fredag 17. november 2017

Honivold


Kjære lokalavis

Kjære Fjordingen,  eg prøvar å gjere noko fornuftig i dag, difor er det veldig leit at de ikkje kan ta omsyn til det. Når de slepper biletet av forslaget til nytt kommunevåpen for Volda og Hornindal, på ein fredag i føreksamenstid, da gjer de ein slett jobb for meg og nærmiljøet.


Eg får ikkje lese artikkelen på nettet og blir dermed sitjande her i armoda, med meg sjølv og mitt tankespinn. Så øydeleggjande (sikkert for mange andre også). For vi får ikkje med oss den naudsynte forklaringa. Det er ikkje til å unngå, hjernen søkjer å forstå inntrykka den får, den vil setje saman elementa og den vil skape meining. Og den spinn rundt, og det blir rusa der oppe og det ryk or øyra mine og det er såpass at naseblodet skvett. 

Så hardt jobbar den for å forstå alle symbolikken som er putta inn i eit skarve våpenskjold i 2017. Og eg er ikkje spesielt politisk oppdatert, men eg veit der har vore diskusjonar kring denne kommunesamanslåinga, og det vil vel vere å overdrive om ein seier at fleirtalet vann fram, eller, kva veit eg.


Til røtene..

Volda
«Administrasjonen si tilråding til formannskapet var at ein skulle velje pennesplitten (eller ”Det opplyste bondevelde” som framlegget vart kalla), men då på grøn bakgrunn. Pennesplitten var i samsvar med tilrådinga frå nemnda som skulle vurdere dei innkomne framlegga, men den sa imidlertid ikkje noko om farge.» (https://www.volda.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=18&AId=1405)
Lesinga vidare opplyser meg om at dei med knapt fleirtal bestemte at botnen skulle vere blå.

Hornindal
«Hornindal har tre ljåar i sølv på blå botn i kommunevåpenet sitt. Grunnen til dette valet er at bygda i eldre tid hadde svært mange smedar og ein omfattande ljåproduksjon som gjorde bygda kjend i vide krinsar.» (https://hornindal.kommune.no/om-hornindal/kommunevapenet/)

2017
«I samband med samanslåinga av Hornindal og Volda til ein kommune, skal det lagast nytt kommunevåpen. Det blir valt gjennom ein open konkurranse der alle kan delta.
Forslag til kommunevåpen for den nye kommunen skal sendast eller leverast i konvolutt på A4-ark til;
·         Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda
eller
·         Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal
So far, so good
Oppmodinga var klar, her var det berre å finne fram si indre kreative kraft og fargestifter tell ( obs obs berre ikkje så mange av dei fargestiftene). Forslaga er tydelegvis landa i ymse postboksar hjå desse kommunetvillingane som snart skal kle seg i heilt lik symbolikk.

Og som eg allereie har som nemnt; eg har ikkje lese kva som står i avisa, eg anar ikkje kven som står bak redesignen. Eg tykkjer på mange vis det er eit godt ihopsett våpenskjold eg. Etter at eg har lese meg litt opp på heraldikken, trur eg at eg kan godkjenne forslaget. «….. at et våpen ikke skal ha mer enn ett metall og én farge…………….. at skjoldet må tydelig kunne bli avbildet alene ved hjelp av tinkturflater, uten hjelpestreker eller skyggelegging (kalt heraldisk flatestil…..», «….. skjoldfigurer bør være fåtallige, enkle og stiliserte for å oppnå størst mulig farge- og avstandsvirkning.» (https://snl.no/heraldikk)

For det fyrste

Det eg legg merke til er pennesplitten, i midten, eit blikkfang. Flankert av våpen, eller nei, dette er ikkje våpen, men ljåar, (ein avleggs bruksreiskap i likheit med pennsplitten). Javel. Ved nærare ettersyn, på avstand og i snøggheita, kan dette symbolisere noko anna. Med eitt er bilettolkinga i mitt eige hovud meir tvetydig enn eg fyrst trudde.Hmm… skal tru om, ja kva seier gutane her i huset om dette? Seksåringen seier at han ser Jesus, når eg spør kva det er bilete av her, det er noko med dei slengete armane på sidene som snakkar til han. Den andre eg spør ser berre pennsplitten, den tredje ser ein peispust, at dei begge var mest opptekne av å innvie playstationkvelden noterer eg meg som feilkjelde.


Men...
Med omsyn til denne symbolikken melder det seg likevel trøbbel (og eg vil minne om at dette er personlege refleksjonar kring politiske tema som eg ikkje i det heile tatt har grunnlag til å uttale meg om). Eg er meir som ein lek-analytikar å rekne her, men i så tilfelle er vi kanskje fleire, og eg likar godt eventyret om kleda til keisaren og slikt vås… så difor kastar eg meg utpå glatta.

For det andre

-Ho har jo ingen klede på seg!

For det eg ser er kanskje ikkje det du ser, og det du ser er kanskje ikkje det same som eg ser. For etter mitt fyrste inntrykk ser eg noko anna, eg ser kvinna innestengd i ei livmor av eit egg som sit fast i ein koagulert/forsteina menstruasjon. Utanfor står kirurgane klare med store knivar for å frigjere kvinna som berre ventar på naturleg fødsel.
-Phuii.
Og, ja, dette er det andre eg ser. Det neste ein da lyt spørje seg om er; kva betyr så det?
 (Og dette er årsaka til at eg vurderer å gå til sak mot lokalavis som deler dette forstyrrande biletet på fridagen min, heilt utan vidare forklaring, med mindre eg skaffar meg eit akutt-nettabonnement, noko eg sjølvsagt ikkje kan prioritere på ein dag da eg skal produsere saftig og interessant fagtekst for høgskulen i Volda).

Kva for symbol kan eg finne i denne andre tolkinga mi? Jau, ta td. denne stiliserte kvinnekroppen midt i splitten. Kvinna symboliserer liv, noko som også kan seiast om livmora, sjølve opphavet til livet. Altså ligg livet i livmora og ventar på fødinga. Menstruasjonen må vere eit teikn på at såmannen (kven no det kan vere), ikkje har gjort jobben sin. Noko som stemmer dårleg overeins med at det er liv der inne som vil ut.
Hmm..
Etter kvart som eg jobbar meg gjennom analysen er det ikkje lenger snakk om forsteina menstruasjon, det kan ikkje forklarast i lag med faktumet at livmora er med barn. Difor tolkar eg den heller som ein propp, eg tør ikkje spå noko om kven denne proppen gestaltar. Proppen kan vere dei kreftene som har stengt Honndalen inne i pennesplitten (les: Volda).
Reiskapen som er brukt til innhausting, tek gjerne jobben med å hauste, men her er den ikkje i bruk, for som ein ser heng ljåane opp ned på låven.  Ljåane (les gjerne: honndølene) står på stas. Tradisjonelt sett har bøndene fått råde over eiga mark, og gjort bruk av eige potensiale. Dessutan er dei sette til sides, for å gjere plass til pennesplitten som er svanger med Honndalen, som er stappa inn der til tvangsgjæring av ei vinkork. 

Tanken er nok at denne dalen, etter ein periode som ånden i flaska eller noko i den duren, vil sprengje pennesplitten og korken til dunders og lausrive seg frå år med undertrykking. Og oppfylle alle ønskje som nyoppdagarane måtte ha.

Symbolikk med sprengkraft der altså, mykje potensiell energi og fantasytistiske framtidsutsikter.

Godt val, gå for den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar