tirsdag 5. mai 2015

Ekstern hjerne til besvær.



Ei sjelsetjande oppdaging, eg har utlagt hjerne. Ein ekstern harddisk som kan streike kva tid som helst. Det gjekk opp for meg i dag, da eg ikkje klarte å hugse kva den filmen der Ane Dahl Torp spelar mot Thomas Gjertsen heiter.  Eg er freista til å google dette for å få det ut av verda, den lettaste motstands veg, men eg  lyt vere standhaftig å stå i mot lysta. Eg kan ikkje slå meg til ro med at eg har bytta ut mitt eige langtidsminne med Google. Det er eit sant nederlag.  Eg er engsteleg for framtida. Redd for å utvikle skrumphjerne, ei sviske av ein hjerne som ikkje lenger hugsar fakta om det ikkje er direkte knytt opp mot smerte, glede eller rein nytelse. Eit amøbisk individ, som et og kolliderar med grannen.

Eg er lykkeleg fordi eg er eit middelaldersk menneske som fortsatt kan mitt alfabet, og såleis kan nytte både ordlister og leksikon, om eg får dei oppi hendene. Det er nok ikkje så sikkert dei kan det om 20-30 år, men ein kan kanskje ta eit lite kveldskurs? Ungar som ikkje likar skriftforming er moderne og futuristiske, ein treng ikkje lenge finmotorikk utover touchmetoda. Å kople syn, høyrsle og taktil sans er ut. Ikkje lenger naudsynt. Stogg for all del ikkje utviklinga mot robotsamfunnet. Beauty before brains, du kjem langt med gode søkjeord og LFT-skriving (let, finn, trykk).

Vi skal ikkje frykte framtida der menneskje blir programmerte i 14-års alderen. Tradisjonell konfirmasjon blir bytta ut med installasjon av UngVaksen.07,  når ein fyller femten. Far spring ivrig borti postkassa om våren, for å sjå om programvara er komen.  Endeleg skal poden programmerast til å bli rørleggjar, da får dei endeleg gjort noko med badet… Det som kjem til å koste dyrt heretter er ikkje rørleggjarrekninga, men programoppdateringa….særleg når reistar av menneskjeleg hormonproduksjon slår ut og hindrar operativsystemet i å oppdatere seg automatisk i 17-års alderen.

Au au.

Menneskerasen er så smart at den kjem til å innvikle seg sjølv i rein skjær dumskap. Evnene til annleis-tenkjande menneske med høgt energiniva(ADHD) , blir medisinert vekk og ut av gen-poolen. Såleis slepp vi ei vidare utvikling av menneskehjernen, det hadde vore så energikrevjande og dyrt at vi berre er glade til. Med tankje på alt det desse menneska har av evne og energi  til, er eg redd dei ville ta over verda, med hurtig formering,  livreddande oppfinningar og nye energiformer. For all del, ikkje lat det skje.  Lat oss heller underutvikle hjernane våre med smarttelefon i lomma.

Huff.

Og eg som mislikar SciFi og blir skremd av «Tilbake til femtiden 1», tykkjer det er skummelt at smarttelefonen tappar meg for smartness. For kva i h…. heiter den filmen med Ane Dahl Torp? Eg kjem ikkje på det. Langtidsminne er kraftig redusert, heldigvis kan ikkje dette nedarvast direkte,  sidan eg allereie er reprodusert. Men ungane mine kan gjere fatale valg. Dei kan velge partner på feil grunnlag, dei kan nytte ein app som testar potensiell partners evne til å google.

Skrekk og gru. 

Eg kan ende opp med fem svigerdøtre/-søner med  eksteriør som Barbie,  og interiør i handveska i form av eplefon eller android. Som om det ikkje er vanskeleg nok å vere snill, grei og ikkjedømmande svigermor. Neste gong eg skal ha» ny» mobil blir det ein gammal Nokia, berre for å halde tannhjula i gang.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar