lørdag 1. november 2014
Guten som målbatt mora
Kva skal ein tru om komande generasjonar av menneske, ikkje det at min
generasjon er fri for feil, men... når du finn sokkar i kjøkkenskåpet i
lag med havregryna og havrefras, og du trampar målmedviten ut på badet
for å konfrontere den som mest truleg er bakmannen for ugjerninga, der
du blir møtt av ein son som FORTSATT, på overtid, kjæler med varmvatnet
frå dusjhovudet. Noko han straks kjenner eit behov for å forsvare, "eg
er akkurat gått i dusjen, eg vart så oppteken med å studere den kjekke
karen i spegelen"....
onsdag 29. oktober 2014
Når trollmor har lagt sine fem små troll.
Inne i ein god skrivestim no, det hjelper med lite
vaksenkontakt. Sidan min mindre gode (sidan han kallar meg sin” betre halvdel”
så lyt det bli slik) halvdel er vekke denne veka, har eg flust av tid til å
marinere meg i usakeleg barnlegdom. No tok eg for meg frukosten i går, i dag
tykte eg i grunnen at middagen var ein høydare….
Dagen i dag har vore full av vaksenoppgåver i selskap med
svært unge ungdomar.
Nummer 1: Få ungane på skulen. Fekk av garde ein, etter mykje
om og men. Da bussen i dag, som i går, gjekk nøyaktig presis, noko vi finn ei
aning upresist, da dei fleste bussar burde gå litt etter ruta for sikkerheita og
vår si skuld.
Nummer 2: Ettersyn av heimeverande fyrsteklassing samt
hanglande noko større gutar, og til sist ein grønsnørrete barnehagegut som
”bejje ville veje hejme å jeke dyjan”.
Nummer 3: Steriliser katta.
Etter to kull og ti ungar sidan april, og ein vel langt
framsegen svangerskaps/fødselsdepresjon, tykte eg det var på tide å få Engunn
sterilisert. 1500 flekk og dermed var kattelivmora vekk. Godt ihopsnurpa,
gruggen og småkvalm vart dyret frakta heim att frå Eid. Katt vel plassert på
oppvakninga på badet, eg gjekk til neste oppgåve.
Nummer 4: Foreldresamtale.
Trappa opp presis som seg hør og bør, kvart på. I hop med ei
anna mor. Ho vann budrunden. Eg måtte vente ein halvtime til, sa læraren. – Går
det verkeleg an å vere så hinsides dårleg på å oppfatte rett klokkeslett? – Ja.
Nummer 5: Middag.
Posefiskesuppe med grønsaksblanding og fiskekakebetar, god
knall tykte eg.
– Dekk bordet, maten er klar! (gløymde å seie at dei ikkje skulle
krangle om oppgåva, uRuthinert). Sjekka pasienten på oppvakninga, som hadde
vakna. Og spydd (ein veit da korleis det er å vakne etter narkose, ikkje alltid
like greitt). Tørke. Vaske. Skure. Overhøyre (heva røyster, brøling og diverse
ukvemsord frå kjøkenet). Etter denne appetittvekkjaren var det inn att på
kjøkkenet, der dei var i full krig om kva slags glas den einskilde skulle ha
(vi har diverre, men heilt bevisst IKKJE standardisert oss der, heller..). Da
glasdebatten var avgort, banka og vedteken, gjekk vi over på bordplassering. Dernest
hadde vi ein lengre diskusjon om korleis vi skulle stokke føtene innunder
bordet, for å ikkje komme borti kvarandre meir enn høgst nødvendig. Her tykte
ordstyrar, les: mor, at det vart ganske høg temperatur på somme av dei umodne
debattantane så ho tok den modne avgjersla å helle eit par dropar vatn i håret
på den eine. Spent på reaksjonane på dette framlegget, vart eg svært godt
tilfreds da det vart møtt med begeistring av forsamlinga, til og med den
forsmådde tykte det var godt påkjeme. Eg prøvde å skjule kor stolt eg var, over
det faktum at eg er så løysningsorientert, så eg pensa straks alle saman inn på
neste sak: ete middag. Ausa opp i fata, så langt very well. Fem minutt seinare
observerte eg at erter låg att hjå den eine, gulrøter hjå den andre, mens den
tredje og den fjerde åt alt så nær som sjølve suppa, nummer fem gav blanke og
tykte suppa ikkje var til anna enn å bade håret til lykketrollet sitt. Henta
inn att nummer fem, medan eg freista å overbevise alle om å ete opp maten sin
og tenkje på alle dei som ikkje hadde så mykje mat. Alle vart brått tyste.
Deretter for den eine på do etter den andre, til sist sete minsten punktum med
å velte vassglaset sitt.
Nummer 6: Drikke ettermiddagskaffi og få nervene under
kontroll. Og der er eg enno….
Ser de JR, så send han heim. Ungane treng vaksenkontakt, dei
og.
Etiketter:
barnsleg,
fiskesuppe,
hverdag,
middag,
modning,
mor,
nynorsk,
småbarnsmor,
troll,
trollmor,
vaksen,
vaksenlivet
tirsdag 28. oktober 2014
Barnsleg krigføring
- Jada, jada!
- Når ein har sett fem små krabatar til verda, som alle skal opp og fram, helst på same tid, hald kjeften og nyt....
- MEN for søren da. Det må vere lov å spørje om det verkeleg skal vere romantisk på denne måten?
: Dagen i dag starta med å kommandere dei som kler seg sjølve i kleda, t.o.m. sokkar. Så er det å få geleida minimannen inn på badet og legge seg sjølv ned på stellematta, for å få ny bleie (for han tykkjer dogåing er oppskrytt). Medan eg snakkar han inn i bleier og klede, utan at han skal pådra seg ein omgang trass, ber eg dei andre dekke bordet UTAN å krangle. Det går nesten.
Når vi alle sit ved bordet, er det om å gjere å booke alle skivene ein skal ete til frukost pluss skiver til å putte i boksen, før alle hine og før det er tomt. Eg sprett opp for å skjere fleire. Kritisk augneblink. Krigar bryt ut når ein snur ryggen til. Eit blikk, ei grimase, ein geip, kampen om smørbutten, osten og pølsa. Krangle om kven som skal få æra av å bruke den maskuline, svarte matboksen vi har i samlinga. Søle litt mjølk. Strekkje mammastrikken, som er litt morken så tidleg på dag.. Og dersom dette går heilt på tverke kan eg risikere at einskilde individ nektar å gå på skulen, og da blir eg ofte litt hissig. Om eg så har vore så heldig å få dei ut av døra utan mein av noko slag, i sinn og skinn (sjeldan), så kan det hende det går bra heilt opp til busskuret. Det kan og hende at einkvan sparkar ein stein inni leggen på ein annen på veg opp, da er det best å springe ned til mor og fyre opp ho og bilen, slik at ein får privatskyss til skuledøra.
I dag vart mor sjøl så vrang at ho laga seg ein dugeleg snål sveis, og sa på sitt vaksne vis:
- "I dag skal eg gå slik å levere i barnehagen, berre for å irritere, det blir sikkert flaut, men det er tilpass åt dykk." Seksåringen gret ein skvett. Og meinte samstundes at eg berre gjorde det for å terge han, personleg. Eg kunne ikkje anna enn å bekrefte nettopp det.
Som sagt så gjort, veit ikkje kven det var verst for, men eg fekk ut litt aggresjon.
- Arrgh! Trur eg skal bygge om huset til kennel, kvar si skål, kvar sin løpestreng, kvar sin trenar og kvart sitt BUR. Men det er vel kanskje ikkje heilt innanfor, ei heller alldeles lov og ønskjeleg.
Dei er ganske søte når dei søv da.
- Når ein har sett fem små krabatar til verda, som alle skal opp og fram, helst på same tid, hald kjeften og nyt....
- MEN for søren da. Det må vere lov å spørje om det verkeleg skal vere romantisk på denne måten?
: Dagen i dag starta med å kommandere dei som kler seg sjølve i kleda, t.o.m. sokkar. Så er det å få geleida minimannen inn på badet og legge seg sjølv ned på stellematta, for å få ny bleie (for han tykkjer dogåing er oppskrytt). Medan eg snakkar han inn i bleier og klede, utan at han skal pådra seg ein omgang trass, ber eg dei andre dekke bordet UTAN å krangle. Det går nesten.
Når vi alle sit ved bordet, er det om å gjere å booke alle skivene ein skal ete til frukost pluss skiver til å putte i boksen, før alle hine og før det er tomt. Eg sprett opp for å skjere fleire. Kritisk augneblink. Krigar bryt ut når ein snur ryggen til. Eit blikk, ei grimase, ein geip, kampen om smørbutten, osten og pølsa. Krangle om kven som skal få æra av å bruke den maskuline, svarte matboksen vi har i samlinga. Søle litt mjølk. Strekkje mammastrikken, som er litt morken så tidleg på dag.. Og dersom dette går heilt på tverke kan eg risikere at einskilde individ nektar å gå på skulen, og da blir eg ofte litt hissig. Om eg så har vore så heldig å få dei ut av døra utan mein av noko slag, i sinn og skinn (sjeldan), så kan det hende det går bra heilt opp til busskuret. Det kan og hende at einkvan sparkar ein stein inni leggen på ein annen på veg opp, da er det best å springe ned til mor og fyre opp ho og bilen, slik at ein får privatskyss til skuledøra.
I dag vart mor sjøl så vrang at ho laga seg ein dugeleg snål sveis, og sa på sitt vaksne vis:
- "I dag skal eg gå slik å levere i barnehagen, berre for å irritere, det blir sikkert flaut, men det er tilpass åt dykk." Seksåringen gret ein skvett. Og meinte samstundes at eg berre gjorde det for å terge han, personleg. Eg kunne ikkje anna enn å bekrefte nettopp det.
Som sagt så gjort, veit ikkje kven det var verst for, men eg fekk ut litt aggresjon.
- Arrgh! Trur eg skal bygge om huset til kennel, kvar si skål, kvar sin løpestreng, kvar sin trenar og kvart sitt BUR. Men det er vel kanskje ikkje heilt innanfor, ei heller alldeles lov og ønskjeleg.
Dei er ganske søte når dei søv da.
Mor, heilt på jordet.
"When you are far away from reality, fantasy won't work"
"When you are far away from reality, fantasy won't work"
Etiketter:
barn,
barnehage,
frokost,
hverdag,
mat,
mor,
morgen,
morgengretten,
nynorsk,
skolebarn,
småbarnsmor,
sveis,
trass,
vrang
fredag 29. august 2014
Vaksen?
På veg inn i fabrikken.
Klar for det nye.
Kjem aldri ut att.
Går langsmed vindauga.
Kikkar ut.
Let opp glaset.
Hoppar ikkje ut.
Blir.
Klar for det nye.
Kjem aldri ut att.
Går langsmed vindauga.
Kikkar ut.
Let opp glaset.
Hoppar ikkje ut.
Blir.
Etiketter:
fabrikk,
livet,
nynorsk,
småbarnsmor,
vaksen,
vaksenlivet
Lykka er normal
Lykka er normal
-eller er den eigentleg det?
Sonen min sat over leksene ein dag og filosoferte.
- Eg er den einaste i klassa mi som ikkje er normal, sa han.
- Kvifor det? Kva meiner du?
- Jau eg er den einaste som går rundt med pumpe og har
diabetes, sa han.
- Ja det er sant, men du er da normal for det, det er vel ingen
av dykk som er heilt like?
I mitt stille sinn tenkjer eg vidare, ”normal” ja, kva er
det?
Og ”vanleg”, kva er vanleg og kva er uvanleg. I ei
skuleklasse, ei normal skuleklasse
vel og merke, fins det ingen elevar som er heilt like, dei er alle innanfor
normalen for ei klasse. Det vanlege er at det fins elevar av alle slag, ljose,
myrke, stille, aktive, somme tek ting lett og andre har tyngre for det, somme
har psykiske utviklingshemmingar andre har fysiske. Det er heilt vanleg med
slik variasjon. Variasjon er vanleg, det normale er at vi ikkje er like! Og
dette skal alle i verda forstå, heilt av seg sjølv? Det er ikkje enkelt.
For ein sit som regel
der åleine i sin eigen kropp og kjenner kor sålen er ujamn og vrista er for
trong. Og om ein tek opp brillene og ser seg rundt er det mykje som blir
freista putta inn i diverse normalar. Ta til dømes agurkane ein kjøper på
butikken, dei er forbausande like! Ikkje sant? For ikkje å snakke om potetene
med om lag same størrelse heile vegen gjennom sekken. Ein får seg ein og annen
vekkjar i kvardagen, faktisk når ein minst ventar dei så sprett dei opp framfor
deg.
Desse ungane mine har altså ein far, han gjekk nettopp fullt
eit rundare år enn i fjor og feira litt meir høglydt enn elles. Han fekk mykje
flott og fint og heimelaga, faktisk, mykje nyttig! Og det er ikkje normalt i
2012 for vi har da det meste…. Og apropos heimelaga, han fekk heimelaga
gulrøter og poteter i to store sekkar. Entusiastiske småskalaprodusentar delte
av sin grøderikdom! Det var ei super gåve og ikkje aldri så lite inspirerande
heller… Økologiske mandelpoteter (eller ”grisæple” som dei eigentleg heiter der
eg kjem i frå), og søte, smakfulle gulrøter, aldri har det vore ete så mykje
oransje røter, så fort rundt middagsbordet vårt før. Poenget mitt var at før
dei kom så langt som til bordet hadde eg meg ei runde med dei over
utslagsvasken, med noko vatn, kost og skrellar. Eg tok meg sjølv i å bli litt
irritert da eg skulle angripe ei heller smekker rot, med to veldreia føter og
noko kurompeaktige vedheng her og der. Eg laut rett og slett partere gulrota
før eg klarte å skrelle ho! Dette tok sjølvsagt både tid og krefter og ikkje
minst; eg laut bruke hjernen min, korleis og kvifor?! Tidsplanen min sprakk
ørlitegrann den dagen, men mest fordi eg vart så oppteken av at vi lever i
denne vanlege verda full av det vi kallar ”normalar”.
Verda er ikkje normal, den burde i allefall ikkje vere det.
Gulrøter som veks i jorda blir ikkje like, solsikkene blir ikkje like lange
alle, ikkje ein normal stein er lik ein annen, ikkje alle tre veltar i stormen,
ikkje alle kattar likar å ligg frammafor peisen, ikkje alle hundar spring etter
bilar. Og det er vanleg og heilt normalt.
Eg innser at eg vorte kjedeleg, eg er blitt van med beine
røter som ligg side om side i ein plastboks, eg har til og med kjøpt
bananmatboksar til gutane der normalbananar med den vanlege bøyen får plass, eg
tykkjer at mobil, PC og nettbrett burde hatt ein standardladar. Det er ganske
fælt, vi har ei slik overflod av ting og mat at vi lyt rydde og systematisere i
genetikken. Og det er ikkje ønskjeleg. Eg er så glad for ungane mine ikkje er
heilt normale, kan ein seie det tru? Det er heilt på kanten kanskje? Dei er
ikkje heilt vanlege nokon av dei, for dei er sin eigen variant. Ei pumpe, eit
blodsukkerapparat, ein mobiltelefon, eit nøkkelknippe. Slike variasjonar er
kanskje lettare synlege, men dei kan gjere sitt til at tankane våre tek ein
omveg eller ein ny veg om du vil. Det tykkjer eg er flott, vi har godt av å sjå
ting som ikkje er heilt som forventa. Ein må ikkje bli redd av den grunn, ein
lyt berre angripe situasjonen på ein annen måte. Gjere noko med sine vante
tankemønster, utvikle seg sjølv. Ein bør
vere eit kålhovud, finne lag innanfor laga, er ein heldig finn ein kanskje ein
kjerne til slutt? Eller kan hende det ikkje er målet, men at det å vete at der
er uendeleg med lag som vi kan avdekke i løpet av livet er flott i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette, meg sjølv og alle andre, til å vere
normalt unormale, vanlege uvanlege, dyrk eigne poteter og gulrøter, og sist,
men ikkje minst; Ver eit kålhovud!
Hit eit steg og dit eit steg...
august 2012
Da er skulen i gang, og i år var eg stolt mor til tre
småstore gutar på skulen sin første dag etter sommaren.
Veret kan ein sjølvsagt nemne som den gode vestlending ein
er vorten, det har vore så som så. August kom fort i år som i fjor, og alle
radiopratarane er komne attende frå ferie og i full sving med skvaldringa att. Skulesekkane
har ropt frå bortgøymde plassar og ein heilt ny sekk har venta veldig spent på
fyrste skuledag. Denne månaden er som vanleg starten på kvardagen, den nye
jamne kvardagen, som kvar haust er litt annleis enn i fjor. Rutine skal gjere
godt både for eitt og hitt, seine kveldar på trampoline eller mindre vellukka
forsøk på teltovernatting i hagen har gjort oss noko døgnville.
På denne tida er viskelæra kvasse i hjørna og blyantane
lange som hesjestaur, bøkene er utan eseløyre og linjene er klare for tal og
bokstavar. Nye sjansar, ny frisk, ny lærdom, nytt skuleår. Spanande kribling i
stort sett heile kroppen!
Denne hausten har vi og fått ny diabetesteknologi å bryne
oss på, ”gamlepumpa” er bytta ut med ei ny pumpe med sensor.
Tidleg i sommar vart vi klar over at pumpe med sensor
faktisk ikkje var så fjernt som vi hadde trudd, for fem år sidan var det
alldeles utenkjeleg at den løysinga skulle komme oss tilgode. Det var feil, no
er vi her! Det går framover. Guten vår har fått sensor og kan nå gå i bursdag
og nabobesøk utan å ta med seg apparatet, han kjenner ei fridomskjensle han
ikkje kan hugse at han har hatt. Det er bere så vidt vi vaksne kan minnast den
tida før diabetesen. Heilt fantastisk!
Sjølv om vi har vorte nokså drevne pumpebrukarar i løpet av
dei siste seks-sju åra er det nye ting å lære heile tida. Ein skal ikkje frykte
at hjernen stagnerar med pumpe i hus. (Enda ein positiv konsekvens av diabetes..).
Tilvenning lyt ein rekne med, det er eit stykkje arbeid som
berre må gjerast. Frå før har vi litt
problem med å godta at slangesettet skal skiftast så ofte som kva tredje dag.
No kjem enda eit stikk på magen, og det er ikkje populært. Eg skjønnar han så
godt, men som mamma får eg berre prøve å sjå forbi det ubehaget eg sjølv
kjenner når eg må hjelpe han over denne kneika fleire gongar for veka. Vi
fokuserar på kor mykje enklare det er å leve eit aktivt liv med sensor. Det å
hive seg på sykkelen og besøke ein kompis eller besta er mindre stress,
blodsukkerapparatet kan bli heime når han fer på ein time med fotballtrening
eller idrettsskule, han har betre oversikt sjølv og kjenner seg tryggare.
Likevel er desse ”stikkesekvensane” i blant så psykisk
krevjande at ein får mest lyst til å gje opp heile prosjektet, men vi gjev det
ein sjanse og håpar at gevinsten viser seg å vere verd smerta.
Ikkje minst den premien det er å kunne legge seg om natta og
kjenne seg tryggare på at ein ikkje får nattleg føling, pumpa har nemleg både
alarm og innebygd stopp ved lågt blodsukker! Det tykkjer eg er flott.
Vi er jammen heldige
her i dette landet, som kan få nytte oss av ny medisinsk teknologi. Det er
ikkje fritt for at tankane mine sviv over til andre mindre heldigstilte land,
korleis har dei små diabetikarane det der? Håpar berre at ikkje denne overfloda
vår skal gjere oss altfor vekkskjemde, slik at vi ikkje greier å sjå vår eiga
lykke eller evner å ta innover oss andre si ulykke. At våre altfor søte små får
leve gode og normale liv, er av enorm verdi for dei sjølve og for oss rundt
dei, men vi må ikkje ta i frå dei moglegheitene til å setje pris på nettopp
det. Og korleis får ein til det, når det ofte kan virke som om alt berre dett
ned i hendene våre? I eit slikt perspektiv blir problema kring stikkinga bitte
små, og eigentleg eit luksusproblem. Eg må berre forstå at for ein åtteåring er
ikkje desse perspektiva på plass. Det skal livets skule og skulen bidra med
etter kvart, i mellomtida får vi berre bite tennene kvar gong det kjem eit lite
stikk. Denne mora betaler i hvertfall sin skatt med glede!
APPSTINENS
Nytt år 2012
Og vips der var jula gått, den plar alltid å gå så fort
etter 1. juledag, det er vel nett der mykje av magien ligg; vi ventar og
forventar i fleire veker, mens den gode, varme, stille familietida er over
etter eit par døgn.
Det er både med vemod og forventning ein går det nye året i
møte, kjekt at det nok ein gong går mot ljosare tider, vår og sommar lokkar.
Sjølv har eg nokre mål for meg sjølv dette året, eg skal bli flinkare med sakte
mat, sakte tid og eg håpar vi får blodsukkeret til 8-åringen inn på rett spor
att. Siste del av hausten har det vore mykje høg måling utan klar
årsakssamanheng. Slikt er frustrerande. Det er inga god kjensle å reise til
kontroll før jula når ein ikkje er tilfreds med reguleringa. Difor, 2012, her
kjem vi! Etter ei jul der sikkert kvar andre julegran hadde selskap av ein
innpakka smartphone i nokre timar på julekvelden, les eg at 2012 vil bli prega
av alle desse duppedingsane som skal gjere livet så mykje enklare for oss. Den
beste duppedingsen eg har bruka til no er insulinpumpa til guten min, den er
ganske smart den også. Likevel, eg trur den har appstinensar. Ein app som kan
snuse opp når guten puttar ein av Berits brune pinnar i kjeften utan å seie
frå, eller når peparkakeelefanten i størrelse XL blir så freistande at ein
berre blir nødt til å putte den inn mellom tennene trass eit blodsukker på 18.
Ein annen app kunne vore skrittellar med alarm som ular verre enn røykvarslaren
når den ikkje har fått røyvd seg på ei altfor god stund. Sjølvsagt kunne vi
alle hatt bruk for ein ”gå og legg deg”- app, men aller mest av alt ønskjer eg
meg ein app som seier frå om føling på natta. Det er så rart med det, men
tykkjer det ofte kjem litt omgansgssjuke i følgje med jula og det gjev grunnlag
for bekymring her i huset. Og sidan det er så viktig med tradisjonar fekk vi
ein omgang med den slags over nyttår. Med 5 gutar under 8 år prøver vi å vere
effektive, så vi klarte å få 4 sjukingar inn på 3 dagar!
Sjokoladefondant
Lita hending kan vekkje vide tankar.
-
Eg gler meg til eg døyr!!
-
Kva? Kvifor det? Seier eg.
-
For da slepp eg å stikke rompen.
Dagen starta som vanleg med sokkeleiting der sokkar ikkje
fins, høgfrekvent klokketitting med
påfølgjande munnleg rapport, småkrangling over doskåla og diskusjonar om rett
og vrang, fram og bak på gensarane. At vi ikkje kan lære oss å stille klokka
slik at ho ringer ti minutt før….
Ved landing attmed kjøkkenbordet viser blodsukkerapparatet
18 og det etter at han var målt til 5 klokka
elleve kvelden i førvegen.
-
Hmm, så rart.
Fram med notata, jau
da, slangesettet(han er pumpebrukar, og får insulin via ein slange som sit
under huda på bakenden) skulle nok ha vore bytta. Sidan guten fekk diagnosa to
år gamal har vi kalla denne operasjonen for ”å stikke rompen”, eit godt
innarbeidd uttrykk i vår heim. For ei tid attende signaliserte han at dette no
kanskje var utgått på dato og at vi skulle prøve å ordlegge oss meir vakse. ”Å
skifte slangesett” skal no nyttast og eg og faren jobbar med oss sjølve for å
hugse dette. Sjølv bryt poden det nye
påbodet med jamne mellomrom. Det ligg vel eit ønskje om å bli større og
vaksnare til grunn, men heldigvis, tykkjer eg, heng han fortsatt att i den
vesle guten…
Ok. Så var det fram med nytt slangesett og barrierekremen
midt oppi skulefrukosten som frå før var prega av stress. Guten legg seg på
sofaen, sjølv om han no tek til å bli ganske stor vil han fortsatt ha nåla på
baken, det kan eg for så vidt forstå for det er ikkje mykje kjøt andre plassar
på den smale gutslampen. To-tre gonger i veka, dei siste seks åra har vi øvd på
å slappe av i denne gigantiske muskelen før vi mottek eit djupt og sviande
stikk. Det blir eigentleg aldri nokon vane, det er og blir vondt, han likar det
ikkje. Så kjem det:
-
Eg gler meg til eg døyr!
-
Kvifor det? seier eg.
-
For da slepp eg å stikke rompen! seier han.
Deretter reiser han seg og går, sur, sint, frustrert og med
breddfulle tårevåte tøff-gut-auger. Og augene mine flaumer over. Medan eg
fortset brødskjering og nistesmøring renn tårene, det er ikkje lett å dølje
slikt og det kjem brått på i blant. Da kjem han bort og spør kva eg er lei for.
Og eg svarar som det er at eg blir veldig trist når han seier at han gler seg
til han døyr. Etter ei lita tenkepause seier han at han ikkje meinte det. Og eg
trur han på det, men likevel spring den vaksne hjernen min ut på ei vond
tankeferd. For eg forstår i mitt inste indre at dette var noko han sa i affekt
for å fortelje kor frustrerande han tykkjer dette er. Eit kraftig verbalt
karatespark tiltenkt lause lufta, men det traff visst noko likevel. Det traff
meg midt i livsmuskelen, og det fekk meg til å tenkje litt meir enn vanleg
klokka halv ni ein torsdagsmorgon.
Diabetes er ikkje berre noko fysisk, men det er og ei
psykisk påkjenning. Kva vil skje med han når åra er blitt enda fleire. Eg lurar
på om frustrasjonen han kjenner på vil auke eller minke. Vil panikken for at
sjukdomen skal øydeleggje moglegheitene bli større? Vil han få lufta tankane og
sortert desse slik at dei letnar eller vil han halde det for seg sjølv slik at
dei tyngjer han?
Det som til sjuande og sist uroar meg mest denne morgonen er
om reaksjonen min vil gjere at han blir redd for å fortelje om kjenslene sine.
Tenk om han ikkje tør og dele med meg fordi han er redd eg ikkje taklar det? For
å sjå mora si gråtande over kjøkkenbenken er nok ikkje så kjekt, og kan hende
enda verre dersom han kjenner seg skuldig… Berre fordi han, med sterke ord,
fortalde meg at stikking ikkje er noko han set pris på.
Eg skjønar at eg må
inn til skjerping att. Pust ut, pust inn. Eg lyt prøve å vere kald utanpå og
varm inni. Eller hard utanpå og blaut inni.
Eg får freiste visualisering som idrettsutøvarane; eg skal
bli ein sjokoladefondant rett og slett!!! Fordi eg trur det er til beste for
guten min.
-Eller?
Det kan vel ikkje vere farleg å vise kjensler sjølv om eg er
den vaksne mora? Det skumlaste er kan hende om eg ikkje tør å snakke om kvifor
eg kjenner det som eg gjer.
Ok.
Eg visualiserer på nytt; skal bli sjokoladefondant med stor
sprekk i, der alt det gode kjem ut.!
Abonner på:
Innlegg (Atom)