fredag 28. august 2015

På eit sandkorn, på ei strand


Mitt problem i dag er at huset er så ufyseleg rotete,
for eg har slik overflod av ting og klede og mat.
Det er dagens største problem faktisk.
Ungane mine har kvar si seng, med dyner og puter og madrasser, med sengeklede i forskjellige farger og kvaliteter. I gangen har eg sko-par på sko-par, som deler seg og rotar. Sko med gode og slitesterke solar, så kvifor treng eg så mange av dei? Eg som går så altfor lite.. I vaskerommet har eg ein haug med klede som skulle vore vaska, og dei vaskar seg ikkje sjølv, berre nesten, dersom eg gidd å trampe ned trappa og fylle maskinene. På badet har vi varmt og kaldt røyrvatn. Ein dusj vi kan bruke morgon og kveld. Og eit badekar der vi kan legge oss ned og slappe av, for vi har det så travelt i kvardagen, vi har det så travelt for vi må skaffe oss pengar for å kjøpe oss alle desse tinga som ligg og rotar og skjemmer oss bort.
Eg har to gutar som som ikkje ville levd opp om eg hadde vore litt mindre heldig den dagen eg trakk det store loddet, den dagen da eg vart fødd i Noreg.

Det kunne vore meg.
Det kunne vore mine menn som klamra seg fast på ein båt i ukjent farvatn, 
eller min mann som tok sjansen og plasserte seg i ein lastebil med altfor mange andre desperate menneskje. 
Dei kunne vore mine, desse ungane som flyt i land på ei ukjent strand, heilt utan luft i lungene. 
Det kunne vore eg som hadde vinka farvel til dei for fleire veker sidan, 
ikkje fordi eg ville, men fordi det var deira einaste sjanse i verda. 
Det kunne vore eg som gjekk att og håpa at dei nådde fram og fekk leve. 
Det kunne vere eg som resten av mine dagar på jorda skulle leve med eit håp og ei intens bøn om at dei fortsatt pusta i lufta og hadde ei framtid. 
Det kunne vore eg som gjekk der og klamra meg til det einaste som gav livet mitt meining.
Eit håp om at eg hadde gjort rett da eg senda dei frå meg, 
relativt lykkeleg uvitande om at mine verste draumar var  oppfylde, 
at mine kjære låg kalde, stive, einsame og namnlause i eit framandt land.

Det er ikkje meg som går der i dag, 
men det er nokon.
Nokon av kjøt og blod og kjensler.
Nokon som aldri får vete.


Eg får vende meg mot husarbeidet og prise meg lykkeleg for at eg har sjansen til å bry meg med problema det fører med seg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar