fredag 29. august 2014

Sjokoladefondant



Lita hending kan vekkje vide tankar.

-          Eg gler meg til eg døyr!!
-          Kva? Kvifor det? Seier eg.
-          For da slepp eg å stikke rompen.

Dagen starta som vanleg med sokkeleiting der sokkar ikkje fins,  høgfrekvent klokketitting med påfølgjande munnleg rapport, småkrangling over doskåla og diskusjonar om rett og vrang, fram og bak på gensarane. At vi ikkje kan lære oss å stille klokka slik at ho ringer ti minutt før….
Ved landing attmed kjøkkenbordet viser blodsukkerapparatet 18 og det etter at han var målt til  5 klokka elleve kvelden i førvegen.
-          Hmm, så rart.
 Fram med notata, jau da, slangesettet(han er pumpebrukar, og får insulin via ein slange som sit under huda på bakenden) skulle nok ha vore bytta. Sidan guten fekk diagnosa to år gamal har vi kalla denne operasjonen for ”å stikke rompen”, eit godt innarbeidd uttrykk i vår heim. For ei tid attende signaliserte han at dette no kanskje var utgått på dato og at vi skulle prøve å ordlegge oss meir vakse. ”Å skifte slangesett” skal no nyttast og eg og faren jobbar med oss sjølve for å hugse dette. Sjølv bryt  poden det nye påbodet med jamne mellomrom. Det ligg vel eit ønskje om å bli større og vaksnare til grunn, men heldigvis, tykkjer eg, heng han fortsatt att i den vesle guten…
Ok. Så var det fram med nytt slangesett og barrierekremen midt oppi skulefrukosten som frå før var prega av stress. Guten legg seg på sofaen, sjølv om han no tek til å bli ganske stor vil han fortsatt ha nåla på baken, det kan eg for så vidt forstå for det er ikkje mykje kjøt andre plassar på den smale gutslampen. To-tre gonger i veka, dei siste seks åra har vi øvd på å slappe av i denne gigantiske muskelen før vi mottek eit djupt og sviande stikk. Det blir eigentleg aldri nokon vane, det er og blir vondt, han likar det ikkje. Så kjem det:
-          Eg gler meg til eg døyr!
-          Kvifor det? seier eg.
-          For da slepp eg å stikke rompen! seier han.
Deretter reiser han seg og går, sur, sint, frustrert og med breddfulle tårevåte tøff-gut-auger. Og augene mine flaumer over. Medan eg fortset brødskjering og nistesmøring renn tårene, det er ikkje lett å dølje slikt og det kjem brått på i blant. Da kjem han bort og spør kva eg er lei for. Og eg svarar som det er at eg blir veldig trist når han seier at han gler seg til han døyr. Etter ei lita tenkepause seier han at han ikkje meinte det. Og eg trur han på det, men likevel spring den vaksne hjernen min ut på ei vond tankeferd. For eg forstår i mitt inste indre at dette var noko han sa i affekt for å fortelje kor frustrerande han tykkjer dette er. Eit kraftig verbalt karatespark tiltenkt lause lufta, men det traff visst noko likevel. Det traff meg midt i livsmuskelen, og det fekk meg til å tenkje litt meir enn vanleg klokka halv ni ein torsdagsmorgon.
Diabetes er ikkje berre noko fysisk, men det er og ei psykisk påkjenning. Kva vil skje med han når åra er blitt enda fleire. Eg lurar på om frustrasjonen han kjenner på vil auke eller minke. Vil panikken for at sjukdomen skal øydeleggje moglegheitene bli større? Vil han få lufta tankane og sortert desse slik at dei letnar eller vil han halde det for seg sjølv slik at dei tyngjer han?
Det som til sjuande og sist uroar meg mest denne morgonen er om reaksjonen min vil gjere at han blir redd for å fortelje om kjenslene sine. Tenk om han ikkje tør og dele med meg fordi han er redd eg ikkje taklar det? For å sjå mora si gråtande over kjøkkenbenken er nok ikkje så kjekt, og kan hende enda verre dersom han kjenner seg skuldig… Berre fordi han, med sterke ord, fortalde meg at stikking ikkje er noko han set pris på.
 Eg skjønar at eg må inn til skjerping att. Pust ut, pust inn. Eg lyt prøve å vere kald utanpå og varm inni. Eller hard utanpå og blaut inni.
Eg får freiste visualisering som idrettsutøvarane; eg skal bli ein sjokoladefondant rett og slett!!! Fordi eg trur det er til beste for guten min.
-Eller?
Det kan vel ikkje vere farleg å vise kjensler sjølv om eg er den vaksne mora? Det skumlaste er kan hende om eg ikkje tør å snakke om kvifor eg kjenner det som eg gjer.
Ok.
Eg visualiserer på nytt; skal bli sjokoladefondant med stor sprekk i, der alt det gode kjem ut.!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar