fredag 8. mai 2015

Fredag 8. mai 2015, frigjeringsdag

Kor blauthjerta skal ein bli før fylte 38 eigentleg? Ikkje har eg opplevd krig og sult, eller anna naud og pine, men i dag da eg køyrde inn gjennom bygda på arbeid tok eg verkeleg til å lure. For da eg såg mor og son heise flagget på morgonkvisten, med fjord og frukttre i bakgrunnen, datt det ned i meg.
Kjære vene kor heldige vi er.






Fødd sist på 70-talet, i Noreg, kom til dekka bord, med uendeleg mange dessertar.
Skulegang, tryggleik, trygg barndom, studielån og arbeid, kjæreste og ungar, hus og heim. Det var liksom berre å plukke av samlebandet ettersom det passerte. Vel inne på skulen møtte eg fire norske flagg på balkongen, og kjensla var komplett.
Inne på kontoret ligg bindersen i skuffa, stilt, beskjedent og unnseleg. Stiller seg til disposisjon ein gong i blant, når papir må samlast. Legg seg attende i skuffa etter utført oppdrag, ventar på eit nytt.
Held papira trygt samla.
Tenk at ein gong, for vel sytti år sidan, var denne oppfinninga med på å halde eit heilt folk samla i eit okkupert land.

I knappeholet.
Heilt lydlaus.
Stum som ein østers.
Til å lite på.
Taus og lojal.
Med makt langt utover sin spede fysikk.

Vi får håpe det held med papirsamling ei god stund til, at den ikkje ligg og ventar på eit større oppdrag. Likevel, den er trygg å ha dersom noko skulle skje...
I mellomtida får vi vere glade for det den var med og gav oss, slik at vi kan bruke tida vår på jorda til å hjelpe andre ut av elendigheit.

I kveld tek eg ein pinne for landet...og bindersen....og fridom....og samhald....og omtanke for dei som ikkje er komne dit vi er.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar