torsdag 16. juni 2016

Far vel. Tøffe tider for navlestreng.




Du skulle berre visst kva for krefter du sette i gang, den fyrste dagen i livet. Da du kjende på at verda di var blitt for lita og du tok spenntak i mor sine ribbebein og pressa deg ut i ljoset. Rett etter, låg du der kald og varm og våt og skrikande. Under deg ei morsbringe, som ville sprengjest av takksemd, lykke og lette. Ei bringe som brått fyldest av nye kjensler for eit menneske ho hadde kjent i nokre månader, sjølv om du  korkje hadde vist deg eller laga lyd. Da du sparka deg ut av mors liv og inn i ditt eige, da stod tida stille rundt mor. Det var ein augeblink da verda berre var, verda var berre der.

 I dei neste månadane var verda di forunderleg lita, ei mjuk seng, ei ny bleie, søt mjølk, varme bad i sterke armar og blant hjarte som banka hardare når dei såg deg. Sidan  vart du var kjøkenbordet med leverpostei på skjevebetane, mjølka i tutekoppen og den grisete sølesmekka. Kanskje kom der yngre syskjen til, i det du var i ferd med å tøme kjøkenskåpa for innhald. Eller kanskje da du steig opp på bordet, berre for å dette ned att.

Etterkvart tok du til å søkje utom stovedøra, smake på hjortemøk på plenen eller ete sølekake, begge deler med stor entusiasme, kanskje gjorde du gata utrygg på trehjulssykkel? I barnehagen møtte du andre med liknande interesser, og i lag med dei og dei vaksne voks verda di ved stadig produksjon mjølkekartongdyr.


Plutseleg sat du ved skulepulten, med nytt pennal og skulesekk og vasskjemd hår for anledninga. Du lærte deg å skrive tal og starte o-ane på toppen, du lærte deg å rette opp handa før du fekk lov å prate høgt. Endeleg las du ihopsette bokstavar til ord, og brukte sjølv bokstavar til å lage nye. Du klarte å skrive historier utifrå din eigen fantasi og du rekna kroner og øre.

Samstundes som du lærte av bøker og blyant, lærte du om deg og dei andre. Kven var du og kven var dei, og kven var de i lag. Til sist kunne de reflektere over kven «vi» er og kven «vi» er i denne verda. Og kva de ville gjere her på jorda.

Slik omtrent dit er du komen i dag.

Som ein kalv som skal ut i ljoset for fyrste gong, klar for kalvdans, sol og fridom. Du slit i navlestrengen og vil vere fri, vil snu fjeset mot sola, alldeles utan solfaktor. Leve på kanten, ikkje sjå deg attende. Berre stupe i det, og vere spent på landingstilhøva, utan tanke på korleis du skal kome deg opp att etterpå. Du vil snu ryggen til det kjende og opne armane mot ein større del verda. Ta inn alt, med raust filter. Snuse på nye dimensjonar. Stå åleine i livet ditt og vere kartlesar for deg sjølv. Fri deg frå dei siste, seige lenkjene som bitt deg til mor sitt fang og far sine sterke armar. Du seier hadet, snur deg og spring, vi seier far vel. Og vi meiner nettopp det, far vel og far godt.

I dag skal eg, som lærar, få vere med å seie farvel til ein gjeng med tiandeklassingar og foreldra deira. Ein lærarkvardag er til tider store stablar med tentamenar, men kvar einaste arbeidsdag er menneskemøte. Fine, kloke, unge, redde, glade, smilande, stressa, leie, opplagte, bråkete, stille, trege, raske, gale, søte og rare folk, både i klasseromma, i gangane, i skulegarden og ikkje minst på lærarrommet. Når elevar vandrar rundt i kvardagen din over eit par-tre år er det lett for at det blir spor etter dei. Likeeins kan lærarar setje spor, ein får håpe at dei spora er av den gode sorten. Ein er lærar så lenge ein har elevar, og når dei er store nok fer dei vidare. Om tre år er eg både lærar og mor, og om elleve år har nok fem morkne navlestrengar ført til kronisk hovudverk og innkjøp av GPS-bjøller.

Ei mor er alltid ei mor.

Du skal vete at bak deg står det att eit hjarte i bur, bak ei bringe som hevar seg og  senkar seg. Der inne vil du alltid høyre til, der vil du alltid vere liten, men også uerstatteleg stor. Det hjartet tilhøyrer mor, og det vil helst springe med deg over alt, og i tankane gjer det nettopp det.



Far vel.