søndag 18. mars 2018

-Men mamma, ho har bedt om unnskyldning sjukt mange gongar da!






-          Ja, men det er viktig at ein lærer av det ein ber om unnskyldning for, og at ein viser at ein har skjønt kvifor det ikkje var rett å gjere som ein gjorde.

-          Korleis da?

-          Jau, viss du slår broren din, så er ikkje det greitt. Og ofte forstår du sjølv at det var feil, og du ber om unnskyldning, ikkje sant? Fordi du angrar, og fordi du faktisk forstår at du gjekk litt for langt.

-          Jo, somme gongar gjer eg det, men om det var han som begynte da…

-          Nei, slik er det, men kva er det eigentleg du ber om unnskyldning for?

-          For at eg slo?

-          Ja, nettopp! For du veit at ein skal ikkje slå. Du ber sjølvsagt ikkje om unnskyldning for at han begynte å gråte og for at han ikkje likte at du slo.

-          Men somme gonger forstår eg ikkje alt med ein gong.

-          Det er så, da kan ein prøve å forstå.

-          Korleis?

-          Jau, viss eg seier at sandkassa er ein plass der alle i utgangspunktet har rett til å leike seg, til  og med rampete-Egil og sinte-Kåre, så må dei få det. Dei kan få leike seg der, i lag med beskjedne-Berit og snille-Lise, ordentlige-Ola og regelrytter-Per.

-          Ok..?

-          Men så kjem Per og Lise og klagar til dei vaksne, fordi Kåre har kasta sand på Lise..

-          Oi!

-          Oi, ja, det kan du seie. Dei fører den vaksne til kassa og peikar på den skuldige. Sinte-Kåre reiser seg brått og seier at Lise begynte, Egil nikkar bekreftande, medan snille-Lise ser ned og grev iherdig med spaden sin, og regelrytter-Per seier at det er godt mogleg det var slik det hekk i hop. Den vaksne seier til Per at ein ikkje skal forsvare dei som har gjort noko gale, for det øydelegg for dei andre, og så tek den vaksne med seg både Kåre og Egil ut av kassa og ber dei finne på noko anna.

-          Hmm..det der kunne faktisk ha skjedd.

-          At nokon kastar sand ja, det skjer heile tida, det er eit samfunnsproblem i sandkasser.

-          Ja, men det der med Lise..

-          Kva da?

-          At ho faktisk har gjort det, men held det for seg sjølv.

-          Men er det rett da, dersom det faktisk er sant at Lise begynte, meiner eg?

-          Nei, men i blant er verda urettferdig. Og de vaksne er ikkje alltid så smarte heller.

-          Du seier noko. Kva burde den vaksne ha gjort da?

-          Tenkt seg om. Minna seg sjølv på at alle i sandkassa var menneske som kunne gjere feil. Gjeve dei ein sjanse til å forklare seg. Tru litt betre om Kåre og Egil og pittelitt dårlegare om Lise. Det hadde vore rettferdig, og klokt og vaksne skal vere kloke. Ikkje berre tru at ting er som dei ser ut.

-          Så det du seier er at alle har rett til å bli trudd og tekne på alvor, uansett kva dei har gjort før?

-          Ja! Elles vil dei ikkje ha ein sjanse til å forandre seg, og kanskje ser det berre ut som dei kunne ha funne på noko tull, fordi dei har eit lurt blikk for eksempel. Dessutan ville dei ha tenkt at dei like godt kunne oppføre seg som idiotar, fordi dei får skulda uansett.

-          Så den vaksne burde sagt unnskyld altså?

-          Ja.

-          For kva?

-          Fordi han ikkje tok Per på alvor, og for at han let Lise tru at ho kunne lure seg unna og fordi skulda Kåre og Egil for noko dei kanskje ikkje hadde gjort.

-          Du er ikkje så dum du!

-          Nei, eg er eit menneskebarn. Eg kan viss eg vil.

-          Kva om den vaksne ikkje ba om unnskyldning da?
-          Da kunne eg ikkje lenger stole på han.