tirsdag 13. oktober 2015

Del 2: Frå Lilongwe til Nkhotakota- langs ein levande veg

Frå flyplassen i Lilongwe gjekk ferda vidare nordover mot Nkhotakota.
Tre timar i bil, heldigvis med velfungerande aircondition. Aller helst ville vi nok alle sitje med hovudet ut av vindauget og pese som hundar, medan vi tok inn alle inntrykka langs vegen. Temperaturen utanfor gjorde, heldigvis, sitt til at omverda vart skåna for det synet.

Det er ei merkeleg kjensle å køyre gjennom landskap og miljø som ein før berre har sett på fargebilete i ymse medium. Det er som om å køyre gjennom eit interaktivt postkort, der du plutseleg kan stige uta av bilen og inn i biletet, kjøpe med deg tomatar og ta dei med inn att i bilen. Ein kjenner varmen frå sola, røyklukta frå kol, olje, feitt, mat og ved. Den tørre, terakottafarga jorda på kvar side av ei ujamn gate av asfalt. Skeive stråtak susar forbi vindauget, murbygningar som er på tur opp eller ned. Det meste ser ut til å vere i ein prosess, på veg mot noko nytt.





Akkurat som menneska langs vegane. Menneske på syklar, menneske som går, menneske som spring, gamle og unge. Nokre blir bore på ryggen til mamma, medan mamma i tillegg ber ei balje med kol på hovudet. Andre ber store baljer fulle av vatn, andre ber på posar eller ved. Klevasken blir plassert i høgda såvel som handelen frå markedet.





Somme syklar fungerar som taxiar, utstyrte med både skilt, polstra sete og bling bling. Ein sykkeltaxi rullar framover medan passasjeren har ei levande geit på fanget.  Damene sit i damesal på bakhjulet. Andre syklar halvannen meter høge stablar med ved, andre to-tre meter vide laster med takstrå. Alt er mogleg i trafikkbiletet i Malawi!
Bilar med vide laster, køyrety kraftig overlasta med menneske. Er du så heldig at du har bil her, så tek du gjerne med deg passasjerar. Opne bakdører, opne sidedører, lasteplan, på lastebilhytta, passasjerar kan ein stable både her og der. Vi får historier om bilulykker, der ein bil er involvert og opp mot tjue skadde og drepne.
Dette er ikkje spøk for oss med trafikalt grunnkurs på vitnemålet. Her køyrer ein på venstre side, så lenge det går, om bilen i mot kjem på di side køyrer du berre ut av vegen til den er passert, her er det romsleg vegskuldrar.

Geitene langs vegane er alt anna enn dresserte, dei kryssar både foran og bak. Feilbereknar dei, kan dei fort ende opp som slakt opp ned i kjøtsjappa. Hønene spring og fritt, men kloke som dei er, held dei seg nærare husveggane. I blant kan ein sjå folk som vifter med flaksande høns som blir haldne etter føtene, dette er høner som er teke ut av produksjonen og som blir selde som svært ferskt suppekjøt til forbikøyrande.

Alle desse inntrykka krafsar seg inn på netthinnene våre, i tre timar sit vi slik. Til sist svingar vi inn på ein grusveg, humpar forbi fleire skur med ungar som gjeter geiter og vinkar blidt til kvitingane som kjem i bil. Den tørre jorda virvlar opp og legg seg ned att bak oss. 




Vi kastar loss ved Fish Eagle Bay, der vi blir i to neter. Etter fly- og bilreise spring vi rett i vatnet og duppar oss, det er ikkje altfor ubekvemt.


Få meter nedanfor lodgen vår ligg Lake Malawi. Freistande, frisk og levande. Ein 900 km lang innsjø som forsyner befolkinga med chambo, campango og butterfish. Her fiskar dei om natta og om dagen fungerar innsjøen som badekar og vaskebalje.
Tidleg om morgonen ligg den der ravfarga av sola, 
Lake Marawi viser seg å vere umåteleg vakker klokka fem om morgonen.

Men det veit ikkje vi enda, for vi må legge oss å ta pause frå alt dette nye.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar