mandag 12. oktober 2015

Dag 1: Malawi for våre føter, laurdag 3. oktober 2015 -This is Africa!



 I år var eg, igjen, såpass lur at eg med hjelp frå sjølvpålagt høg skattebetaling, fekk ein bonus frå staten no i sommar. 
Eg høyrde med mannen, om eg skulle bruke dei på silikon eller botox eller eitkvart, men han meinte at når ein fyrst tek til å stelle på slike gamle skrog så ville det berre balle på seg. 
Difor sette eg dei til sides til dårlegare tider.






Kvar haust skjer det.
Kvardagen kjem.
Og den kjem kanskje litt brått og brutalt, og den blir verande.
Legg seg over kroppen som eit godt og varmt, men for tidleg, sveitt teppe.
Det er liksom ikkje heilt kaldt nok til at tanken på å bli verande innunder der er freistande, heilt fram mot våren,.
Ein tek til å syrne,
ein veit ikkje heilt om ein skal ønskje seg attende til sommaren
 eller drøyme seg fram mot den neste.
Alle veit at det ikkje er gagn i slikt.
Det er dagen i dag som tel,
men det kjennest så stusseleg
særleg når ein veit at morgondagen vil bli bli omtrent likedan.
Kunne ein flykte til sommaren, kjøpe seg ut så hadde det vore heilt ok. 



Dei dårlege tidene kom med kvardagen, eg går fort inn i mitt spor. Med litt harde steg trakkar eg opp stiar mellom bad, vaskerom, kjøken, gang, bil, jobb, seng, vaskerom, kjøkenbenk, sofa osb. Til sist blir desse spora så djupe at eg ikkje ser over kanten, eg går der i mi eiga grøft, i jamnt trav. Til sist ser eg berre meg sjølv og mitt eige strev, ser knapt nok mannen som kryssar sporet, eller ungane som skiftar spor heile tida, legg seg i mitt spor og kjeklar. Eg blir irritert og lettar kneet litt høgare for å kunne passere.
Eg endar opp i sofaen, framfor kveldsnytt. 

Ser andre som flyktar, frå sola, mot meg. 
Ønskjer seg mitt trygge liv framfor sitt eige. 
Eg raudnar på innsida, eg må setje pris på denne kvardagen, 
setje pris på sporet mitt og tryggleiken i det, 
men eg klarer ikkje å ta det innover meg. 
Fattigdom, elende, krig, naud, frykt og forføljing 
ligg så langt utanfor mi verd og mi fatteevne.
Det må opplevast.



Denne hausten hadde det seg slik at eg plutseleg sat med rimeleg full silikonkonto, samstundes som det openberra seg eit tilbod eg ikkje kunne takke nei til. Ein kollega hadde ramla over eit interessant Prosjekt i sør-aust Afrika, via Flora vidaregåande.


Plutseleg sat vi, fire kollegaer, på eit fly på veg til Malawi, eit lite land, med eit stort hjarte, skulle det vise seg.

Og trass at dei fleste der brukte lite sko med harde soler, har dei no gått opp nye, uutslettelege spor i sjela vår.
 





Laurdag 3. oktober 

i eittida, set vi for fyrste gong beina ned på Malawisk, raud jord.

Stemninga er stor. 
Etter lange timar i lufta og på flyplasstolar er bakendane våre endeleg befridde, dei skal få bevege seg fritt i fleire dagar i nye omgjevnader. 
Vi går ned flytrappa, varmen slår i mot dei haustlege kvardagsvesena våre, eventyret har begynt!
















 Vi blir sjekka for feber, vi blir avbilda og fingerscanna, vi blir godkjende og får stempel i passa. Dette er stort! Lommene er fulle av framand valuta. 








Vi går ned trappa mot fridomen og blir møtt av ein gjeng som spelar, syng og smiler. Det smittar lett, vi smiler vi og, og tresmaken i baken slepper fort taket.




Bagasjen inn i ventande firehjulstrekkar. 



Overveldande temperatur.

 Fargar. Overvelda.




- This is Africa! 






Annleis vegetasjon.

Mange inntrykk. Fortfilm.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar