tirsdag 3. mars 2015

Tid for bolig: Hamskifte, forandring fryder.

1

I dag fekk eg i oppdrag av ein nær ven  å oppgradere kjøkenet hennar frå moderat maksimalisme til maksimal realisme. Ein smal sak når ein veit kva ein driv med. Eg tok oppgåva på alvor, og presenterer det endelege resultatet her.

(kan innehalde produktplassering)

Bilete 1, til venstre, viser kjøkenbord i etaravdelinga mot arbeidsavdelinga. Sjølv om furu er på full pupp inn att, blir det heilt feil på så eeeekstremt store flater som her vist. Fruktskåla ser molefonken og åleine ut, midt på bordet. Brettspelduppedittane gjev eit noko oppstilt inntrykk, likar ikkje!
Til høgre har vi styla bordet med svart voksduk frå Stoff og stil, plastboks med leiker frå Ikea, tilfeldig post-og-avis-haug-skulptur frå diverse leverandørar. Mugge frå Tupperware og kofte frå loppis. I det heile tatt, brått mykje meir levande og ekte.

2
Bilete 2. Arbeidsbenk før og etter forvandlinga. Som de ser har benken øverst i bilete eit noko flatt uttrykk. Ein blir ikkje glad og oppglødd av å komme inn her. Her er det lite handfast å ta tak i.
Nedanfor derimot har stylisten, altså eg, teke grep om problema. Ved å plassere den raude vaskebytta, i stativet sitt, ved sidan av benken ser ein betre at her er det noko som skjer. I tillegg til at den har ei deilig raudfarge som gjev liv til treverket som ellers rår i stor grad. Ein enkel og ikkje minst billig måte å fornye boligen på (Nille). Samleis ligg støvsugarslangen slik omlag midt på golvet, slik at ein enkelt kan passere, medan ein nyt synet av den avrunda forma. Knivar frå Victorinox m.a. Ei tavle til å henge ekstra mykje papir og lapperi på, gjer at ein enklare (!) held orden på familemedlemane i kvardagen (Europris)

3

Som de ser nederst i bilete av oppvaskavdelinga prega av ekstrem orden og hygiene, min nære ven lir av ei eller tvangsforestilling om at ting til ei kvar tid skal vere så innihampen ordentlig og pent og reint. Maksimal realisme går hardt ut i motsett retning. Inn med matreistar, tomme mjølkekartongar, opne oppvaskmaskiner frå Miele, sure kjøkenfiller (heimestrikka helst), stabla oppvask og termosen frå søndagsturen. Ikkje gøym deg bak ein mur av grønsåpe, klor, feittfjernar, plumbo, salmiakk, Zalo. Det er vekk-kasta tid. 
Vis kven du er, ja la det skine igjennom. 





Slå deg laus.
Innreiing av hus og kjøken skal vere gøy.
Samt personleg.
Og ikkje minst,
trendy utrendy.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar