torsdag 12. februar 2015

Du er så flink og får til alt, men plutseleg ein dag er det ikkje alt du får fortalt.


Min ven

Redd for å bry meg. 
Med, ikkje om. 
Sit på steinen rett bak deg. 
I ein altfor stor skog. 
Ei gran pustar deg i nakken, 
 redd du lagar store spor. 
 Eg vil legge handa på deg. 
Gjeva deg ryggestø. 



 Redd du ikkje likar at eg bryr meg. 
Berre reiser deg og går. 
 Eg ser rota beint framfor deg,
ser mosen du vil trø. 
 Redd du skal snuble,
kave og blø. 

 Ein rev luktar lunta, 
 følger med der du går. 
Eg sit på steinen attmed råket. 
 Treng du meg så er eg her.
 Skal eg reise meg og trakke,
over bekkesteinane med deg? 

Eg kan la det vere. 
La deg vere i fred. 
Eg vil ikkje bry meg med. 
Eg vil bry meg om.

 Men du kjem så kraftfullt mot meg. 
Slår i luft og spinn i grus. 
 Spyttar stein og svelger hardt. 
Kven er du der. 
Under alt.

Ven


Ruth Maria Tøfte

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar