom orda og dei må få lov å prøve seg som skrivarar, mykje. Kreative og fargerike tekstar, saktekstar, reflekterande tekstar, eksperimentelle tekstar, dikt, korte og lange. Det fine med tekstarbeid er at det ikkje er nokon fasit, det gjer det lite kjedeleg. Skal vi setje eit kreativt fag inn i altfor stramme rammer kjem vi til å miste mykje gode skriveri, det har eg ikkje lyst til å vere med på.
Eg har prøvd å dra ein parallell til fotballen sidan den står så umåteleg sterkt, kva om det  var eit fag i den norske skulen? Ville ikkje det ha vore på sin plass? Den skulle vere grei nok å måle, eller…  Korleis ville læreplanen ha sett ut? Kven hadde tekje på seg denne undervisninga? Korleis hadde det norske samfunnet reagert? Ville vi ha fostra mange nye verdsstjerner på denne måten kanskje, for det er vel dit vi vil? Stjerner i auga, ess i erme, stjernelønningar, stjernebilar, stjernekåkar? Ein kjem ikkje dit om skal fokusere på litteratur og refleksjonar kring mennesket sine herjingar i verda, det må kunne skrivast med kr/ eller £/ eller €/minutt eller…?
 (Kanskje dette er løysinga for eit landslag som skuffar gong på gong? Eg kan sjå for meg at dette vil fremje speleglede, fotballentusiasme og ikkje minst stimulere evnene).
Uansett, i morgon vil eg satse på skriveglede og skrivestøtte og språkleg fundering og graving av gangar i unge hjernebarkar.
:
Læreplan i fotball (for spesielt interesserte)

Formål
Fotball er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Gjennom aktiv ballbruk innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv, og rustes til deltakelse i arbeidsliv og demokratiske prosesser. Fotballfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne ballstyrker, score, få ballen og sentre videre.
Samtidig skal fotballfaget utvikle elevenes ballkompetanse ut fra de evner og forutsetninger den enkelte har. Muntlige ferdigheter, drible- og triksekompetanse er både et mål i seg selv og et nødvendig grunnlag for læring og forståelse av fotballigaer på alle nivå. Faget skal motivere til trenings- og arbeidslyst og bidra til å utvikle gode spillestrategier.
I fotballfaget møter elevene et bredt spekter av spillestiler. Faget bygger på et fotballteori som inkluderer kjennskap til banens størrelse innenfor 5-er, 7-er, 9-er og 11-er fotball, der reglement, samspill og strategi spiller sammen. Elevene skal lære å orientere seg i mangfoldet av fotballkultur, og faget skal gi rom for både opplevelse og refleksjon. I løpet av opplæringen skal de få kjennskap til knottebruk, lærkvalitet, supporterkultur, banekvalitet, løpeteknikk, utvikle evnen til kritisk tenkning og få perspektiv på fotballhistorien. Gjennom muntlig og kroppslig kommunikasjon kan de sette ord på egne følelser og stå fram med meninger og vurderinger. De skal selv utvikle ulike typer ferdigheter med hensiktsmessige verktøy, og tilpasse språk og formtopp til ulike baneposisjoner, borte-/hjemmebane og medier. Etter hvert vil de også kunne fordype seg i spill og bli dyktigere til å samhandle med andre på laget.
Fotballfaget befinner seg i spenningsfeltet mellom det kulturelle og det sportslige, det nasjonale og det globale. Å se norsk fotball, -kultur og resultat i et historisk og internasjonalt perspektiv kan gi elevene større forståelse for det fotballsamfunnet de er en del av. Norsk fotballarv byr på et forråd av Drillofakta som kan få ny og uventet betydning når perspektivene utvides. Fotballarven er slik sett en levende tradisjon som forandres og skapes på nytt, og fotballfaget skal oppmuntre elevene til å bli aktive bidragsytere i denne prosessen.


Grunnleggende ferdigheter
Grunnleggende ferdigheter er integrert i kompetansemålene, der de bidrar til utvikling av og er en del av fagkompetansen. I fotball forstås grunnleggende ferdigheter slik:

Muntlige ferdigheter i norsk er å skape god stemning gjennom å lytte, samtale og tale, og tilpasse språket til formål og mottaker. Utviklingen av muntlige ferdigheter i fotballfaget forutsetter systematisk arbeid med ulike muntlige sjangere og strategier i stadig mer komplekse lytte- og talesituasjoner. Det innebærer å tilegne seg fotballkunnskap ved å lytte aktivt og å forstå og å bruke det muntlige språket stadig mer nyansert og presist i samtale om fotballfaglige emner, problemstillinger og ligaer av økende omfang og kompleksitet.

Å kunne skrive i fotballfaget er å uttrykke seg på fotball på en hensiktsmessig måte. Det innebærer å kunne uttrykke seg med stadig større fotballfaglig sikkerhet på både hovedmål og sidemål.

Å kunne lese i fotball er å skape mening i fotballtabellen på tekst-TV. Utviklingen går fra grunnleggende avkoding og forståelse av tippeligatabellen til å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig mer komplekse EM og VM-kvaliker.

Å kunne regne i fotball er å tolke og forstå informasjon i resultattavlen. Det vil si å kunne vurdere, reflektere over og kommunisere om fotballtabeller, -resultater som inneholder grafiske framstillinger, tabeller og statistikk. Utviklingen i regneferdigheter i fotballfaget innebærer å skape helhetlig mening i stadig mer krevende tabeller der ulike uttrykksformer må ses i sammenheng.


Digitale ferdigheter i fotball er å bruke digitale verktøy, medier og ressurser for å innhente og behandle informasjon, skape og redigere ulike typer fotballrelatert stoff. Og til en hver tid vere oppdatert på siste versjon av FIFA (Pst eller annen TV-spillkonsoll).

torsdag 16. juni 2016

Far vel. Tøffe tider for navlestreng.




Du skulle berre visst kva for krefter du sette i gang, den fyrste dagen i livet. Da du kjende på at verda di var blitt for lita og du tok spenntak i mor sine ribbebein og pressa deg ut i ljoset. Rett etter, låg du der kald og varm og våt og skrikande. Under deg ei morsbringe, som ville sprengjest av takksemd, lykke og lette. Ei bringe som brått fyldest av nye kjensler for eit menneske ho hadde kjent i nokre månader, sjølv om du  korkje hadde vist deg eller laga lyd. Da du sparka deg ut av mors liv og inn i ditt eige, da stod tida stille rundt mor. Det var ein augeblink da verda berre var, verda var berre der.

 I dei neste månadane var verda di forunderleg lita, ei mjuk seng, ei ny bleie, søt mjølk, varme bad i sterke armar og blant hjarte som banka hardare når dei såg deg. Sidan  vart du var kjøkenbordet med leverpostei på skjevebetane, mjølka i tutekoppen og den grisete sølesmekka. Kanskje kom der yngre syskjen til, i det du var i ferd med å tøme kjøkenskåpa for innhald. Eller kanskje da du steig opp på bordet, berre for å dette ned att.

Etterkvart tok du til å søkje utom stovedøra, smake på hjortemøk på plenen eller ete sølekake, begge deler med stor entusiasme, kanskje gjorde du gata utrygg på trehjulssykkel? I barnehagen møtte du andre med liknande interesser, og i lag med dei og dei vaksne voks verda di ved stadig produksjon mjølkekartongdyr.


Plutseleg sat du ved skulepulten, med nytt pennal og skulesekk og vasskjemd hår for anledninga. Du lærte deg å skrive tal og starte o-ane på toppen, du lærte deg å rette opp handa før du fekk lov å prate høgt. Endeleg las du ihopsette bokstavar til ord, og brukte sjølv bokstavar til å lage nye. Du klarte å skrive historier utifrå din eigen fantasi og du rekna kroner og øre.

Samstundes som du lærte av bøker og blyant, lærte du om deg og dei andre. Kven var du og kven var dei, og kven var de i lag. Til sist kunne de reflektere over kven «vi» er og kven «vi» er i denne verda. Og kva de ville gjere her på jorda.

Slik omtrent dit er du komen i dag.

Som ein kalv som skal ut i ljoset for fyrste gong, klar for kalvdans, sol og fridom. Du slit i navlestrengen og vil vere fri, vil snu fjeset mot sola, alldeles utan solfaktor. Leve på kanten, ikkje sjå deg attende. Berre stupe i det, og vere spent på landingstilhøva, utan tanke på korleis du skal kome deg opp att etterpå. Du vil snu ryggen til det kjende og opne armane mot ein større del verda. Ta inn alt, med raust filter. Snuse på nye dimensjonar. Stå åleine i livet ditt og vere kartlesar for deg sjølv. Fri deg frå dei siste, seige lenkjene som bitt deg til mor sitt fang og far sine sterke armar. Du seier hadet, snur deg og spring, vi seier far vel. Og vi meiner nettopp det, far vel og far godt.

I dag skal eg, som lærar, få vere med å seie farvel til ein gjeng med tiandeklassingar og foreldra deira. Ein lærarkvardag er til tider store stablar med tentamenar, men kvar einaste arbeidsdag er menneskemøte. Fine, kloke, unge, redde, glade, smilande, stressa, leie, opplagte, bråkete, stille, trege, raske, gale, søte og rare folk, både i klasseromma, i gangane, i skulegarden og ikkje minst på lærarrommet. Når elevar vandrar rundt i kvardagen din over eit par-tre år er det lett for at det blir spor etter dei. Likeeins kan lærarar setje spor, ein får håpe at dei spora er av den gode sorten. Ein er lærar så lenge ein har elevar, og når dei er store nok fer dei vidare. Om tre år er eg både lærar og mor, og om elleve år har nok fem morkne navlestrengar ført til kronisk hovudverk og innkjøp av GPS-bjøller.

Ei mor er alltid ei mor.

Du skal vete at bak deg står det att eit hjarte i bur, bak ei bringe som hevar seg og  senkar seg. Der inne vil du alltid høyre til, der vil du alltid vere liten, men også uerstatteleg stor. Det hjartet tilhøyrer mor, og det vil helst springe med deg over alt, og i tankane gjer det nettopp det.



Far vel.

søndag 22. mai 2016

Skal vi gifte oss, eller la vere?


Eg er ikkje så avansert  ihopsett, difor slit eg litt med å setje meg inn i all slags politisk lektyre som ligg på kaffebordet.

Likevel, eg har forstått at det er eit eller anna som står for tur. I dag, ein søndag, tvinga eg meg sjølv til å tråkle meg i gjennom politikarvisvas og lesarbrev i Fjuken, for i min heimkommune skal det røystast i morgon. Eg forstår meir av grenser og slikt der, enn kva eg gjer her på vestkanten. Ei slags oppvarmingsøkt.

No har eg fylt opp att kaffekoppen, eg blir alltid litt sleten etter at eg har løyst likningar og forenkla uttrykk. Hjernen prøvar å koke kraft på desse magre beina han har fortært.

Det vart skreve om ekteskap og å spare pengar. Om at ein måtte satse på kvarandre, som i ekteskapet, utan at ein heilt visste kva ein gjekk til, ta nokre sjansar. Nesten slik som ein inngjekk ekteskap mellom gardar, ikkje fordi det var kjærleik i lufta, men fordi det var lønnsamt og fordi ein stod sterkare i lag. Denne samanlikninga gjer at eg, om eg skulle y
røysta i morgon, hadde fått iskalde føter. I dag inngår vi vel ikkje ekteskap på slikt grunnlag, er ikkje det litt avleggs? Eg ville tenkt at det måtte tuftast på likskap, einsarta verdiar og felles livssyn for at lykka skulle gro. Dersom eg var Vågå og skulle gifte meg, ville eg gifta meg mot nordvest… Om eg ikkje var nødd da, eller eg var stormande forelska eller kjende på meg at Sel ville bere meg på gullstol og gje meg alt eg ba om (ikkje berre ta mitt namn).

Men så var det dette med økonomi da, det er nok eitkvart der eg ikkje forstår. Det er pengar å spare på dette. Difor er det nok ikkje snakk om lykkeleg ekteskap og koselege vinkveldar, dette er eit proforma ekteskap der i  alle fall den eine tjener på det.

Som lærar var eg inspirert. Kva med karaktersamanslåing? Elevane kunne bli einige med ein annen i klassen om å dele karakter, for at dei skulle få erfaring med eigenvurdering kunne dei komme med karakterforslag sjølve også, innan to timar. Det kunne vi spara mykje tid og spekulasjonar på. Og ingen kunne komme å klage i ettertid.  Eg tenkjer at dei som pratar høgast og fortast og trakkar på andre ville vinne fram og få meire makt…..

Eg ser for meg framtidas avisinnlegg, skreve av dei som har lært korleis folk kan lurast inn i «gode» avtaler….. Skrinlegg forslaget om karaktersamanslåing, sjølv om det kunne vore lønsamt. Det er ikkje verdt det.

Fyller opp att kaffekoppen.

onsdag 9. mars 2016

Både klump og hjarte i halsen for tiandeklassingane mine.


Eg har til tider verdas beste jobb, andre tider ein stressande jobb, energitappande jobb, ein verdifull jobb og alltid ein meiningsfylt jobb. Eg er lærar, kvar dag, i teorien tre dagar for veka.
Eg kjenner at denne våren vil bli heilt spesiell. Dei siste tre åra har eg fått lære å kjenne eit kull med ungdomar frå ei bygd på Vestlandet. Dei kom frå alle krikar og krokar hausten 2013. Eg kom geispande frå to år som babymamma. Eg har fått sjå korleis små menneske blir unge menneske, korleis dei har strekt seg i kroppane sine, korleis håret har lagt seg annleis, at tankane har tekje nye vegar. Eg har sett ungar bli små vaksne og eg har sett små vaksne ta attarsteg inni barndomen. Korleis menneske søkjer framover mot det nye og ukjende, mot andre menneske, mot kjernen i seg sjølv.
Alt dette har eg fått sjå.
Tør ikkje spørje dei kva dei har sett. Ein morgongretten lærar, ein lærar med skjeten gensar, ein opplagt lærar, ein irritabel lærar, ein glad lærar, ein positiv lærar, ein pessimistisk lærar, ein snill lærar, ein streng lærar, ein engasjert lærar, ein sjenert lærar, ein pågåande lærar, ein trygg lærar, ein kunnskapsrik lærar, ein tydeleg lærar, ein omsorgsfull lærar, ein lærar som har sett dei, ein uklar lærar, ein fortvila lærar, ein kravstor lærar, ein undrande lurar, ein lykkeleg lærar, ein rotete lærar, ein oppgitt lærar, ein sporty lærar, ein lærar med kaffiånde (grøss, det gløymer ein aldri).
Alt dette, og meire til, går eg ut ifrå at dei har sett, og eg tenkjer at det kan vere ein god ting. Ein lærar er ei menneskje. Uansett kven dei har møtt, eg håpar dei sit att med ei kjensle av at ein vil dei vel.
Eg er livredd for at elevane mine skal tru at eg likar dei betre som menneskje, om dei får femmarar og seksarar, det er ikkje slik. Om eg ber dei om å jobbe hardare, skjerpe greiene, så  er det fordi eg vil ha dei til syne fram kva som bur i dei. Ikkje alle er gode i norsk, ikkje alle er gode i matematikk, naturfag eller engelsk, men ALLE ER GODE TIL Å VERE SEG SJØLVE. I å vere seg sjølve kan eg godt gje alle ein seksar, ein svært personleg karakter.

Desse elevane har lært meg noko også, at eg er ein vaksen. Eg ser tydelegare kva krefter som rår i blant dei, det er hormon, det er kjærleik i lufta, det er vår, det er lukta av shampoo i hår, det mopedlappen, det er eksamensnerver, det er spenning, det er venskap. Ein får i blant lyst til å be dei vakne, sjå her, høyr på meg! Eg har noko viktig å fortelje dykk.
Du må halde opp arbeidstempoet, du må tenkje på framtida di, du tek viktige val for livet ditt, akkurat no! Ikkje lat deg styre av forelsking, vanskelege tankar, kompleks, kjærleikssorg, gjengen, kjæresten, foreldre for den del.
Høyrer de? Høyrer de kor vaksen eg har vorte?
Det er skremande!
Eg hugsar sjølv at dette var ikkje noko ein styrte så lett, ein kunne prøve å styre det, men det verka håplaust. Det var som å styre ei vogn dregen av fire, lite samstemte hestar. Det var ein smal veg, med få møteplassar, og trugsmål på alle kantar. Ein ville ikkje bremse, for all del ikkje bråstoppe, skrense litt kanskje, ein var redd og glad på same tid. Og det siste ein ville, var å gå av.

Eg må prøve likevel, no før tentamenskøyret startar rett over påske, og vi ikkje får puste ut att før i juni:
Stå løpet ut, dette er viktige månader! Når denne tida er over kan du puste ut, klappe deg sjølv på hovudet og vere stolt over at du gjorde ditt beste, og det er godt nok. Ingen kan tvinge dykk til å gjere ein innsats for dykk sjølve ( i alle fall ingen vaksen), men du kan, du må, vere den som gjer det. Du er så stor at du må ta eit større ansvar sjølv, det er skummelt og det er fint.
Det er fridom, og med fridom føljer ansvar.

Eg veit de ikkje vil sjå dykk attende, men eg kjem til å stå her og sjå etter dykk, med tårer i augene å håpe at det går dykk vel.
Hugs at du ikkje skal plage andre, men du skal vere grei og snill og ellers kan du gjere som du vil, stort sett.
Køyr pent, eg bryr meg om deg.

Helsing ein norsklærar, som møter våren med skrekkblanda fryd.
Ein kyllingoppdrettar som føler ho har sett ein del egg på ruging, og dei vil alle klekke i midten av juni.
(Og eg kan garantere at de finn skrivefeil i denne teksten, om de leitar! ;-) Ein lærer så lenge ein har elevar).

søndag 28. februar 2016

Gå opp din egen veg




I dag har det vore ein god søndag, ein ekstra god søndag. Vi slapp å setje oss i bilen for å finne snø, den låg i dungevis heime på tunet.
Gangen vår etter ein vellykka søndag i februar
Det har ikkje snødd det slag i dag, men likevel er det større dungar no enn på morgonen, sidan vi heldt på å få takraset i hovudet i eittida.

Oppkøyrde løyper og preparerte bakkar er artig det, og all ære til dei som legg til rette for den slags, men personleg, og heilt på grensa til privat, eg er umåteleg glad i stille,  einsame løyper der ikkje så altfor mange ferdast. De lyt helst ikkje misforstå meg, eg likar folk, men eg er ikkje av dei som kunne budd årevis i kollektiv eller på internat. Tru meg, eg har prøvd begge deler, og det er heilt greitt, så lenge du veit det ikkje varar evig. Apropos internat, slik vi bur no er det mest som om eg har produsert min eigen internatgjeng, men dei tek ikkje kleda sine ned i vaskekjellaren heilt av seg sjølv, dei føljer ikkje lista når det kjem til kjøkentjeneste og dei vaskar ikkje romma sine utan diskusjon.

Slik er no det.

Ski og snø, det er ein makalaus kombinasjon, at to fjøler og noko vatn i halvfast form kan gje så mykje lykke, det skal ein ikkje kimse av. Ungane har trakka og preparert hoppbakkar og kuleløyper på jordet, gått inn att og ete Corn Flakes, før det bar ut att. Slik at dei vann ei økt til før
fotballkampen på TV. Slikt får meg inn i nostalgiske tankerekkjer, eg drøymer meg heim bakom fjella til min eigen barndom. Kjensla av nye ski, bakglatte ski, nysnø, klabbete ski, snø ned med kragen, snø i hetta, snø i fletta, snø i skoa, gamasjer, uoppgådde løyper, sjølvtrakka bakkar, sløyfa rundt huset som ein sprang  både før og etter middag for å samle kilometer til distansemerket.
Falma av tida står dei att som gode minner, romantiske minner, kalde tåfisar og for korte stavar eller våte vottar er gløymt, heldigvis. I mi tid gjekk eg på ein liten grendeskule med få elevar og ein lærar, i klassa mi gjekk ein gut og eg, i klassa over var det ein elev, i klassa under varierte antalet frå tre til ein. Når snøen låg på skuleplassen var det høg aktivitet i friminutta, det var aking og leiking og skigåing. Vi hadde skidagar på jordet til grannen, vi fekk laga orgeltramp, kuleløype, hinderløype, hopp og utfor og skiskyting med erterposar. Eg hadde ein blå termos med godt sukra te og ein matboks i metall som ønskte meg «god dag», oppi der fann eg raudostskjeva mi eller den med svartpølse og agurk.

Slik var det.

Ved endt skuledag gjekk eg løypa over jordet heim att, eller i vegkanten om der ikkje var strødd. Da eg tok til i fjerde klasse måtte eg setje meg på bussen for eit kvarters transport ned til sentrum, det var heilt greitt det, eg var klar for den store verda, eller i alle fall delvis erobring av verda innanfor ein radius på 8 kilometer. Ein gler seg alltid til nye epoker i livet, vi vil alle framover mot ein ny kvardag, som ung og som vaksen. Denne helga har eg lurt på om eg snart går inn i alderdomen, for tankane har gått i ring og attende til tidlege skuledagar, vi får håpe det er forbigåande. Eg vel å setje det i samanheng med at ungane blir større og tek seg fram på eiga hand, stort sett.

Han som etterkvart vart jaga inn foran meg i livssporet hadde liknande barndomsminne, sjølv om det kanskje ikkje var det fyrste vi utforska ved kvarandre. Han har også gått på ein liten skule på andre sida av jordet til grannen, han gjekk også på ski til skulen.

Sidan gutane i dag var mest opptekne av å lage eigne skispor, fekk eg gråte meg til litt åleinetid med gubben sjølv. For meg er det stusseleg å sjå kvite urøyvde bøar, utan eit einaste skispor, det er da retteleg DET dei er til på vinterstid. Aking, renning, hopping og trakking og kvardagsskigåing. Over formiddagskaffien fekk eg overtala han til å bli med meg å gå opp sin gamle vinterveg til skulen, skiløypa til skulen på Fjelli. Han er ganske grei, og ikkje spesielt vanskeleg å be. Vi fekk på oss dei breie fjellskia som låg på låven, type Madshus og Åsnes, bakglatte og fæle. Utan smørning, men det gav berre ein ekstra piff til det som skulle koma. Medan ungane leika og tulla rundt huset, smaug vi oss inn mot trea ved elva. Tung, våt og djup snø, og glatte sålar. Ned i elva og opp att på hi sida, rett nok etter noko møde i laus snø.
Så bar det over grannebeitet, forbi ei gammal utløe, over og opp på andre kanten. Sidelengs ferdast vi her, måtte trakke skikkeleg slik at det kunne setje seg til neste tur, vart nok fint for fiskebeinarar som kjem etter.
Vi skreva over eit godt nedsnøa led, kjerringa datt og hekta skia og fekk ein kvist i fjeset. Deretter opp på neste bø, der ser ein ned på Nordfjorden og over til Utvik. Ein ser hovudvegen frå eit heilt anna perspektiv. Ein skulegut såg nok heile verda si i eit nytt perspektiv, på denne måten. Sjølv eg som er vaksen, såg plutseleg den nye heimplassen min i eit nytt ljos, der eg stod nedanfor lada hass Oddleiv. Der hadde eg aldri vore før.

