tirsdag 15. september 2015

Eg må tøyle min indre rasist...


Inne i meg sit ein liten,
redd rasist. 

Denne passar eg på å fore dårleg.

Den sit der heilt stille, 
inst inni ei krå.
Livredd. 

På dagar da alt er tungt, hønene er rømt, ungane ikkje finn skoa sine, bikkja har pissa inne og katten likeså, er denne vesle tassen framme og tittar ut gluggen. Eg får ikkje tida til å passe på han. Viss eg da er så uheldig at eg sjekkar nettet og får opp saker med særs ivrige islamistar, som denne vesle rasisten da får ferten av, kan han springe rundt der inne og slå hovudet i veggen og skrike ut i frykt. Han freistar å få meg til å tenkje på at ungane mine må vernast og skjermast frå alt dette som skjer ute i verda, han seier at dei kjem for å drepe.
-Dei vil drepe ungane dine, seier han. Eit lite bel blir eg betenkt.
-Verkeleg? Meiner du det, trur du det?! Eg blir og skremd. Kan det vere slik? Ungane mine er vel trygge for ondskapen i verda. I alle fall her heime, bak fjell og djupe dalar. I alle fall om vi ikkje let nokon inn. Byggjer høge murar og tunge portar.
            Heldigvis er det noko anna der inne og, noko som snakkar til meg, litt strengt, når det trengs.
-Kva med dei andre ungane da, desse som sit på ei luftmadrass midt ute på havet og klamrar seg til den glatte og våte gummien, fordi det er absolutt det einaste dei har. Kan det verkeleg vere slik at desse ungane vil komme hit og drepe ungane dine, Ruth Maria?
-Nei! Eg trur ikkje det. Eg trur ikkje at foreldra deira sender dei ut på havet for å døy, eller overleve slik at dei kan komme her å drepe. Det gjev inga meining.

Og om så skulle vere at ein og annen ekstremist frå eit eller anna religiøst opphav hadde til hensikt å drepe, skulle det gjere at eg ville la vere å sjå at desse ungane treng hjelp frå meg? Er eg naiv og dum da?
Når ungane mine kranglar, ein sjeldan gong (...), dei stengjer kvarandre ut og inne, det blir mykje valdeleg bråk av slikt. Har aldri sett at det blir vald og tumultar når dei er i godlune og inkluderer kvarandre, når dei spør om dei andre vil vere med, når dei spør om dei skal hjelpe til og når dei spør kvarandre om det går bra og trøystar kvarandre. Når dei snakkar skikkeleg saman går det heilt fint.
Difor ser eg helst at ungane mine veks opp i eit samfunn som inkluderer, hjelper og tek felles ansvar for å hjelpe der det trengs. Og om det ikkje finst noko å hjelpe seg med der dei er, må dei få kome hit. Vi er her i lag, på denne eine jorda, som ein art.
Eg vil mykje heller at vi skal døy ut i trua på medmenneskelegheit, enn at vi skal leve lenge, åleine, i landet med stengde dører og kalde skuldrar.
Eg unner ikkje ungane mine å leve i eit slik samfunn.


Eg vil vere dum og naiv og elska, forelska og glad, og varm i hjertet.