fredag 29. august 2014

Hit eit steg og dit eit steg...



august 2012

Da er skulen i gang, og i år var eg stolt mor til tre småstore gutar på skulen sin første dag etter sommaren.
Veret kan ein sjølvsagt nemne som den gode vestlending ein er vorten, det har vore så som så. August kom fort i år som i fjor, og alle radiopratarane er komne attende frå ferie og i full sving med skvaldringa att. Skulesekkane har ropt frå bortgøymde plassar og ein heilt ny sekk har venta veldig spent på fyrste skuledag. Denne månaden er som vanleg starten på kvardagen, den nye jamne kvardagen, som kvar haust er litt annleis enn i fjor. Rutine skal gjere godt både for eitt og hitt, seine kveldar på trampoline eller mindre vellukka forsøk på teltovernatting i hagen har gjort oss noko døgnville.
På denne tida er viskelæra kvasse i hjørna og blyantane lange som hesjestaur, bøkene er utan eseløyre og linjene er klare for tal og bokstavar. Nye sjansar, ny frisk, ny lærdom, nytt skuleår. Spanande kribling i stort sett heile kroppen!

Denne hausten har vi og fått ny diabetesteknologi å bryne oss på, ”gamlepumpa” er bytta ut med ei ny pumpe med sensor.
Tidleg i sommar vart vi klar over at pumpe med sensor faktisk ikkje var så fjernt som vi hadde trudd, for fem år sidan var det alldeles utenkjeleg at den løysinga skulle komme oss tilgode. Det var feil, no er vi her! Det går framover. Guten vår har fått sensor og kan nå gå i bursdag og nabobesøk utan å ta med seg apparatet, han kjenner ei fridomskjensle han ikkje kan hugse at han har hatt. Det er bere så vidt vi vaksne kan minnast den tida før diabetesen. Heilt fantastisk!

Sjølv om vi har vorte nokså drevne pumpebrukarar i løpet av dei siste seks-sju åra er det nye ting å lære heile tida. Ein skal ikkje frykte at hjernen stagnerar med pumpe i hus. (Enda ein positiv konsekvens av diabetes..).
Tilvenning lyt ein rekne med, det er eit stykkje arbeid som berre må gjerast. Frå før har vi  litt problem med å godta at slangesettet skal skiftast så ofte som kva tredje dag. No kjem enda eit stikk på magen, og det er ikkje populært. Eg skjønnar han så godt, men som mamma får eg berre prøve å sjå forbi det ubehaget eg sjølv kjenner når eg må hjelpe han over denne kneika fleire gongar for veka. Vi fokuserar på kor mykje enklare det er å leve eit aktivt liv med sensor. Det å hive seg på sykkelen og besøke ein kompis eller besta er mindre stress, blodsukkerapparatet kan bli heime når han fer på ein time med fotballtrening eller idrettsskule, han har betre oversikt sjølv og kjenner seg tryggare.
Likevel er desse ”stikkesekvensane” i blant så psykisk krevjande at ein får mest lyst til å gje opp heile prosjektet, men vi gjev det ein sjanse og håpar at gevinsten viser seg å vere verd smerta.
Ikkje minst den premien det er å kunne legge seg om natta og kjenne seg tryggare på at ein ikkje får nattleg føling, pumpa har nemleg både alarm og innebygd stopp ved lågt blodsukker! Det tykkjer eg er flott.
 Vi er jammen heldige her i dette landet, som kan få nytte oss av ny medisinsk teknologi. Det er ikkje fritt for at tankane mine sviv over til andre mindre heldigstilte land, korleis har dei små diabetikarane det der? Håpar berre at ikkje denne overfloda vår skal gjere oss altfor vekkskjemde, slik at vi ikkje greier å sjå vår eiga lykke eller evner å ta innover oss andre si ulykke. At våre altfor søte små får leve gode og normale liv, er av enorm verdi for dei sjølve og for oss rundt dei, men vi må ikkje ta i frå dei moglegheitene til å setje pris på nettopp det. Og korleis får ein til det, når det ofte kan virke som om alt berre dett ned i hendene våre? I eit slikt perspektiv blir problema kring stikkinga bitte små, og eigentleg eit luksusproblem. Eg må berre forstå at for ein åtteåring er ikkje desse perspektiva på plass. Det skal livets skule og skulen bidra med etter kvart, i mellomtida får vi berre bite tennene kvar gong det kjem eit lite stikk. Denne mora betaler i hvertfall sin skatt med glede!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar