Lykka er normal
-eller er den eigentleg det?
Sonen min sat over leksene ein dag og filosoferte.
- Eg er den einaste i klassa mi som ikkje er normal, sa han.
- Kvifor det? Kva meiner du?
- Jau eg er den einaste som går rundt med pumpe og har
diabetes, sa han.
- Ja det er sant, men du er da normal for det, det er vel ingen
av dykk som er heilt like?
I mitt stille sinn tenkjer eg vidare, ”normal” ja, kva er
det?
Og ”vanleg”, kva er vanleg og kva er uvanleg. I ei
skuleklasse, ei normal skuleklasse
vel og merke, fins det ingen elevar som er heilt like, dei er alle innanfor
normalen for ei klasse. Det vanlege er at det fins elevar av alle slag, ljose,
myrke, stille, aktive, somme tek ting lett og andre har tyngre for det, somme
har psykiske utviklingshemmingar andre har fysiske. Det er heilt vanleg med
slik variasjon. Variasjon er vanleg, det normale er at vi ikkje er like! Og
dette skal alle i verda forstå, heilt av seg sjølv? Det er ikkje enkelt.
For ein sit som regel
der åleine i sin eigen kropp og kjenner kor sålen er ujamn og vrista er for
trong. Og om ein tek opp brillene og ser seg rundt er det mykje som blir
freista putta inn i diverse normalar. Ta til dømes agurkane ein kjøper på
butikken, dei er forbausande like! Ikkje sant? For ikkje å snakke om potetene
med om lag same størrelse heile vegen gjennom sekken. Ein får seg ein og annen
vekkjar i kvardagen, faktisk når ein minst ventar dei så sprett dei opp framfor
deg.
Desse ungane mine har altså ein far, han gjekk nettopp fullt
eit rundare år enn i fjor og feira litt meir høglydt enn elles. Han fekk mykje
flott og fint og heimelaga, faktisk, mykje nyttig! Og det er ikkje normalt i
2012 for vi har da det meste…. Og apropos heimelaga, han fekk heimelaga
gulrøter og poteter i to store sekkar. Entusiastiske småskalaprodusentar delte
av sin grøderikdom! Det var ei super gåve og ikkje aldri så lite inspirerande
heller… Økologiske mandelpoteter (eller ”grisæple” som dei eigentleg heiter der
eg kjem i frå), og søte, smakfulle gulrøter, aldri har det vore ete så mykje
oransje røter, så fort rundt middagsbordet vårt før. Poenget mitt var at før
dei kom så langt som til bordet hadde eg meg ei runde med dei over
utslagsvasken, med noko vatn, kost og skrellar. Eg tok meg sjølv i å bli litt
irritert da eg skulle angripe ei heller smekker rot, med to veldreia føter og
noko kurompeaktige vedheng her og der. Eg laut rett og slett partere gulrota
før eg klarte å skrelle ho! Dette tok sjølvsagt både tid og krefter og ikkje
minst; eg laut bruke hjernen min, korleis og kvifor?! Tidsplanen min sprakk
ørlitegrann den dagen, men mest fordi eg vart så oppteken av at vi lever i
denne vanlege verda full av det vi kallar ”normalar”.
Verda er ikkje normal, den burde i allefall ikkje vere det.
Gulrøter som veks i jorda blir ikkje like, solsikkene blir ikkje like lange
alle, ikkje ein normal stein er lik ein annen, ikkje alle tre veltar i stormen,
ikkje alle kattar likar å ligg frammafor peisen, ikkje alle hundar spring etter
bilar. Og det er vanleg og heilt normalt.
Eg innser at eg vorte kjedeleg, eg er blitt van med beine
røter som ligg side om side i ein plastboks, eg har til og med kjøpt
bananmatboksar til gutane der normalbananar med den vanlege bøyen får plass, eg
tykkjer at mobil, PC og nettbrett burde hatt ein standardladar. Det er ganske
fælt, vi har ei slik overflod av ting og mat at vi lyt rydde og systematisere i
genetikken. Og det er ikkje ønskjeleg. Eg er så glad for ungane mine ikkje er
heilt normale, kan ein seie det tru? Det er heilt på kanten kanskje? Dei er
ikkje heilt vanlege nokon av dei, for dei er sin eigen variant. Ei pumpe, eit
blodsukkerapparat, ein mobiltelefon, eit nøkkelknippe. Slike variasjonar er
kanskje lettare synlege, men dei kan gjere sitt til at tankane våre tek ein
omveg eller ein ny veg om du vil. Det tykkjer eg er flott, vi har godt av å sjå
ting som ikkje er heilt som forventa. Ein må ikkje bli redd av den grunn, ein
lyt berre angripe situasjonen på ein annen måte. Gjere noko med sine vante
tankemønster, utvikle seg sjølv. Ein bør
vere eit kålhovud, finne lag innanfor laga, er ein heldig finn ein kanskje ein
kjerne til slutt? Eller kan hende det ikkje er målet, men at det å vete at der
er uendeleg med lag som vi kan avdekke i løpet av livet er flott i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette, meg sjølv og alle andre, til å vere
normalt unormale, vanlege uvanlege, dyrk eigne poteter og gulrøter, og sist,
men ikkje minst; Ver eit kålhovud!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar