fredag 29. august 2014

Lykka er normal



Lykka er normal
-eller er den eigentleg det?

Sonen min sat over leksene ein dag og filosoferte.
- Eg er den einaste i klassa mi som ikkje er normal, sa han.
- Kvifor det? Kva meiner du?
- Jau eg er den einaste som går rundt med pumpe og har diabetes, sa han.
- Ja det er sant, men du er da normal for det, det er vel ingen av dykk som er heilt like?

I mitt stille sinn tenkjer eg vidare, ”normal” ja, kva er det?
Og ”vanleg”, kva er vanleg og kva er uvanleg. I ei skuleklasse, ei normal skuleklasse vel og merke, fins det ingen elevar som er heilt like, dei er alle innanfor normalen for ei klasse. Det vanlege er at det fins elevar av alle slag, ljose, myrke, stille, aktive, somme tek ting lett og andre har tyngre for det, somme har psykiske utviklingshemmingar andre har fysiske. Det er heilt vanleg med slik variasjon. Variasjon er vanleg, det normale er at vi ikkje er like! Og dette skal alle i verda forstå, heilt av seg sjølv? Det er ikkje enkelt.
 For ein sit som regel der åleine i sin eigen kropp og kjenner kor sålen er ujamn og vrista er for trong. Og om ein tek opp brillene og ser seg rundt er det mykje som blir freista putta inn i diverse normalar. Ta til dømes agurkane ein kjøper på butikken, dei er forbausande like! Ikkje sant? For ikkje å snakke om potetene med om lag same størrelse heile vegen gjennom sekken. Ein får seg ein og annen vekkjar i kvardagen, faktisk når ein minst ventar dei så sprett dei opp framfor deg.
Desse ungane mine har altså ein far, han gjekk nettopp fullt eit rundare år enn i fjor og feira litt meir høglydt enn elles. Han fekk mykje flott og fint og heimelaga, faktisk, mykje nyttig! Og det er ikkje normalt i 2012 for vi har da det meste…. Og apropos heimelaga, han fekk heimelaga gulrøter og poteter i to store sekkar. Entusiastiske småskalaprodusentar delte av sin grøderikdom! Det var ei super gåve og ikkje aldri så lite inspirerande heller… Økologiske mandelpoteter (eller ”grisæple” som dei eigentleg heiter der eg kjem i frå), og søte, smakfulle gulrøter, aldri har det vore ete så mykje oransje røter, så fort rundt middagsbordet vårt før. Poenget mitt var at før dei kom så langt som til bordet hadde eg meg ei runde med dei over utslagsvasken, med noko vatn, kost og skrellar. Eg tok meg sjølv i å bli litt irritert da eg skulle angripe ei heller smekker rot, med to veldreia føter og noko kurompeaktige vedheng her og der. Eg laut rett og slett partere gulrota før eg klarte å skrelle ho! Dette tok sjølvsagt både tid og krefter og ikkje minst; eg laut bruke hjernen min, korleis og kvifor?! Tidsplanen min sprakk ørlitegrann den dagen, men mest fordi eg vart så oppteken av at vi lever i denne vanlege verda full av det vi kallar ”normalar”.
Verda er ikkje normal, den burde i allefall ikkje vere det. Gulrøter som veks i jorda blir ikkje like, solsikkene blir ikkje like lange alle, ikkje ein normal stein er lik ein annen, ikkje alle tre veltar i stormen, ikkje alle kattar likar å ligg frammafor peisen, ikkje alle hundar spring etter bilar. Og det er vanleg og heilt normalt.
Eg innser at eg vorte kjedeleg, eg er blitt van med beine røter som ligg side om side i ein plastboks, eg har til og med kjøpt bananmatboksar til gutane der normalbananar med den vanlege bøyen får plass, eg tykkjer at mobil, PC og nettbrett burde hatt ein standardladar. Det er ganske fælt, vi har ei slik overflod av ting og mat at vi lyt rydde og systematisere i genetikken. Og det er ikkje ønskjeleg. Eg er så glad for ungane mine ikkje er heilt normale, kan ein seie det tru? Det er heilt på kanten kanskje? Dei er ikkje heilt vanlege nokon av dei, for dei er sin eigen variant. Ei pumpe, eit blodsukkerapparat, ein mobiltelefon, eit nøkkelknippe. Slike variasjonar er kanskje lettare synlege, men dei kan gjere sitt til at tankane våre tek ein omveg eller ein ny veg om du vil. Det tykkjer eg er flott, vi har godt av å sjå ting som ikkje er heilt som forventa. Ein må ikkje bli redd av den grunn, ein lyt berre angripe situasjonen på ein annen måte. Gjere noko med sine vante tankemønster, utvikle seg sjølv. Ein bør vere eit kålhovud, finne lag innanfor laga, er ein heldig finn ein kanskje ein kjerne til slutt? Eller kan hende det ikkje er målet, men at det å vete at der er uendeleg med lag som vi kan avdekke i løpet av livet er flott i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette, meg sjølv og alle andre, til å vere normalt unormale, vanlege uvanlege, dyrk eigne poteter og gulrøter, og sist, men ikkje minst; Ver eit kålhovud!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar