fredag 29. august 2014

Vaksen?

På veg inn i fabrikken.
Klar for det nye.
Kjem aldri ut att.

Går langsmed vindauga.
Kikkar ut.
Let opp glaset.

Hoppar ikkje ut.
Blir.

Lykka er normal



Lykka er normal
-eller er den eigentleg det?

Sonen min sat over leksene ein dag og filosoferte.
- Eg er den einaste i klassa mi som ikkje er normal, sa han.
- Kvifor det? Kva meiner du?
- Jau eg er den einaste som går rundt med pumpe og har diabetes, sa han.
- Ja det er sant, men du er da normal for det, det er vel ingen av dykk som er heilt like?

I mitt stille sinn tenkjer eg vidare, ”normal” ja, kva er det?
Og ”vanleg”, kva er vanleg og kva er uvanleg. I ei skuleklasse, ei normal skuleklasse vel og merke, fins det ingen elevar som er heilt like, dei er alle innanfor normalen for ei klasse. Det vanlege er at det fins elevar av alle slag, ljose, myrke, stille, aktive, somme tek ting lett og andre har tyngre for det, somme har psykiske utviklingshemmingar andre har fysiske. Det er heilt vanleg med slik variasjon. Variasjon er vanleg, det normale er at vi ikkje er like! Og dette skal alle i verda forstå, heilt av seg sjølv? Det er ikkje enkelt.
 For ein sit som regel der åleine i sin eigen kropp og kjenner kor sålen er ujamn og vrista er for trong. Og om ein tek opp brillene og ser seg rundt er det mykje som blir freista putta inn i diverse normalar. Ta til dømes agurkane ein kjøper på butikken, dei er forbausande like! Ikkje sant? For ikkje å snakke om potetene med om lag same størrelse heile vegen gjennom sekken. Ein får seg ein og annen vekkjar i kvardagen, faktisk når ein minst ventar dei så sprett dei opp framfor deg.
Desse ungane mine har altså ein far, han gjekk nettopp fullt eit rundare år enn i fjor og feira litt meir høglydt enn elles. Han fekk mykje flott og fint og heimelaga, faktisk, mykje nyttig! Og det er ikkje normalt i 2012 for vi har da det meste…. Og apropos heimelaga, han fekk heimelaga gulrøter og poteter i to store sekkar. Entusiastiske småskalaprodusentar delte av sin grøderikdom! Det var ei super gåve og ikkje aldri så lite inspirerande heller… Økologiske mandelpoteter (eller ”grisæple” som dei eigentleg heiter der eg kjem i frå), og søte, smakfulle gulrøter, aldri har det vore ete så mykje oransje røter, så fort rundt middagsbordet vårt før. Poenget mitt var at før dei kom så langt som til bordet hadde eg meg ei runde med dei over utslagsvasken, med noko vatn, kost og skrellar. Eg tok meg sjølv i å bli litt irritert da eg skulle angripe ei heller smekker rot, med to veldreia føter og noko kurompeaktige vedheng her og der. Eg laut rett og slett partere gulrota før eg klarte å skrelle ho! Dette tok sjølvsagt både tid og krefter og ikkje minst; eg laut bruke hjernen min, korleis og kvifor?! Tidsplanen min sprakk ørlitegrann den dagen, men mest fordi eg vart så oppteken av at vi lever i denne vanlege verda full av det vi kallar ”normalar”.
Verda er ikkje normal, den burde i allefall ikkje vere det. Gulrøter som veks i jorda blir ikkje like, solsikkene blir ikkje like lange alle, ikkje ein normal stein er lik ein annen, ikkje alle tre veltar i stormen, ikkje alle kattar likar å ligg frammafor peisen, ikkje alle hundar spring etter bilar. Og det er vanleg og heilt normalt.
Eg innser at eg vorte kjedeleg, eg er blitt van med beine røter som ligg side om side i ein plastboks, eg har til og med kjøpt bananmatboksar til gutane der normalbananar med den vanlege bøyen får plass, eg tykkjer at mobil, PC og nettbrett burde hatt ein standardladar. Det er ganske fælt, vi har ei slik overflod av ting og mat at vi lyt rydde og systematisere i genetikken. Og det er ikkje ønskjeleg. Eg er så glad for ungane mine ikkje er heilt normale, kan ein seie det tru? Det er heilt på kanten kanskje? Dei er ikkje heilt vanlege nokon av dei, for dei er sin eigen variant. Ei pumpe, eit blodsukkerapparat, ein mobiltelefon, eit nøkkelknippe. Slike variasjonar er kanskje lettare synlege, men dei kan gjere sitt til at tankane våre tek ein omveg eller ein ny veg om du vil. Det tykkjer eg er flott, vi har godt av å sjå ting som ikkje er heilt som forventa. Ein må ikkje bli redd av den grunn, ein lyt berre angripe situasjonen på ein annen måte. Gjere noko med sine vante tankemønster, utvikle seg sjølv. Ein bør vere eit kålhovud, finne lag innanfor laga, er ein heldig finn ein kanskje ein kjerne til slutt? Eller kan hende det ikkje er målet, men at det å vete at der er uendeleg med lag som vi kan avdekke i løpet av livet er flott i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette, meg sjølv og alle andre, til å vere normalt unormale, vanlege uvanlege, dyrk eigne poteter og gulrøter, og sist, men ikkje minst; Ver eit kålhovud!

Hit eit steg og dit eit steg...



august 2012

Da er skulen i gang, og i år var eg stolt mor til tre småstore gutar på skulen sin første dag etter sommaren.
Veret kan ein sjølvsagt nemne som den gode vestlending ein er vorten, det har vore så som så. August kom fort i år som i fjor, og alle radiopratarane er komne attende frå ferie og i full sving med skvaldringa att. Skulesekkane har ropt frå bortgøymde plassar og ein heilt ny sekk har venta veldig spent på fyrste skuledag. Denne månaden er som vanleg starten på kvardagen, den nye jamne kvardagen, som kvar haust er litt annleis enn i fjor. Rutine skal gjere godt både for eitt og hitt, seine kveldar på trampoline eller mindre vellukka forsøk på teltovernatting i hagen har gjort oss noko døgnville.
På denne tida er viskelæra kvasse i hjørna og blyantane lange som hesjestaur, bøkene er utan eseløyre og linjene er klare for tal og bokstavar. Nye sjansar, ny frisk, ny lærdom, nytt skuleår. Spanande kribling i stort sett heile kroppen!

Denne hausten har vi og fått ny diabetesteknologi å bryne oss på, ”gamlepumpa” er bytta ut med ei ny pumpe med sensor.
Tidleg i sommar vart vi klar over at pumpe med sensor faktisk ikkje var så fjernt som vi hadde trudd, for fem år sidan var det alldeles utenkjeleg at den løysinga skulle komme oss tilgode. Det var feil, no er vi her! Det går framover. Guten vår har fått sensor og kan nå gå i bursdag og nabobesøk utan å ta med seg apparatet, han kjenner ei fridomskjensle han ikkje kan hugse at han har hatt. Det er bere så vidt vi vaksne kan minnast den tida før diabetesen. Heilt fantastisk!

Sjølv om vi har vorte nokså drevne pumpebrukarar i løpet av dei siste seks-sju åra er det nye ting å lære heile tida. Ein skal ikkje frykte at hjernen stagnerar med pumpe i hus. (Enda ein positiv konsekvens av diabetes..).
Tilvenning lyt ein rekne med, det er eit stykkje arbeid som berre må gjerast. Frå før har vi  litt problem med å godta at slangesettet skal skiftast så ofte som kva tredje dag. No kjem enda eit stikk på magen, og det er ikkje populært. Eg skjønnar han så godt, men som mamma får eg berre prøve å sjå forbi det ubehaget eg sjølv kjenner når eg må hjelpe han over denne kneika fleire gongar for veka. Vi fokuserar på kor mykje enklare det er å leve eit aktivt liv med sensor. Det å hive seg på sykkelen og besøke ein kompis eller besta er mindre stress, blodsukkerapparatet kan bli heime når han fer på ein time med fotballtrening eller idrettsskule, han har betre oversikt sjølv og kjenner seg tryggare.
Likevel er desse ”stikkesekvensane” i blant så psykisk krevjande at ein får mest lyst til å gje opp heile prosjektet, men vi gjev det ein sjanse og håpar at gevinsten viser seg å vere verd smerta.
Ikkje minst den premien det er å kunne legge seg om natta og kjenne seg tryggare på at ein ikkje får nattleg føling, pumpa har nemleg både alarm og innebygd stopp ved lågt blodsukker! Det tykkjer eg er flott.
 Vi er jammen heldige her i dette landet, som kan få nytte oss av ny medisinsk teknologi. Det er ikkje fritt for at tankane mine sviv over til andre mindre heldigstilte land, korleis har dei små diabetikarane det der? Håpar berre at ikkje denne overfloda vår skal gjere oss altfor vekkskjemde, slik at vi ikkje greier å sjå vår eiga lykke eller evner å ta innover oss andre si ulykke. At våre altfor søte små får leve gode og normale liv, er av enorm verdi for dei sjølve og for oss rundt dei, men vi må ikkje ta i frå dei moglegheitene til å setje pris på nettopp det. Og korleis får ein til det, når det ofte kan virke som om alt berre dett ned i hendene våre? I eit slikt perspektiv blir problema kring stikkinga bitte små, og eigentleg eit luksusproblem. Eg må berre forstå at for ein åtteåring er ikkje desse perspektiva på plass. Det skal livets skule og skulen bidra med etter kvart, i mellomtida får vi berre bite tennene kvar gong det kjem eit lite stikk. Denne mora betaler i hvertfall sin skatt med glede!

APPSTINENS



Nytt år 2012

Og vips der var jula gått, den plar alltid å gå så fort etter 1. juledag, det er vel nett der mykje av magien ligg; vi ventar og forventar i fleire veker, mens den gode, varme, stille familietida er over etter eit par døgn.
Det er både med vemod og forventning ein går det nye året i møte, kjekt at det nok ein gong går mot ljosare tider, vår og sommar lokkar. Sjølv har eg nokre mål for meg sjølv dette året, eg skal bli flinkare med sakte mat, sakte tid og eg håpar vi får blodsukkeret til 8-åringen inn på rett spor att. Siste del av hausten har det vore mykje høg måling utan klar årsakssamanheng. Slikt er frustrerande. Det er inga god kjensle å reise til kontroll før jula når ein ikkje er tilfreds med reguleringa. Difor, 2012, her kjem vi! Etter ei jul der sikkert kvar andre julegran hadde selskap av ein innpakka smartphone i nokre timar på julekvelden, les eg at 2012 vil bli prega av alle desse duppedingsane som skal gjere livet så mykje enklare for oss. Den beste duppedingsen eg har bruka til no er insulinpumpa til guten min, den er ganske smart den også. Likevel, eg trur den har appstinensar. Ein app som kan snuse opp når guten puttar ein av Berits brune pinnar i kjeften utan å seie frå, eller når peparkakeelefanten i størrelse XL blir så freistande at ein berre blir nødt til å putte den inn mellom tennene trass eit blodsukker på 18. Ein annen app kunne vore skrittellar med alarm som ular verre enn røykvarslaren når den ikkje har fått røyvd seg på ei altfor god stund. Sjølvsagt kunne vi alle hatt bruk for ein ”gå og legg deg”- app, men aller mest av alt ønskjer eg meg ein app som seier frå om føling på natta. Det er så rart med det, men tykkjer det ofte kjem litt omgansgssjuke i følgje med jula og det gjev grunnlag for bekymring her i huset. Og sidan det er så viktig med tradisjonar fekk vi ein omgang med den slags over nyttår. Med 5 gutar under 8 år prøver vi å vere effektive, så vi klarte å få 4 sjukingar inn på 3 dagar!

Sjokoladefondant



Lita hending kan vekkje vide tankar.

-          Eg gler meg til eg døyr!!
-          Kva? Kvifor det? Seier eg.
-          For da slepp eg å stikke rompen.

Dagen starta som vanleg med sokkeleiting der sokkar ikkje fins,  høgfrekvent klokketitting med påfølgjande munnleg rapport, småkrangling over doskåla og diskusjonar om rett og vrang, fram og bak på gensarane. At vi ikkje kan lære oss å stille klokka slik at ho ringer ti minutt før….
Ved landing attmed kjøkkenbordet viser blodsukkerapparatet 18 og det etter at han var målt til  5 klokka elleve kvelden i førvegen.
-          Hmm, så rart.
 Fram med notata, jau da, slangesettet(han er pumpebrukar, og får insulin via ein slange som sit under huda på bakenden) skulle nok ha vore bytta. Sidan guten fekk diagnosa to år gamal har vi kalla denne operasjonen for ”å stikke rompen”, eit godt innarbeidd uttrykk i vår heim. For ei tid attende signaliserte han at dette no kanskje var utgått på dato og at vi skulle prøve å ordlegge oss meir vakse. ”Å skifte slangesett” skal no nyttast og eg og faren jobbar med oss sjølve for å hugse dette. Sjølv bryt  poden det nye påbodet med jamne mellomrom. Det ligg vel eit ønskje om å bli større og vaksnare til grunn, men heldigvis, tykkjer eg, heng han fortsatt att i den vesle guten…
Ok. Så var det fram med nytt slangesett og barrierekremen midt oppi skulefrukosten som frå før var prega av stress. Guten legg seg på sofaen, sjølv om han no tek til å bli ganske stor vil han fortsatt ha nåla på baken, det kan eg for så vidt forstå for det er ikkje mykje kjøt andre plassar på den smale gutslampen. To-tre gonger i veka, dei siste seks åra har vi øvd på å slappe av i denne gigantiske muskelen før vi mottek eit djupt og sviande stikk. Det blir eigentleg aldri nokon vane, det er og blir vondt, han likar det ikkje. Så kjem det:
-          Eg gler meg til eg døyr!
-          Kvifor det? seier eg.
-          For da slepp eg å stikke rompen! seier han.
Deretter reiser han seg og går, sur, sint, frustrert og med breddfulle tårevåte tøff-gut-auger. Og augene mine flaumer over. Medan eg fortset brødskjering og nistesmøring renn tårene, det er ikkje lett å dølje slikt og det kjem brått på i blant. Da kjem han bort og spør kva eg er lei for. Og eg svarar som det er at eg blir veldig trist når han seier at han gler seg til han døyr. Etter ei lita tenkepause seier han at han ikkje meinte det. Og eg trur han på det, men likevel spring den vaksne hjernen min ut på ei vond tankeferd. For eg forstår i mitt inste indre at dette var noko han sa i affekt for å fortelje kor frustrerande han tykkjer dette er. Eit kraftig verbalt karatespark tiltenkt lause lufta, men det traff visst noko likevel. Det traff meg midt i livsmuskelen, og det fekk meg til å tenkje litt meir enn vanleg klokka halv ni ein torsdagsmorgon.
Diabetes er ikkje berre noko fysisk, men det er og ei psykisk påkjenning. Kva vil skje med han når åra er blitt enda fleire. Eg lurar på om frustrasjonen han kjenner på vil auke eller minke. Vil panikken for at sjukdomen skal øydeleggje moglegheitene bli større? Vil han få lufta tankane og sortert desse slik at dei letnar eller vil han halde det for seg sjølv slik at dei tyngjer han?
Det som til sjuande og sist uroar meg mest denne morgonen er om reaksjonen min vil gjere at han blir redd for å fortelje om kjenslene sine. Tenk om han ikkje tør og dele med meg fordi han er redd eg ikkje taklar det? For å sjå mora si gråtande over kjøkkenbenken er nok ikkje så kjekt, og kan hende enda verre dersom han kjenner seg skuldig… Berre fordi han, med sterke ord, fortalde meg at stikking ikkje er noko han set pris på.
 Eg skjønar at eg må inn til skjerping att. Pust ut, pust inn. Eg lyt prøve å vere kald utanpå og varm inni. Eller hard utanpå og blaut inni.
Eg får freiste visualisering som idrettsutøvarane; eg skal bli ein sjokoladefondant rett og slett!!! Fordi eg trur det er til beste for guten min.
-Eller?
Det kan vel ikkje vere farleg å vise kjensler sjølv om eg er den vaksne mora? Det skumlaste er kan hende om eg ikkje tør å snakke om kvifor eg kjenner det som eg gjer.
Ok.
Eg visualiserer på nytt; skal bli sjokoladefondant med stor sprekk i, der alt det gode kjem ut.!