fredag 24. mai 2019

- Apropos drit-ungar som skulkar skulen for å «streike for miljøet»


-      

Er det det dei er, drit-ungar,  desse tenåringane som skriv tafatte plakatar og reiser frå skulen for å demonstrere for miljøet vårt, er det berre skinn-engasjement, tull og tøys og unnasluntring? Korleis møter vi dei? Som foreldre, som lærarar, som vaksenpersonar? Bles vi ut i lufta, himlar vi med augene, går vi berre utifrå at alle leikar engasjerte for å springe rundt i sentrum og vifte med plakatar? Ber vi dei om å skjerpe seg, at dette berre er tull, at dei berre ser det som ei moglegheit for å lure seg unna pliktene sine? At det går utover fråværet deira? At dei heller kan gjere noko fornuftig? At dei bør skjerpe seg og pugge gloser, eller lære seg dei femten fyrste stoffa i det periodiske system fyrst?

Eg trur i såfall at vi gjer oss sjølve ei bjørnetjeneste. Vi bør ta det minste teikn til engasjement alvorleg, vi må sjå dei djupt inn i augene å seie: «så bra at du bryr deg om dette», vi må for all del ikkje avfeie dei og føyse dei vekk, å seie «dette er tull». Det er IKKJE tull, og det må takast på alvor! I andre høve tykkjer vi ungdomen manglar engasjement, er navlebeskuande materialistar, mest opptekne av å halde oppe striken på Snap-chat, mobil, playstation og Paradise Hotel. Det også berre «tull og vås», ifølgje oss. Vi tykkjer det manglar tak i dei, at dei nesten er blitt for snille, greie og veloppdregne, at dei har det for godt, at dei manglar perspektiv og at dei berre ser deg sjølve.
Om tenåringen ymtar frampå om at han eller ho skal streike for miljøet så tykkjer eg at vi skal støtte dei som foreldre, men ikkje berre ved å seie «køyr på, streik i veg», eg trur dei treng meir støtte enn som så. Dei er så redde for å skuffe skulen og foreldra, dei er så lojale at dei ikkje veit ut og inn av sitt eige engasjement. Eg trur vi må fortelje dei kva vi forventar av eit slikt engasjement, kva det betyr å aksjonere, det å gå i lag og protestere. Vi må vise at vi respekterer saka deira, og at vi tenkjer det dei driv med er viktig, og vi må forvente at dei meiner noko med det.

Som lærar bør eg ta i mot dette med opne armar, få augene opp frå årsplanen som var lagt i august, gripe sjansen til å lære dei meir enn noko pensumbok kan lære dei. Og om dei unge, tilsynelatande, nyttar dette som er orsaking for ein ekstra fridag, ta ein prat med dei. Ta dei seriøst, spør korleis dei har tenkt å organisere seg. Her er ei gylden moglegheit til å lure dei inn i samfunnsdebatten, lære dei om organisering og om demokratiske prosessar og korleis ein kan påverke. Ein bør hive seg rundt og hjelpe dei. Vi kan ikkje berre blåse av dei og seie at dette er tulleri dei lagar til for å sleppe skulen. Tru at det ligg meir bak, dei anar berre ikkje korleis dei skal organisere aksjonen, dei har ingen leiar, dei har kanskje aldri hatt bruk for å demonstrere før. Dei har hatt foreldre som har snakka deira sak gjennom heile barndomen, dei har kanskje ein tettare relasjon til foreldregenerasjonen enn kva vi hadde før og dei kjenner kanskje på eit større press om å innfri og å ikkje skuffe foreldra. I blant klagar vi på at dei gjer for lite opprør. At dei sit på snap og sosiale media, det reagerar vi på, men vi let det halde fram med ymse modifikasjon. Når dei viser det minste teikn til å bry seg om noko viktig så ler vi av dei, og tykkjer dei skal skjerpe seg, når det er akkurat det som kanskje kan skje; at dei skjerpar seg! Viss vi snur oss mot dei, seier; «JA! Dette er bra, kom igjen. Kvifor engasjerer dette deg? Kven er det som må få beskjed? Korleis når det ut med bodskapen!? Korleis kan de organisere dykk for å bli høyrt?»
Slik eg ser det, er dette eigentleg ei gavepakke for skulen. Går ein inn på utdanningsdirektoratet sine sider, finn ein både gjeldande og kjerneelement for komande læreplan, og eg finn dekning for å bruke dette i undervisninga i dei båe.

Når det gjeld formålet med norskfaget i den gjeldande læreplanen står det:

Norsk er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Gjennom aktiv bruk av det norske språket innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv, og rustes til deltakelse i arbeidsliv og demokratiske prosesser. Norskfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar.  

….
Gjennom muntlig og skriftlig kommunikasjon kan de sette ord på egne tanker og stå fram med meninger og vurderinger. De skal selv produsere ulike typer tekster med hensiktsmessige verktøy, og tilpasse språk og form til ulike formål, mottakere og medier. Etter hvert vil de også kunne fordype seg i faglige emner og bli dyktigere til å formidle et faglig innhold til andre.

(https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Formaal)


Munnlege ferdigheiter skal dei også tileigne seg:
Norskfaget har et særlig ansvar for å utvikle elevenes evne til å mestre ulike muntlige kommunikasjonssituasjoner og kunne planlegge og framføre muntlige presentasjoner av ulik art.

Kjerneelementa for den nye læreplanen, som kjem hausten 2020, ligg allereie klare og det er ingen grunn til å ikkje vere proaktive i høve den. Her ligg også gode føringar for korleis vi skal rettleie dei unge inn i verda utanfor skulen:
Barn og unge må også forberedes til å ta vare på seg selv og hverandre, kunne forstå og håndtere og bygge gode relasjoner med mennesker rundt seg, og bli aktive og deltakende medlemmer av samfunnet, sier Sanner.
…, demokrati og medborgerskap og bærekraftig utvikling skal være tverrfaglige temaer i de nye læreplanene. Disse temaene går på tvers av fag, slik at de dekkes over flere fag der det er naturlig. Temaene tar utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringer og dilemmaer. Elevene skal forstå sammenhengen mellom handlinger og valg, og hvordan de kan finne løsninger gjennom kunnskap og teknologi.

Her er absolutt belegg for å ta dei på alvor, vi lærar må kunne vere såpass fleksible og vakne at vi tek denne ballen når den kjem susande, tykkjer eg.  Eit naturleg engasjement, rundt ei aktuell og viktig sak, ei sak vi kan bruke som knaggrekke for teori vi finn i lærebøker, retorikk, demokrati, miljølære, organisering, samfunnslære, fortid, samtid og framtid med mykje meir.

Kan hende det er vi vaksne som må skjerpe oss, dra nasa og skjegget ut av postkasse og navle, og sjå om det ikkje var akkurat dette vi sjølve etterlyste? Vi må velje å tru på dei, om dei kjenner at vi tek dei på alvor er eg viss om at dei også kjenner på seg at vi ventar meir av dei, enn berre «skulking for miljøet». Dei er i streik, og der er ein forskjel.

Rutta, 
direkte inne frå hengekøya i skogen, 
vil ikkje vere ein drit-vaksen