Inne i ein god skrivestim no, det hjelper med lite
vaksenkontakt. Sidan min mindre gode (sidan han kallar meg sin” betre halvdel”
så lyt det bli slik) halvdel er vekke denne veka, har eg flust av tid til å
marinere meg i usakeleg barnlegdom. No tok eg for meg frukosten i går, i dag
tykte eg i grunnen at middagen var ein høydare….
Dagen i dag har vore full av vaksenoppgåver i selskap med
svært unge ungdomar.
Nummer 1: Få ungane på skulen. Fekk av garde ein, etter mykje
om og men. Da bussen i dag, som i går, gjekk nøyaktig presis, noko vi finn ei
aning upresist, da dei fleste bussar burde gå litt etter ruta for sikkerheita og
vår si skuld.
Nummer 2: Ettersyn av heimeverande fyrsteklassing samt
hanglande noko større gutar, og til sist ein grønsnørrete barnehagegut som
”bejje ville veje hejme å jeke dyjan”.
Nummer 3: Steriliser katta.
Etter to kull og ti ungar sidan april, og ein vel langt
framsegen svangerskaps/fødselsdepresjon, tykte eg det var på tide å få Engunn
sterilisert. 1500 flekk og dermed var kattelivmora vekk. Godt ihopsnurpa,
gruggen og småkvalm vart dyret frakta heim att frå Eid. Katt vel plassert på
oppvakninga på badet, eg gjekk til neste oppgåve.
Nummer 4: Foreldresamtale.
Trappa opp presis som seg hør og bør, kvart på. I hop med ei
anna mor. Ho vann budrunden. Eg måtte vente ein halvtime til, sa læraren. – Går
det verkeleg an å vere så hinsides dårleg på å oppfatte rett klokkeslett? – Ja.
Nummer 5: Middag.
Posefiskesuppe med grønsaksblanding og fiskekakebetar, god
knall tykte eg.
– Dekk bordet, maten er klar! (gløymde å seie at dei ikkje skulle
krangle om oppgåva, uRuthinert). Sjekka pasienten på oppvakninga, som hadde
vakna. Og spydd (ein veit da korleis det er å vakne etter narkose, ikkje alltid
like greitt). Tørke. Vaske. Skure. Overhøyre (heva røyster, brøling og diverse
ukvemsord frå kjøkenet). Etter denne appetittvekkjaren var det inn att på
kjøkkenet, der dei var i full krig om kva slags glas den einskilde skulle ha
(vi har diverre, men heilt bevisst IKKJE standardisert oss der, heller..). Da
glasdebatten var avgort, banka og vedteken, gjekk vi over på bordplassering. Dernest
hadde vi ein lengre diskusjon om korleis vi skulle stokke føtene innunder
bordet, for å ikkje komme borti kvarandre meir enn høgst nødvendig. Her tykte
ordstyrar, les: mor, at det vart ganske høg temperatur på somme av dei umodne
debattantane så ho tok den modne avgjersla å helle eit par dropar vatn i håret
på den eine. Spent på reaksjonane på dette framlegget, vart eg svært godt
tilfreds da det vart møtt med begeistring av forsamlinga, til og med den
forsmådde tykte det var godt påkjeme. Eg prøvde å skjule kor stolt eg var, over
det faktum at eg er så løysningsorientert, så eg pensa straks alle saman inn på
neste sak: ete middag. Ausa opp i fata, så langt very well. Fem minutt seinare
observerte eg at erter låg att hjå den eine, gulrøter hjå den andre, mens den
tredje og den fjerde åt alt så nær som sjølve suppa, nummer fem gav blanke og
tykte suppa ikkje var til anna enn å bade håret til lykketrollet sitt. Henta
inn att nummer fem, medan eg freista å overbevise alle om å ete opp maten sin
og tenkje på alle dei som ikkje hadde så mykje mat. Alle vart brått tyste.
Deretter for den eine på do etter den andre, til sist sete minsten punktum med
å velte vassglaset sitt.
Nummer 6: Drikke ettermiddagskaffi og få nervene under
kontroll. Og der er eg enno….
Ser de JR, så send han heim. Ungane treng vaksenkontakt, dei
og.
Elsker måten du skriver på! Vil du se bloggen min? Det er mest bilder. ;)
SvarSlettSend meg en mail på gofachs@hotmail.com
Ja til hyppige innlegg! Blogger mens jeg ammer.. Stå på, du er flink!
Juhu! Takk for kommntar Lene. Sjekk innboksen din
Slett