Eg likar tanken på at alt det nære kan vera så annleis, om ein berre ser det frå ein annen kant. Det er dette som gjer ein heimplass til noko spesielt, alle dei hemmelege plassane og ukjende snarvegane.

I dag køyrer vi bil på vegen, att og fram, opp og ned, hit og dit, køyrer vi. Det er så lettvint. Det som før var snarvegar er vorte sære omvegar, som gror att og blir gløymt. Det morosame med slike små skiløypestubbar, med gamal praktisk verdi, er at dei bur inni hovudet på dei som ein gong brukte dei til skulen kvar dag. Dei smeltar kvar vår og kjem att neste vinter, heilt til ein sluttar på skulen og ingen treng dei lenger.

Eg trur eg treng dei. Eg treng å sjå korleis mine sambygdingar kom seg til skulen for 30-40 år sidan, det fortel meg litt om deira oppvekst og om deira sitt innsyn i lokal geografi. Difor er mitt påskeønske 2016 at alle sambygdingar går opp skulevegen sin, frå eiga tun og ut til gamleskulen (som ikkje lenger er der), eg ser for meg eit manuelt trakka skispor frå eine enden av bygda til den andre. Spor med forgreininger til kvart einskild gardstun. Draumen min er at eg kan gå ut på tunet i påska, trakke inn i skia mine og gå over bø og gjennom skog, og finne ein solvegg for ein kvikk lunsj. Traske vidare til eg kjem inn på eit tun der dei har skihopp utanfor kjøkenglaset og appelsinane sit laust.
Akk ja sann.

Eg veit eg er i det nynasjonalromantiske hjørnet, eg berre blir slik av og til, når det er helg, og det er snø og eg har gode ski. Når det er nemnt, midt i alt kav for å komme opp og ned i snø og kvist peip det superhypermoderne armbandsuret meg inn i notida, eg hadde nådd dagens aktivitetsmål. Sjølvsagt, ikkje rart dei generelt sett var sprekare før i tida. Og det var ikkje nødvendigvis fordi dei var aktive skiløparar, berre vanlege nordmenn, fødde med ski på beina i ulendt terreng. Ikkje så altfor langt frå ein grendeskule.

Ver så grei,

trakk opp ditt eige skispor.

Gå etter ditt eige minne.

Eg vil så gjerne sjå det du såg.

Takk for innsynet, kjære husbonde.

Du er grei.

torsdag 21. januar 2016

Jokerspeling i etterjulskropp

- Eg har tekje av 4 kilo!


Trene R. Heiletida: Så bra!  Godt jobba, da har du vore flink, stå på dette klarer du. Du ser fantastisk ut. Bra for deg.
Ego Ghar Mensynerikkje: Berre 4!? Det må da vere meir?
Skulle E. Gha Hjort-Og: Så flink du er, eg er så lat eg, orkar ingenting.
Erberre Sureg: Sikkert kjekt det, pass deg så dei ikkje kjem att.

- Eg har gått opp fire kilo.


Trene R. Heiletida: Nei da, i såfall er det berre å komme seg ut. Ein kan for det sjølv veit du.
Ego Ghar Ogdesyner: Heldig du da, ein ser det ikkje på deg. Heilt lik deg!
Skulle E. Gha Hjort: Heldige du da, eg et og et og et...Går ikkje opp. Berre skinn og bein, har ikkje puppar eg.
Erberre Sureg: Eg ser det, dei blir sikkert verande og, ikkje lett når ein fyrst dett oppi smultgryta.


Kva skal eg velje? Skal eg gå opp eller ned?


Eg skal uansett halde kjeft om det!