onsdag 11. februar 2015

Da dette synet møtte mora i gangen, nok ein gong, gjekk ho i seg sjølv.



Kjære ungen min.
Takk for at du rotar i huset.
For at du kastar sokkane i sofaen,
og trakkar dei ned mellom putene.
Takk for at du sparkar skoa til alle kantar i gangen,
før du slepp den snøvåte jakka og buksa rett ned på golvet.
Og for at du kjeftar på og ertar broren din,
som sikkert kan takke seg sjølv.
For at du bli sur når du må rydde opp og støvsuge under senga di,
fordi eg ikkje har orka siste vekene.
Takk for hakket du laga i golvet, den gongen du leikte snikkar,
og eg stod på vaskerommet og reiv meg i håret.
Takk for at du spelar høg musikk med diskutabel tekst,
slik at eg kan moralpreike.
Takk for at du ropar og skrik,
så eg kan rope attende.
For at du lar akebrett og ski snø ned,
så eg må finne fram spaden og ringe ein synsk.
Og at du må vekkjast minst fire-fem gongar,
og leggjast to-tre.
Takk for at du riv ned potteplantar og lar puslespelbrikkene berre ligge,
så eg må skjenne og koste og irritere meg.
For at du protesterar på leksegjering når du heller vil leike,
slik at eg kan tvinge på deg mammahjelp.
Og mange takk for at du hentar ved,
etter mykje mas.
Takk for at du er heilt opplsukt av elektroniske duppedingsar,
slik at eg kan hanke deg inn att.
Og at du tilgjev at eg vart attsnurpa,
da du tulla og skompa ned syltetøyskiva.
Og for at du overser tordenskya mi,
når eg finn epleskrottar i glaskarmane og yoghurtbeger i bokhylla.
Takk for at du kverulerer så eg må tenkje meg om.
Tusen takk for at du er ungen min,
for at du gjer livet mindre systematisk, mindre seriøst, mindre tomt.
For at du fyller romma innafor heimen vår med liv og lyd og meining.
Takk for at du er med å gjer meg til ei heil menneskje,
med bekymringar, gleder, hengepuppar og ureine golv.
Og for at du tvingar meg til å gje f... i det som er mindre viktig,
eg skal prøve å bli enda betre på nettopp det,
utan dårleg samvit for alt anna.
Takk for at eg får vere mamma.
Di mamma.
Mor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar