torsdag 16. april 2015

Eg tek sterk avstand frå tobakk i innrøykte underbukser! Om feil signal og velstand

Dagens store bekymring over fem koppar brasiliansk kaffi og sesongegg frå Anthon B.

Etter obligatorisk smugrøyking i unge år, konvertering til vasspipe og frukttobakk tidleg i tjueåra er og no heilt avvendt og fulltids-vassdampsjunkie. Eg veit kvar eg står. Eg vil heller få tusenvis av syrere på døra, enn å måtte røykje ein tjuepakning.
Grunna tilårskomen kondenstørketrommel er eg redd eg har sendt ut heilt feil signal i dag.
Eg bur i eit velstandsland, det betyr at ungane mine har så mykje klede at eg ikkje anar kvar eg finn to like sokkar. Eg veit heller ikkje om vi har to like sokkar, men vi har sokkar, i hopetal. Sjølvsagt lyt ein, i slik velstand, ha hjelp med klestørken, så vi har kosta på oss eit slikt elektrisk maskineri. (Om det ikkje forureinar vel mykje? Ikkje noko å snakke om, vi er så få her til lands, som å pisse i havet har eg høyrt).
Det berre måtte bli slik, ellers måtte vi ha hengt opp klede, morgon og kveld, kvar dag, heile veka. Det gjekk ikkje lenger utan. Vi måtte prioritere å leve litt og, det var harde kår utan tørketrommel frå Miele.
No er den altså begynt å bli gamal og full av rusk og rask frå x antal programgjennomkøyringar. Her om dagen rauk det da eg opna døra og tok ut ei samling av familien sine, meir eller mindre musetne, underbukser. Dessverre dekkjer ikkje innbuforsikringa vår røykskadde underbukser. Miele kan ikkje saksøkjast, det stod visst eit eller anna med lita skrift, om vedlikehald og rutinemessig reinhald av kvitevara.
Kven har vel tida til slikt?

I dag har eg difor undervist elevane mine i røykskadde underbukser, sendt ut signal om at det er kult å røykje i nettoen. Det er berre så feil. Ikkje berre står ryktet mitt på spel, men eg må erstatte 20 truser med pengar frå eiga lomme.

 Eg er så glad eg bur i Noreg, her eg kan få dei nestenbillig på H&M. Slik at det ikkje treng å gå utover matbudsjett, kosekle-budsjettet, designbrille-budsjettet, ski-budsjettet, frisørbudsjettet, bittskinne-budsjettet, godteribudsjettet, feriebudsjettet, pensjonssparinga og hyttesparinga, fotolinsebudsjettet, dieselbudsjettet og fotballskobudsjettet. Og heldigvis så har eg betalt min skatt, slik at eg kan hente insulin på apoteket utan å dra eit einaste kort......


I grunnen mest bekymra for ryktet mitt.





tirsdag 14. april 2015

I blant kjennest alt heilt feil....

...ein klarer berre ikkje å setje fingeren på kva som gjer det.

Eg stod opp, lufta bikkjene. Åt frukost. Leverte i barnehagen.
Kom heim att. Gjekk ein tur med hundane, før eg entra hola for dagens dont.
Det er noko eg har gløymt. Gløymt å setje på P1, gjer det. Ryddar ut og inn av oppvaskmaskina, hmmm...nei, eitkvart er fortsatt ikkje på plass i kvardagen. Går på vaskerommet, tømmer og fyller maskin og såpekammer.
Pressar 'ON'. Endeleg. Passerar klehaugen, nikkar attkjennande. Nei, noko er det likevel. Litt kaldt. Gløymt å fyre. Fyrer. Held nok på å få feber. Sjølvsagt, eg skulle setje brøddeig. Gjer det. No skal eg finne ro i sjela til klebrettinga.
Roa kjem ikkje. Frys.
Lagar meg ein kaffikopp, må grunne på dette over eit kolibriegg til halv pris.
Og midt i kolibriegget, til halvblodpris, kjem eg på kva som ikkje er der det skal.

Kjerringa har gløymt å ta på seg BH.
Saken er no biff.
Ha ein vidare godt oppheita tysdag!