fredag 8. mai 2015

Fredag 8. mai 2015, frigjeringsdag

Kor blauthjerta skal ein bli før fylte 38 eigentleg? Ikkje har eg opplevd krig og sult, eller anna naud og pine, men i dag da eg køyrde inn gjennom bygda på arbeid tok eg verkeleg til å lure. For da eg såg mor og son heise flagget på morgonkvisten, med fjord og frukttre i bakgrunnen, datt det ned i meg.
Kjære vene kor heldige vi er.






Fødd sist på 70-talet, i Noreg, kom til dekka bord, med uendeleg mange dessertar.
Skulegang, tryggleik, trygg barndom, studielån og arbeid, kjæreste og ungar, hus og heim. Det var liksom berre å plukke av samlebandet ettersom det passerte. Vel inne på skulen møtte eg fire norske flagg på balkongen, og kjensla var komplett.
Inne på kontoret ligg bindersen i skuffa, stilt, beskjedent og unnseleg. Stiller seg til disposisjon ein gong i blant, når papir må samlast. Legg seg attende i skuffa etter utført oppdrag, ventar på eit nytt.
Held papira trygt samla.
Tenk at ein gong, for vel sytti år sidan, var denne oppfinninga med på å halde eit heilt folk samla i eit okkupert land.

I knappeholet.
Heilt lydlaus.
Stum som ein østers.
Til å lite på.
Taus og lojal.
Med makt langt utover sin spede fysikk.

Vi får håpe det held med papirsamling ei god stund til, at den ikkje ligg og ventar på eit større oppdrag. Likevel, den er trygg å ha dersom noko skulle skje...
I mellomtida får vi vere glade for det den var med og gav oss, slik at vi kan bruke tida vår på jorda til å hjelpe andre ut av elendigheit.

I kveld tek eg ein pinne for landet...og bindersen....og fridom....og samhald....og omtanke for dei som ikkje er komne dit vi er.





torsdag 7. mai 2015

I dag og, fann eg visuelle teikn til naturleg og medfødt intelligens blant ungdom.

Tykkjer ikkje desse ungdomane i dag er så dumme eg. I blant viser dei til og med vilje til å stake ut sin eigen kurs. Og det, til og med, i grøne omgjevnader. Sjølv om det er opplagt at dei er meint å velje ei anna rute, går dei opp nye vegar der det før var attgrodd. Dag ut og dag inn, opp att og opp att, vel dei å trakke i eigne spor der ingen vaksen har gått føre dei.

 Som gullbosten/surfivelen/løvetanna også har gjort i generasjonar, går den unge delen av befolkninga i bresjen for å bane veg for seg sjølv.

 At vi vaksne meiner at surfivelen burde halde seg langt vekke frå både bed og jorder, hindrar den ikkje å bryte gjennom asfalten. At vi meiner dei unge kan halde seg på asfalten i staden for å trakke ned graset, hindrar ikkje dei heller....




 Eg vart letta og glad da eg kom over denne råsa utanfor lærarparkeringa i dag. Dette viser at det fortsatt er eit visst opprør blant ungdomen,
mot den vaksne generasjonen.
Sjølv om det er eit rimeleg taust og forsagt opprør, det ER.

Leve ungdomen!



tirsdag 5. mai 2015

Ekstern hjerne til besvær.



Ei sjelsetjande oppdaging, eg har utlagt hjerne. Ein ekstern harddisk som kan streike kva tid som helst. Det gjekk opp for meg i dag, da eg ikkje klarte å hugse kva den filmen der Ane Dahl Torp spelar mot Thomas Gjertsen heiter.  Eg er freista til å google dette for å få det ut av verda, den lettaste motstands veg, men eg  lyt vere standhaftig å stå i mot lysta. Eg kan ikkje slå meg til ro med at eg har bytta ut mitt eige langtidsminne med Google. Det er eit sant nederlag.  Eg er engsteleg for framtida. Redd for å utvikle skrumphjerne, ei sviske av ein hjerne som ikkje lenger hugsar fakta om det ikkje er direkte knytt opp mot smerte, glede eller rein nytelse. Eit amøbisk individ, som et og kolliderar med grannen.

Eg er lykkeleg fordi eg er eit middelaldersk menneske som fortsatt kan mitt alfabet, og såleis kan nytte både ordlister og leksikon, om eg får dei oppi hendene. Det er nok ikkje så sikkert dei kan det om 20-30 år, men ein kan kanskje ta eit lite kveldskurs? Ungar som ikkje likar skriftforming er moderne og futuristiske, ein treng ikkje lenge finmotorikk utover touchmetoda. Å kople syn, høyrsle og taktil sans er ut. Ikkje lenger naudsynt. Stogg for all del ikkje utviklinga mot robotsamfunnet. Beauty before brains, du kjem langt med gode søkjeord og LFT-skriving (let, finn, trykk).

Vi skal ikkje frykte framtida der menneskje blir programmerte i 14-års alderen. Tradisjonell konfirmasjon blir bytta ut med installasjon av UngVaksen.07,  når ein fyller femten. Far spring ivrig borti postkassa om våren, for å sjå om programvara er komen.  Endeleg skal poden programmerast til å bli rørleggjar, da får dei endeleg gjort noko med badet… Det som kjem til å koste dyrt heretter er ikkje rørleggjarrekninga, men programoppdateringa….særleg når reistar av menneskjeleg hormonproduksjon slår ut og hindrar operativsystemet i å oppdatere seg automatisk i 17-års alderen.

Au au.

Menneskerasen er så smart at den kjem til å innvikle seg sjølv i rein skjær dumskap. Evnene til annleis-tenkjande menneske med høgt energiniva(ADHD) , blir medisinert vekk og ut av gen-poolen. Såleis slepp vi ei vidare utvikling av menneskehjernen, det hadde vore så energikrevjande og dyrt at vi berre er glade til. Med tankje på alt det desse menneska har av evne og energi  til, er eg redd dei ville ta over verda, med hurtig formering,  livreddande oppfinningar og nye energiformer. For all del, ikkje lat det skje.  Lat oss heller underutvikle hjernane våre med smarttelefon i lomma.

Huff.

Og eg som mislikar SciFi og blir skremd av «Tilbake til femtiden 1», tykkjer det er skummelt at smarttelefonen tappar meg for smartness. For kva i h…. heiter den filmen med Ane Dahl Torp? Eg kjem ikkje på det. Langtidsminne er kraftig redusert, heldigvis kan ikkje dette nedarvast direkte,  sidan eg allereie er reprodusert. Men ungane mine kan gjere fatale valg. Dei kan velge partner på feil grunnlag, dei kan nytte ein app som testar potensiell partners evne til å google.

Skrekk og gru. 

Eg kan ende opp med fem svigerdøtre/-søner med  eksteriør som Barbie,  og interiør i handveska i form av eplefon eller android. Som om det ikkje er vanskeleg nok å vere snill, grei og ikkjedømmande svigermor. Neste gong eg skal ha» ny» mobil blir det ein gammal Nokia, berre for å halde tannhjula i gang.