Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg

torsdag 5. mars 2015

Dialog frå badegolvsflisene og inn i veslesenga

Ho: No må vi skifte bleia di
Han: Har eg bæsja
Ho: Ja, det har du
Han: Nei!
Ho: Jau, eg kjenner det på lukta.
Han:  Da er ikkje du snill med meg.
Ho: Vi må skifte så du ikkje blir sår.
Han: Okey da
Ho: Å fy, her var det mykje griseri.
Han: Kubæsj?
Ho: Ja
Han: Vi har ku i fjøsen vi
Ho: Ja, det har vi
Han: Og sau og geit
Ho: M m
Han: Og hesten
Ho: Ja, og hesten
Han: Og besten
Ho: Han og
Han:Mamma, har vi oksa?
Ho: Ja, det har vi
Han: Kor mange oksa har vi da
Ho: Eg veit ikkje, du får spørje far din
Han: Kor mange !?
Ho: Eg veit ikkje, sa eg
Han: Kor mange!? Sei det!
Ho: 3-4 kanskje
Han: Kor mange, sa du?
Ho: 5-6?
Han: Åhhh, berre sei det!
Ho: Vi har ti!
Han: Ok, så sei det da
Ho: Javel
Han: Ikkje sei "javel"
Ho: Neivel
Han: No terga du meg mamma
Ho: Nei, men eg tru du er litt trøytt
Han: Eg er ikkje trøytt, da er ikkje du bestevennen min lenger
Ho: Huff, da blir eg trist
Han: Ikkje ver lei deg mamma
Ho: Vil du ha tiger- eller sebrableie?
Han: Tiger
Ho: Ok
Han: Nei, eg vil ha sebra
Ho: Javel
Han: Ikkje sei "javel"
Ho: Ok
Han: Ikkje sei "ok"
Ho: -
Han: Mamma er du lei deg?
Ho: Neida, berre litt trøytt
Han: Eg er ikkje trøytt eg
Ho: Nei, du er vel ikkje det du, men nå skal du og bamsen legge dykk
Han: Nei, eg vil leike med dyra og broren
Ho: Det får bli i morgon, no er det natta
Han: Det er dårlig gjort
Ho: Eg trur bamsen ligg og ventar på deg
Han: I senga mi?
Ho: Ja
Han: Eg gledar meg! Kan eg få susse deg på nasa mamma?
Ho: Ja
Han: (Kysser ho, og ler høgt)
Ho: (ler høgt)
Han: Kan du synge om reven og lammet
Ho: Ja, det kan eg
Han: Og litol æ e?
Ho: Ja, den og
Han: No kan du gå ut mamma. Døra på gløtt.
Ho: Natta snuppeluppen
Han: Eg er ikkje snuppelupp, du er
Ho: Ok
Han: Natta mamma
Ho: Natta vennen. Glad i deg
Han: Glad i deg også




tirsdag 3. mars 2015

Tid for bolig: Hamskifte, forandring fryder.

1

I dag fekk eg i oppdrag av ein nær ven  å oppgradere kjøkenet hennar frå moderat maksimalisme til maksimal realisme. Ein smal sak når ein veit kva ein driv med. Eg tok oppgåva på alvor, og presenterer det endelege resultatet her.

(kan innehalde produktplassering)

Bilete 1, til venstre, viser kjøkenbord i etaravdelinga mot arbeidsavdelinga. Sjølv om furu er på full pupp inn att, blir det heilt feil på så eeeekstremt store flater som her vist. Fruktskåla ser molefonken og åleine ut, midt på bordet. Brettspelduppedittane gjev eit noko oppstilt inntrykk, likar ikkje!
Til høgre har vi styla bordet med svart voksduk frå Stoff og stil, plastboks med leiker frå Ikea, tilfeldig post-og-avis-haug-skulptur frå diverse leverandørar. Mugge frå Tupperware og kofte frå loppis. I det heile tatt, brått mykje meir levande og ekte.

2
Bilete 2. Arbeidsbenk før og etter forvandlinga. Som de ser har benken øverst i bilete eit noko flatt uttrykk. Ein blir ikkje glad og oppglødd av å komme inn her. Her er det lite handfast å ta tak i.
Nedanfor derimot har stylisten, altså eg, teke grep om problema. Ved å plassere den raude vaskebytta, i stativet sitt, ved sidan av benken ser ein betre at her er det noko som skjer. I tillegg til at den har ei deilig raudfarge som gjev liv til treverket som ellers rår i stor grad. Ein enkel og ikkje minst billig måte å fornye boligen på (Nille). Samleis ligg støvsugarslangen slik omlag midt på golvet, slik at ein enkelt kan passere, medan ein nyt synet av den avrunda forma. Knivar frå Victorinox m.a. Ei tavle til å henge ekstra mykje papir og lapperi på, gjer at ein enklare (!) held orden på familemedlemane i kvardagen (Europris)

3

Som de ser nederst i bilete av oppvaskavdelinga prega av ekstrem orden og hygiene, min nære ven lir av ei eller tvangsforestilling om at ting til ei kvar tid skal vere så innihampen ordentlig og pent og reint. Maksimal realisme går hardt ut i motsett retning. Inn med matreistar, tomme mjølkekartongar, opne oppvaskmaskiner frå Miele, sure kjøkenfiller (heimestrikka helst), stabla oppvask og termosen frå søndagsturen. Ikkje gøym deg bak ein mur av grønsåpe, klor, feittfjernar, plumbo, salmiakk, Zalo. Det er vekk-kasta tid. 
Vis kven du er, ja la det skine igjennom. 





Slå deg laus.
Innreiing av hus og kjøken skal vere gøy.
Samt personleg.
Og ikkje minst,
trendy utrendy.






søndag 1. mars 2015

Små, søte englar.

Tør ikkje sove i natt.


Vakne midt i natta,
 ikkje få sove att.
Ein liten kropp i armane,
tett, tett inntil.

Vil skrike, rope og nekte.
Seie høgt at ein ikkje vil.
 Trøyste, lirke og rå.
vere den som veit best.
Kaste seg på golvet,
gjere kva som helst.

Flytte tida attende,
til berre glede, latter og smil.
Ønskje tidene velkomne,
vindauga opne når ein køyrer bil.

Vil seie at det går over,
at snart er alt forbi.
Vil love at smerta forsvinn,
men veit den er for å bli.
Vil løfte, hjelpe og bere.
Men aldri blir ein fri,
skal vere her med deg og oss,
heile vår tilmålte tid.

Når krampene blir så sterke,
og blikket altfor skremt.
Når mammahjertet verkar,
dunkar tungt og tent.
Små, kvite, skjelvande lepper
og pupillane som stikk.
Omringa av lydar ein vil stilne,
fordi det skal ikkje vere slik.

Vete at ein må handle,
må redde eit lite liv.
Det var ikkje siste gongen,
berre fortsett og kliv.

- Lat han vere, 
ta meg i stan.
Ikkje til å bere,
at slikt byte ikkje går an.

Redd mamma, 2015

torsdag 26. februar 2015

Dagens interiør:Lyssetting, ein kunstart.

Bruk av lyskjelder på barnerom.

Har du nokon gong kleia deg i skjegget og lurt på korleis du kan bruke kunstig lys for å få boligen din til å framstå som eit gjennomført, stilig designmekka, men likevel med personleg tilsnitt og sjarme?

Du kan gjere mykje berre ved å tenkje gjennom korleis du plasserer lyskjeldene, og kva for aspekt ved rommet du ønskjer å framheve. Du vil bli overraska over kor enkelt dette kan gjerast. Det krev minimalt med tid og ressursar, men gjer stor forskjel.

IKKJE SLIK: Med overdreven lysbruk vil rommet framstå som rotete og uoversiktleg. Det kan gjere det vanskeleg å finne  fram til rommet sitt hovudformål.
MEN SLIK: Rett mengde lys. Rett fokus og fullstendig oversikt.
  

onsdag 25. februar 2015

Trendbilag 2015, maksimal realisme på frammarsj.

Enkel oppussing av gammal stressless.

Drapér klevasken tilfeldig rundt stolen, supplér gjerne med ei fletta korg i pil for å få ein touch av bonderomantikk. Morsomt og spennande uttrykk.

Handarbeidstrenden er komen for å bli, no ikkje berre som noko ein gjer på kveldstid til TV-en, men som borddekor. I kombinasjon med henslengt National Geographic gjev dette inntrykk av globalt fokus og lokal handlekraft.

 Organisk materiale i samspel med velbrukt gjenstand frå mineralriket, tilfører interiøret nærleik til jorda. Fleirbruk og gjenbruk er også vindar som bles sterkare en før. Lat interiøret spegle personlegdomen din, vis at du bryr deg.
 Tradisjonell dandering av lyskjelder er avleggs, tenk liv, tenk nytt, bruk humor. Fortel andre kven du er via interiørstil.
Kvifor ikkje bytte ut puta med ein gul ukulele? Vegen til din indre rytme er kortare enn du trur.
Definitivt god feng shui.
Bruk enkle syltetøyglas til fargeblyantane . Gøym dei bak potteplantane, slik at dei ikkje stel for mykje visuell plass. Lat ungane få leite dei opp, engasjer dei. Lat dei ta ei pause frå data og TV, ungar elskar den praktiske tilnærminga og mor tykkjer det seier så mykje bra om dei som familie......
Lenge har vi høyrt snakk om å utnytte plassen, lat golva vere fri for rot, heng ting på veggen.

"Bruk golva" siglar no opp som det neste, store mantraet.






Mote har alltid vore, 

og vil alltid vere, 

prega av vekslande trendar og mottrendar.


2015 er ikkje noko unnatak!