Viser innlegg med etiketten nød. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nød. Vis alle innlegg

søndag 30. august 2015

Handklebretting i tida. (reklama må, om naudsynt, lesast som ironiske verkemiddel)


Om å brette handkle og finne meininga med livet.
http://argumentsworthhaving.com/2014/09/21/the-kkk-vs-isis-the-wrong-kind-of-analogy/
            Eg blir rett og slett flau over livet mitt når eg ser det i lys av det som skjer ute i verda. Ei fråtsing i klede, mat, interiør, design, personlege trenarar, hudpleiesalongar, skobutikkar, nettshopping, godteri og meire mat. Biologien min er god og mett den, stappmett. Alle basale behov er dekt.

            Men korleis vart det med sjela, korleis forar ein den? Skikkeleg smakfull mat i godt lag vil nok hjelpe på den og, men det held vel ikkje for å halde sinnet sunt? Den åndelege føda bør vel og vera av variert kvalitet? Eg har forstått det slik at mange finn slik føde i form av religion og gudstru. Kven er no denne guden? Eg anar ikkje kven han er, men eg har ei forståing av at han betyr mykje for mange, over heile jorda. Om ein ikkje sit inne med ei tydeleg gudstru, så kan ein ha tru på menneska og at dei kan bruke planeten til noko fornuftig, fram mot den dagen sola seier takk for seg.

            Det handlar om å ha noko å lite på og vere tru mot, og det behovet kjenner vi vel alle. Det rare er at menneska som trur på gud, vel å vise trua si på forskjellige måtar. Og det, tenkjer eg, er vel heilt greitt?  Så enkelt er det sjølvsagt ikkje, for det vil alltid vere slik at vi kappast om å ha rett. Min måte å tru på er betre enn din måte. Ei stor sandkasse, med mange personlegdomar, og mange måtar å bruke ein spade på.

I mitt hus finst det sju forskjellige måtar å brette handkle på, min måte er den beste. Det blir krangel av slikt, det kan eg love deg. For når alle gjer det på min måte tykkjer eg det ser så fint ut inni baderomsskåpet, men når alle gjer det forskjellig blir det berre rot. Så korleis kjem vi oss vekk frå denne floken? Det er ikkje lett, skal eg seie deg. Det er snakk om profesjonell kamelsvelging. Likevel blir vi eininge om at vi vil ha fred mellom partane slik på det jamne, så vi lever i lag, med til tider svært kaotisk baderomsskåp. Heldigvis klarer vi å late igjen døra, slik at vi ikkje ser dette rotet. Med tida blir det ein vane, og vi godtar meir av andre sine metoder, lærer kanskje nokre triks av dei andre undervegs, og til sist høver vi likevel i lag. Eg kunne ha prøvd og kasta ut alle handkleda mannen hadde bretta og be han gjere det opp att etter mi metode, men eg trur det hadde vore å erklære krig. Ikkje fordi han er så besett av si eiga metode nødvendigvis, men fordi eg ikkje respekterte at hans metode vart praktisert og fungerte(til ein viss grad).

Å gje og ta, å vise respekt, det er det som skal til.

            Lat oss seie at eg nekta andre enn handklebrettarar av mi metode, å plassere handkle i skåpet på badet. Dei hine la handkleda utanfor skåpet i skakke stablar. Dei gadd ikkje prøve eingong, men mine handkle låg fint bretta innafor døra, slik at ingen såg dei. Eg tykte ein dag at det var for gale, så eg opna døra så dei fekk sjå kor fint det såg ut.

Nydeleg, tykte eg. Sjå og lær.

I staden for å ta lærdom bestemte dei hine seg for å mobilisere til kamp, dei utarbeidde ein felles tungvinn og lite strukturert metode for bretting og stabling, men den fungerte fint for dei. Plutseleg ein dag, da eg kom heim var alle mine handkle hivd på golvet, eg fekk beskjed om at dei var færre og alt for konservativt, kjedeleg og lite kreativt bretta. Dei måtte vike for denne nye felles, blomstrande bretteforma. Så sat eg der og såg på, medan dei kosa seg med brettinga, snakka og diskuterte korleis dei kunne farge handkleda i ymse fargar for å få uttrykket, om mogleg, enda gladare. Eg kjende meg utanfor og einsam, og tykte det var vanskeleg å få innpass i fellesskapet, ingenting var igjen min handklebrettararv.

Eg hadde tapt kampen om kleskåpet, og for seint forstått at det er fleire måtar å fylle ei hylle på. Eg hadde vore stri og blind for andre sitt syn, berre fordi eg vil vere herre over eit baderomsskåp og fylle det med berre min tradisjon og mitt livvsyn.

Kva har eg lært av denne tankerekkja, ein søndag i august?

Jau, trångsyntheit og frykt for framandt kan hindre utvikling og til sist kan det stengje meg ute av mitt eige liv. Så lat oss ikkje stenge andre ute frå skåpet vårt, lat dei komme inn og lære oss noko nytt. Det vil koste og det vil krevje, men vi vil få att noko annleis som til og med kan vere betre.





torsdag 16. april 2015

Eg tek sterk avstand frå tobakk i innrøykte underbukser! Om feil signal og velstand

Dagens store bekymring over fem koppar brasiliansk kaffi og sesongegg frå Anthon B.

Etter obligatorisk smugrøyking i unge år, konvertering til vasspipe og frukttobakk tidleg i tjueåra er og no heilt avvendt og fulltids-vassdampsjunkie. Eg veit kvar eg står. Eg vil heller få tusenvis av syrere på døra, enn å måtte røykje ein tjuepakning.
Grunna tilårskomen kondenstørketrommel er eg redd eg har sendt ut heilt feil signal i dag.
Eg bur i eit velstandsland, det betyr at ungane mine har så mykje klede at eg ikkje anar kvar eg finn to like sokkar. Eg veit heller ikkje om vi har to like sokkar, men vi har sokkar, i hopetal. Sjølvsagt lyt ein, i slik velstand, ha hjelp med klestørken, så vi har kosta på oss eit slikt elektrisk maskineri. (Om det ikkje forureinar vel mykje? Ikkje noko å snakke om, vi er så få her til lands, som å pisse i havet har eg høyrt).
Det berre måtte bli slik, ellers måtte vi ha hengt opp klede, morgon og kveld, kvar dag, heile veka. Det gjekk ikkje lenger utan. Vi måtte prioritere å leve litt og, det var harde kår utan tørketrommel frå Miele.
No er den altså begynt å bli gamal og full av rusk og rask frå x antal programgjennomkøyringar. Her om dagen rauk det da eg opna døra og tok ut ei samling av familien sine, meir eller mindre musetne, underbukser. Dessverre dekkjer ikkje innbuforsikringa vår røykskadde underbukser. Miele kan ikkje saksøkjast, det stod visst eit eller anna med lita skrift, om vedlikehald og rutinemessig reinhald av kvitevara.
Kven har vel tida til slikt?

I dag har eg difor undervist elevane mine i røykskadde underbukser, sendt ut signal om at det er kult å røykje i nettoen. Det er berre så feil. Ikkje berre står ryktet mitt på spel, men eg må erstatte 20 truser med pengar frå eiga lomme.

 Eg er så glad eg bur i Noreg, her eg kan få dei nestenbillig på H&M. Slik at det ikkje treng å gå utover matbudsjett, kosekle-budsjettet, designbrille-budsjettet, ski-budsjettet, frisørbudsjettet, bittskinne-budsjettet, godteribudsjettet, feriebudsjettet, pensjonssparinga og hyttesparinga, fotolinsebudsjettet, dieselbudsjettet og fotballskobudsjettet. Og heldigvis så har eg betalt min skatt, slik at eg kan hente insulin på apoteket utan å dra eit einaste kort......


I grunnen mest bekymra for ryktet mitt.