mandag 19. oktober 2015

Del 3: Møte mellom ufatteleg rike og ekstremt fattige



Lodgen vår låg kun 20-30 spretne steg over varm sand, i frå bredden av Lake Malawi Malawisjøen.













Mødrene vaska klede og ungane kjølte seg ned i vatnet, som sikkert heldt opp mot 30 grader. Kyrne drakk seg utyste. Vi bada uredde og oppglødde, utan å tenkje på krokodillene som også likte å bade i nettopp denne sjøen, om ikkje akkurat på same plass som oss. Ettersom sola seig ned bakom hytta vår, og lyset vart varmt gult og himmelen lilla, kasta karane seg i båtane sine og gjorde seg klare for nattefiske. Maten som skulle mette magane dagen etter, måtte fangast. Da sola takka for seg og det vart beksvart rundt oss, såg vi den horisontale lyslenkja av fiskebåtar på sjøen.


Vi sat der i lette langerma overdelar og lange bukser, godt spraya med insektmiddel, som sikkert var langt utanfor EØS-standarden, og kosa oss utover sommarkvelden. Heilt til klokka bikka ni, da tykte vi det tok til å li.... difor kraup vi i hi.(Kunne ikkje dy meg).
Pussa tenner, bukserte oss innunder eit tynt laken og smatt myggnettet under madrassen. Kampen for innsovninga var i gang, men med så mange inntrykk var det ikkje lett å vinne den..

I tretida same natt vakna eg av eit voldsamt lurveleven utanfor, eg heiv nettet til sides og titta ut mellom gardinene. Folk sprang langsmed stranda, store som små, dei ropte og skreik og lo. Eg skjønar ikkje chichewa og forstod ikkje noko av dette, ei smygande kjensle av uro breidde seg inni meg. Rart med det når ein er heilt ny på ein framand plass, utan innsyn i kultur og språk og stemninga tydeleg er opphissa. I mitt stille sinn roa eg meg med at dette laut vere fiskarane som kom i hamn med fulle båtar. Det viste seg etterkvart å vere noko meir dramatisk. Einkvan hadde gjort seg fortent til politijakt, med etterfyljande mobb. 
For oss vestlege, som etterkvart er blitt vande til å sjå lovløyse passere forbi i påvente av at politi kjem styrtande til, eller ikkje, alt ettersom kva ressursar dei rår over, var det heile ganske brutalt. Og sjølv om dette opptrinnet for oss verka både skummelt og noko primitivt, så er dette realitetar i verda i 2015. Ein skal ikkje hundre år attende i tid, før vi Norge jaga kvinner som hadde forelska seg i menn av feil nasjonalitet heller( Tyskertøs). 
Vi fekk såleis bekrefta mistanken om at vi ikkje berre hadde reist mange mil sørover, men også mange år bakover i tid. Det skal og nemnast at da det kom høvdingane for øyro at vi vart uroa og skremde av nattebråket, sette dei ut sju vaksne menn til å passe på oss natta etter, og to av desse gjekk med automatvåpen. 
- Og kva tenkte våre norske hjernar om denne flotte gesten? 
- Jau, at våpen er noko  fanteri og skumle saker! 
Slik sett var gjestane ikkje så gode å gjere til lags og kulturane dulta jamnt  og trutt borti kvarandre, utan at nokon av dei kunne påberope seg tittelen fasit.
           
Da den neste morgonen rann var klokka så vidt passert fem. Ferske, oransje strålar frå ei ny sol leika i glaskarmen i stova vår. Eg laut ut og sjå dette kvardagsunderet, da sjøen utanfor fødde sola som skulle lyse på himmelen dei neste tolv timane, og varme oss like lenge. Ved frukosten klokka sju stod eldkula høgt over bordet vårt og bar bod om nye inntrykk i dette varme landet fullt av menneske av ein heilt annen kultur.


Etter tjue minutt sveitt biltur stod vi midt havnebyen Nkhotakota. Som fire av i underkant tjue azongoar blant 20-30.000 innfødde nkotakotiere, stod vi og lyste opp den lokale marknaden. Innsmurte i solfaktor 30 og med usikre smil, ser vi ungane gape og peike medan dei ropar azongo. før dei gøymer seg bak mora eller ein annen vaksen. 


Flora/Nkhotakota

Møte mellom artsfrendar finn stad, dei kulturelle forskjelane er enormt utfordrande, sjølv om dei ytre kan hende er mest openberre der og da. Lydar og luktar så annleis enn dei vante, språk som er heilt utan fellesnemnar. Å vere i mindretal blant eit framandt fleirtal er ikkje lett, det er spennande og skremande på same tid. Samleis må dei kjenne det, dei som kjem hit til oss i Norge. Ein slik situasjon kan gjere dei sikraste usikre, når signala ein sender ut skal tolkast i eit miljø dei ikkje dyrka fram for å forståast i.
Smilespråket var det einaste vi snakka saman. 



Vi smilte frå øyre til øyre.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar