fredag 20. mars 2015

20. mars 2015: FNs internasjonale lykkedag.

Lykke er....



Etter noko iherdig radiolytting på veg heim frå jobb vart eg, som vanleg, meir opplyst. I dag er det FNs internasjonale lykkedag, så eg har kjent litt etter sjølv. Eg kjende meg skremande lite lykkeleg.

Og kva var lykke no att? Glede, smil, latter, rikdom, perfeksjon, harmoni, å vere vellykka, skjønnheit, kjærleik, slank fysikk, fin bil, nybeisa hus, grønsåpelukt og roser på bordet?
Det var ei lette å høyre nyanseringa på radioen. Omgrepet lykke er kanskje feil, og i såfall strekkjer vi oss etter eit anna ideal enn kva vi burde gjere. Lykke er for meg ein lettliva, smilande, nesten euforisk uanstrengt og ukomplisert kjenslestatus. Eg blir nesten stressa berre ved tanken på å vere i denne tilstanden for lenge om gongen. Den kjem i små blaff, og helst uventa og bardust og utan at eg var heilt tilstades, men eg kjem på det etterpå, når dei er forbi.

Eg hadde nokre tilfelle denne siste veka, som illustrerer kva eg meiner.  Som til dømes da eg på laurdag vende nasa mot heimlege trakter, og såleis måtte forsere ein fjellovergang frå vest mot aust. ... Eg hadde eit snev av hovudverk ved avreise, noko eg valde å kurere med inntak av store vassmengder oralt. Den ideen i seg sjølv, er ganske fornuftig. Eg lydde til Lynyrd Skynyrd med bilstereoen sin maxbass. Junior i baksetet sovna, sola skein, blå himmel, kvite vidder, skituristar hadde okkupert kvar ein ledig vegskulder og armkrok. Lykke. Strynefjellet var besudla av tidleg påsketuristeri. Eg passerte Grotli, passasjeren sov, bilen gjekk godt, solbrillene var på grevet, bassen dunka. Eg var på veg inn i turen si trasigaste fase,  Grotli-Dønfoss, det er eit utuhenta, kjedeleg vegparti, eg sovnar nesten kvar einaste gong og hugsar aldri at eg har passert når det er over. Denne gongen vart det ikkje slik. Eg var mindfull så det heldt, lenge. Og eg veit kva eg snakkar om. Eg har prøvd meg på strikking, somme meiner ein blir like nedstressa av strikking som av yoga. Ikkje eg, eg blir svært obs på alt eg skulle ha gjort og alt som ikkje blir gjort, så lenge eg sit med ineffektiv tekstilproduksjon. Eg har også i det siste freista fargelegging for vaksne, noko som og er sagt å skulle ha same effekt. Funka ikkje heilt skikkeleg, eg vert heller svært klar over ymse fargeblyantkvalitetar for å ikkje nemne blyantkvessarkvalitetar.

Denne gongen fann eg fram til ein aktivitet som tek pusten frå ein, gjer ein meir skjerpa enn noko anna, alt fokus vart vend inn mot mitt indre sjølv, ingenting klarte å vippe meg av pinnen, eg kan ikkje hugse kor tid sist eg var så til dei grader til stades i nået. Heile kroppen stod i spenn. Det var det lækjande vatnet som skulle kurere gruff i hovudet, som ville ut att. Har de tenkt over kor vanskeleg det er å snike seg til ein pisseplass på ein fjellovergang i skisesongen? Eg kunne liksom ikkje berre la min nette VW caravelle, med plass til mormor og sju av åtte, lene seg innåt den fyrste SUVen eg såg for så å åle meg ned i mellom å vri gamla, som det så poetisk er uttala. Der var særs få vatnavgangshøve langsmed vegen og brøytekantane var høge å bestige, og om eg så hadde gjort det måtte eg etterpå ha grave meg ned til den kjørra eg skulle gøyme meg bak. Eg hadde pissa ut meg lenge før det. Eg køyrde tappert vidare, medan kreative scenario spela på mi indre scene. Eit lite bel vurderte eg kaffikoppen min, men eg har sett komifilmar med slikt utfall og tenkte at så langt er eg ikkje komen. Eg fylte tjuge for nokre år sidan, øl drikk eg lite av og det var berre under mi kvinnelege verdigheit å pisse i ein kopp, i ein bil, med ungen i baksetet. Ferda fortsette. Eg sikta mot bensinstasjonen på andre sida og mobiliserte all tankekraft, eg visualiserte etter beste evne, var ei stund innom Bertrand Larsen, mentaltrenaren. Fødslar gjekk i reprise i sinnet mitt, du har klart deg gjennom verre dagar, hald ut, ver sterk, KNIP for f...!!! Ein kilometer frå målet laut eg svinge til sides, stogge bilen, sjekke tilhøva utanfor, ikkje snakk om! Det var innsyn frå alle kantar, eg bøygde meg for sjenansen. Ut på vegen att, bevisst, klarsynt, forsiktig oppgiring. Lynyrd Skynyrd sine bassbølger påverka no trykket i blæra såpass at dei måtte tre til sides, eg skrudde av radioen. Talde metrane til Statoil. Pusta roleg, men bestemt. Nærma meg. Fyrste avkøyrsla. Blinka. Feil avkøyrsle. Rusa opp att. Skvalping i blæra. Junior Gorg vakna. Svinga til sides. Rett denne gongen. Av med selen, stram beskjed til minsten om å sitje i ro, krisesutuasjon, forklarer seinare. Ut døra. Bestemte steg. Inn på avtredet. Mørkt. Ljosbrytar. Uttafor døra? Innafor? Uttafor likevel? Nei, innafor. Dosetet. Doloket opp. Sitt ned. Slapp av.
Alle bekymringar eg hadde hatt siste kvarteret forsvann i doskåla.
Eg var fri, eg var ny, årelating.
Etter å ha funne att roa og innfridd krava til hygiene, kunne eg forlate toalettet på bensinstasjonen øvst i Skjåk og møte verda med nye auge. Vurderte å kysse føtene til innehavaren da eg kom ut att i butikken, men kjøpte i staden ei pakke med nøtter (av alle rare ting), det var mitt offer til vegguden denne dagen. Vel attende i bilen var eg ei smilande og godt nøgd mor, som akkurat hadde hatt eit enkelt blaff av lykke.

Det hadde vore veldig travelt om eg skulle gå rundt med denne lykkekjensla på permanent basis, det hadde ikkje vore til å leve med. I dag på radioen fekk eg forståing av at det heldt å vere tilfreds med kvardagen slik på det jamne. Ein skulle senke listekravet til lykka. Hadde ein nokon å bry seg om, nokon som brydde seg om ein, ein kropp som fungerte i det daglege så var det godt nok. Og det vart sagt, på P2(!), at ein måtte tulle meir, vere meire tullete, tull og tøys er bra for oss.


Ha ei tullete helg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar