august 2012
Da er skulen i gang, og i år var eg stolt mor til tre
småstore gutar på skulen sin første dag etter sommaren.
Veret kan ein sjølvsagt nemne som den gode vestlending ein
er vorten, det har vore så som så. August kom fort i år som i fjor, og alle
radiopratarane er komne attende frå ferie og i full sving med skvaldringa att. Skulesekkane
har ropt frå bortgøymde plassar og ein heilt ny sekk har venta veldig spent på
fyrste skuledag. Denne månaden er som vanleg starten på kvardagen, den nye
jamne kvardagen, som kvar haust er litt annleis enn i fjor. Rutine skal gjere
godt både for eitt og hitt, seine kveldar på trampoline eller mindre vellukka
forsøk på teltovernatting i hagen har gjort oss noko døgnville.
På denne tida er viskelæra kvasse i hjørna og blyantane
lange som hesjestaur, bøkene er utan eseløyre og linjene er klare for tal og
bokstavar. Nye sjansar, ny frisk, ny lærdom, nytt skuleår. Spanande kribling i
stort sett heile kroppen!
Denne hausten har vi og fått ny diabetesteknologi å bryne
oss på, ”gamlepumpa” er bytta ut med ei ny pumpe med sensor.
Tidleg i sommar vart vi klar over at pumpe med sensor
faktisk ikkje var så fjernt som vi hadde trudd, for fem år sidan var det
alldeles utenkjeleg at den løysinga skulle komme oss tilgode. Det var feil, no
er vi her! Det går framover. Guten vår har fått sensor og kan nå gå i bursdag
og nabobesøk utan å ta med seg apparatet, han kjenner ei fridomskjensle han
ikkje kan hugse at han har hatt. Det er bere så vidt vi vaksne kan minnast den
tida før diabetesen. Heilt fantastisk!
Sjølv om vi har vorte nokså drevne pumpebrukarar i løpet av
dei siste seks-sju åra er det nye ting å lære heile tida. Ein skal ikkje frykte
at hjernen stagnerar med pumpe i hus. (Enda ein positiv konsekvens av diabetes..).
Tilvenning lyt ein rekne med, det er eit stykkje arbeid som
berre må gjerast. Frå før har vi litt
problem med å godta at slangesettet skal skiftast så ofte som kva tredje dag.
No kjem enda eit stikk på magen, og det er ikkje populært. Eg skjønnar han så
godt, men som mamma får eg berre prøve å sjå forbi det ubehaget eg sjølv
kjenner når eg må hjelpe han over denne kneika fleire gongar for veka. Vi
fokuserar på kor mykje enklare det er å leve eit aktivt liv med sensor. Det å
hive seg på sykkelen og besøke ein kompis eller besta er mindre stress,
blodsukkerapparatet kan bli heime når han fer på ein time med fotballtrening
eller idrettsskule, han har betre oversikt sjølv og kjenner seg tryggare.
Likevel er desse ”stikkesekvensane” i blant så psykisk
krevjande at ein får mest lyst til å gje opp heile prosjektet, men vi gjev det
ein sjanse og håpar at gevinsten viser seg å vere verd smerta.
Ikkje minst den premien det er å kunne legge seg om natta og
kjenne seg tryggare på at ein ikkje får nattleg føling, pumpa har nemleg både
alarm og innebygd stopp ved lågt blodsukker! Det tykkjer eg er flott.
Vi er jammen heldige
her i dette landet, som kan få nytte oss av ny medisinsk teknologi. Det er
ikkje fritt for at tankane mine sviv over til andre mindre heldigstilte land,
korleis har dei små diabetikarane det der? Håpar berre at ikkje denne overfloda
vår skal gjere oss altfor vekkskjemde, slik at vi ikkje greier å sjå vår eiga
lykke eller evner å ta innover oss andre si ulykke. At våre altfor søte små får
leve gode og normale liv, er av enorm verdi for dei sjølve og for oss rundt
dei, men vi må ikkje ta i frå dei moglegheitene til å setje pris på nettopp
det. Og korleis får ein til det, når det ofte kan virke som om alt berre dett
ned i hendene våre? I eit slikt perspektiv blir problema kring stikkinga bitte
små, og eigentleg eit luksusproblem. Eg må berre forstå at for ein åtteåring er
ikkje desse perspektiva på plass. Det skal livets skule og skulen bidra med
etter kvart, i mellomtida får vi berre bite tennene kvar gong det kjem eit lite
stikk. Denne mora betaler i hvertfall sin skatt med glede!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar