Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg

lørdag 25. mars 2017

Frå pupp, via Minecraft til innsyn i den neste verda.


Kva veit vel eg?

Som mor og lærar og samfunnsborgar prøvar eg å forstå denne verda. 
Det er ikkje lett.

Om ein tek den mor-beten fyrst, å bli mor var enkelt, når deigen fyrst var komen på heving. Når bollen kom ut av omnen skifta ein status til mor, det berre skjedde automatisk. Det var pupp og bleier og mat og kos og tryggleik og grensesetting og sosialisering og horisontutviding. Det gjekk meir eller mindre av seg sjølv, instinkta var til god hjelp.

Bolleomnen var produktiv i fleire år, men så vart den nedlagt. Deretter var det berre å følgje opp desse podane som var halvt deg, halvt ein annen og heilt seg sjølv. Som bleieskiftarbeider i graut- og puppbobla var det ikkje så lett å ense verda utanfor, det skal vel heller ikkje vere det. Fokus skal vere innover mot hiet, det er rett. Oppkast, feber og søvnløyse var altoppslukande og ein kjende at all uffing og okking kom av seg sjølv, heilt naturleg og med god grunn. Ein kunne spreie rundt seg med referat frå stellebord, nattskiftet, grautskåla og ymse trassaldrar, både online og offline. Ein kunne kose seg litt med at ein fekk gehør og at andre kjende det på same måten, ein kunne sjå tragikomedien i det og le av seg sjølv med gulpeflekkar på kragen. Og alt dette var, sett i etterkant, enkelt, det var ein veg; opp og fram, det var berre å klive over kneika, halde seg fast i røter og kantete steinar. Ein kosa,  gret, skratta og åla seg framover og var trass alt den viktigaste personen i livet til nokre få, små menneske. Og dette var ikkje noko problem, for det var slik det skulle vere.
Så det kan eg slå fast for meg sjølv; å bli mor var lett, det berre skjedde med meg.

Etter kvart blir desse små, noko større, noko eige, noko anna. Dei leikar seg ute og inne og oppe og nede, i tre og i bekken, og radiusen kan bli stor. Dei tek til på skulen og dei sparkar fotball, dei går på ski, dei syklar, dei dett ned, dei blir ihopsydde, dei blir spjelka, dei kranglar og dei er vener. Alt er normalt, vi vaksne jobbar og kostar og køyrer bil og drikk kaffi. Det er kvardagen og den er ikkje glamorøs, den er grei og god og okei.

Så spør ein seg sjølv, kva skal ein vente av kvardagen? Plankekøyring eller grøftekøyring, punktering og ei og anna ripe i lakken? Drømmescenarioet er ryddig hus, reine klede med tellekantar, harmoni, venlege smil i treffsikre pasningar mellom familiemedlemane, gode samtaler, faste leksestunder, rutinerte treningsøkter, blomsterbukett på bordet, middagsselskap med vener i helga, reine ungar med håret på stell, funksjonelt kjøken og vaskerom forkledd med utsøkt estetikk og akustikk, friske sengeklede med eit hint av lavendel og ei mor med nappa bryn og trimma kant.

Det er i alle fall det ein drøymer om, og trur er toppen av lykke. Og somme gonger kan ein få ei kjensle av at ein nesten er der, eller i alle fall ein stad i nærleiken. Det kan vere eit par timar før jula blir ringt inn, eller dei femten minutta etter at du har vaska golva midt i huset. Dersom ein har opptil fleire avleggjarar som bur  i same hus, kan dette vare i så korte blaff at ein trur det berre var ein draum. No skal ein vere forsiktig med å skulde alt kaoset på dei yngste i huset, om ein ikkje er av dei mest ryddige menneska sjølv. Da kan det vere ein er heldig og avlar fram to små, som ein klarer å oppdra på gunstig vis til å ta på seg ymse arbeidsoppgåver i heimen. Er ein rotete av seg og plutseleg får vifta seg fram til ein lysning i ammetåka og ser at det er blitt fem avkom, ja da kan det hende at ein må få profesjonell kaoskontroll på besøk. Slik sett kan ein få det praktiske, huset, lekser og all aktivitet, inn i eit slags skjema. Og om ein senkar krava betrakteleg, så kan den praktiske kvardagen i huset bli til å leve med, utan kaoskontroll og.

Har ein fire skuleungar i hus, seier det seg sjølv at mykje av kveldane går med til lekser, for dei. Som foreldre skal vi støtte, lytte og hjelpe. Og det skulle vel vere null problem, dersom ein set av tid og skrur av alle skjermar og radioar og konsentrerer seg. Og om ser vekk i frå ungkatten si hasardiøse ferd gjennom stova og minstemann si høglytte leiking, og ein ikkje reflekterar over at ein allereie er utsleten av dagen, og at ein eigentleg har lyst på noko avslappande tid med Minecraft før hovudet skal lande på andedun. Ikkje noko problem.

Det er ikkje slik for alle, somme ser leksene som eit høgt fjell av meir skule og plikter før sengetida, medan andre tenkjer på dei som ei irriterande, lita strafferunde, som dei hastar i gjennom for å bli ferdige, slik at dei kan gå ut å springe eller hoppe eller rulle. Andre att kan ha eit ønskje om å faktisk lære noko, lese, studere og skrive, nyte med ein kopp te. Og i einskilde heimar er alle kategoriar representerte, til ei kvar tid. Som forelder har du da eit ansvar for å følgje opp, og nokre svarar at dei har gjort leksene før du er ferdig med å formulere spørsmålet, somme seier dei er ferdige, men berre har att noko lite (da veit mor, instinktivt, at ho må komme med oppfølgjingsspørsmål), så har du dei som glir vekk langs veggane i det dei værar spørsmålet. Desse må ein kanskje hanke inn att frå eit eviglangt dobesøk, eller eit rømningsforsøk inn i Legoland eller Minecraft-verda med øyretelefonar som gjer at dei høyrer absolutt ingenting. Mor veit da, at kvelden kan bli lang, om ho i det heile tatt gidd å ta opp den kampen.

Ungane må da lære, tenkjer ho. Om ungane mine dett utom den oppskisserte skulevegen, er det min feil, mitt svik, eg som ikkje gjer jobben min. Ein blir ikkje ein brukbar, opplyst vaksen om ein veks opp med ein playstation-kontroller i handa. Det blir så feil i moderhjernen. Hadde det enda vore langrenn, noko fysisk, noko sunt og oppbyggjeleg, kanskje til og med fotball er betre? Eller Lego-bygging, å konstruere, å teikne, eller musikk, noko som tradisjonelt sett er bra for utviklinga av hjernen.

Eg kjenner ei mor (ganske godt) som har kjent på dette, mange gongar, mange kveldar, dagar. Ho har vore irritert, frustrert, redd, sint, oppgjeven, fortvila og uvitande. Ho meiner at lekser er viktige for å lære seg å arbeide på eiga hand. Likevel. Om leksearbeidet kjennest meiningslaust og nedbrytande og bidreg til auka friksjon i heimen, fordi den stunda ein skulle ha i lag på kvelden ikkje var så triveleg, kva gjer det med kjensla av å ha ei trygg hamn? Ei hamn der ein skal kunne ta seg inn att og kople av. Denne mora (som eg kjenner så altfor godt) har lokka og lurt og masa og bede og skrike og ropt og reve seg i håret og, nær på, rulla seg i tjære og fjør.

Siste tida har ho prøvd å forstå kva det er med Minecraft, kva går dette ut på. For lenge sidan forsikra ho seg om at det ikkje var vald og gørr og hjernemasse, ho fekk tak i at det hadde med firkant-klossar å gjere, og roa seg med det. Men rista på hovudet over dagens ungdom som meinte det var betre å bygge med klossar på ein skjerm enn å gjere det i røynda (som det står i matteleksa). Da den eine rekrutten hennar ein dag sat med leksa, medan det dampa ut av øyrene, såg ho med eitt at det handla om volumutrekning. Og drog ein link til Minecraft, som også var kuber i massevis. Med eitt var ungen påkopla, ikkje på leksa, men på det mora snakka om. Han kunne snakke om areal, omkrins og volum, i Minecraft-kontekst. Kunnskapen var der, ikkje tvil om det, men viljen til å skrive oppgåvene sirleg inn i matteboka var det verre med. Så ho intervjua han vidare om denne verda ho forstod så altfor lite av, jau da han la ut. Og mora sat der, konsentrert, i stillongs og håret sett opp i tidsklemma, for å prøve å forstå dette.

Og det vart skildra ei verd utanom det jordnære, men likevel så jordnært at ho vart skjemd av eigne fordommar. Gutungen sat med store auge og gestikulerte, han fortalde om natur og brukte omgrep som ørken, sump, jungel, regnskog, bjørkeskog, eikeskog og birch saplings som han oversette til mor (ungtre av bjørk). Han snakka om å finne ressursar i ei ukjent verd som han utforska bit for bit. Han snakka om å finne ymse treverk til byggeaktivitet og reiskapsbruk. Han snakka om å finne vegen til små landsbyar der han kunne finne ein black smith («eller ein smed da, mamma») som kunne smi reiskap av jernet han hadde funne i jorda. Vidare fortalde han om pyramider i ørkenen og majaindianarar i jungelen og matjord som vart dyrka av bonden, slik at han kunne hauste korn og bake seg brød. Om han da, bonden altså, hadde skaffa seg kol til å fyre opp omnen med.
Diamantar fann han sjeldnare, sa han, i den tiande blokka etter grunnfjellet (bedrock vart det opplyst om). Etter kvart som verda vart avdekt viste den seg og på eit kart, som var utstyrt med koordinatar. Fekk ein utvunne nok jern til å bygge seg jernbane med, gjekk plutseleg livet i verda fortare, kommunikasjon mellom aktørane på skjermen vart utbetra.
-Og kven er desse aktørane, spør mor.
-Jau, no skal du høyre. Det er litt spesielt, for dei er utan kjønn, eller ein kan velje skins da, slik at det blir gut eller jente, om ein vil altså. -Så det er på ein måte kjønnsnøytralt da? -Ja, det kan du seie. Og mat lyt dei jo ha, dei et grønsaker og kjøt. Frå lamaen og sauen får dei ull til sengeklede, viss du vil sove da. Somme ting er meir meiningslause,  som at prestane sel magiske bøker og at ein må til underverdenen for å sale hesten, men slik er det… Mora nikkar.
Læraren inni mora nikka også. Skremd og letta på same tid. Skremd fordi det er ei verd innanfor denne skjermen som ho ikkje har skjønt noko av, og som ho har avfeia som meiningslaus og tullete. Letta fordi det verka som om engelskkunnskapar,  samfunnstilhøve, ressursforvaltning, koordinatsystem, samanhengar i naturen og kjennskap til gamle og verdifulle yrke såg ut til å vere eit biprodukt av denne skjermsjuka.
Rådlaus, fordi ho ikkje hadde kunnskap nok til å bruke dette på nokon god måte i skulesamanheng. Frustrert fordi ho ikkje hadde skjønt det før, det er klart at om ho hadde visst at somme elevar sat inne med slik kunnskap kunne ho angripe dei på ein annleis og betre måte. Det at ho  hadde trudd at ungane, ved å vere opptekne av Minecraft, fjerna seg frå verkelegheita og over i noko uhandgripeleg og verkelegheitsfjernt var flaut. Dei lærte om å dyrke jorda og utnytte ressursane, slik som menneska har gjort opp i gjennom historia. Er det ikkje det vi vil dei skal forstå, tenkte ho. 

Samfunnsborgaren, inne i den same mora og læraren, vrei på seg. Han innsåg at han var eit barn av si tid, ei tid før e-post og smarttelefon, ei tid med telefon i gangen, NRK1, fiskerimelding og havregryn med mjølk. Den tida som var før den som var komen, den som hadde vore betre. Kanskje var verdsborgaren vorte så gammal og blind at han ikkje såg det gode i det nye, fordi han ikkje gadd å opne den elektroniske scifi-døra inn i ei anna verd.

Og forelderen tenkte seg om, og forstod at han måtte roe seg ned, tenke at ting vil gå seg til, det vil gå bra, men ikkje på den måten han hadde tenkt det skulle gå bra.

Mora forstod at det å bli mor var ein sabla enkel operasjon. Det å forstå at ein faktisk blir mor til framtida sine foreldre, det var mykje verre. For korleis skal ein bu ungane sine på det? Bu ungane på å bli foreldre for eit samfunn som kjem etter det vi sjølve kjenner….det er ein overveldande tanke.

Mora og læraren og samfunnsborgaren vart einige om at dei kunne prøve å forstå den neste generasjonen betre ved å møte dei i deira fantasiverd, og kanskje til og med få dei med seg opp til middagsbord-verda ein gong i blant, for å øve på handskrifta. For med handskrift kan det vere greitt å notere ein og annen koordinat, det å kunne dokumentere kunnskap skriftleg er også ganske ok og å kunne kople hjerne og hand i hop er uansett veldig smart. Og Minecraft-universet verka ikkje lenger så skummelt, men ein ressurs var det vanskeleg å få tak i der; frisk luft. Så om ein luftar slike speledåser  nokre gonger for dagen, så gjer ikkje det noko.




onsdag 29. oktober 2014

Når trollmor har lagt sine fem små troll.





Inne i ein god skrivestim no, det hjelper med lite vaksenkontakt. Sidan min mindre gode (sidan han kallar meg sin” betre halvdel” så lyt det bli slik) halvdel er vekke denne veka, har eg flust av tid til å marinere meg i usakeleg barnlegdom. No tok eg for meg frukosten i går, i dag tykte eg i grunnen at middagen var ein høydare….

Dagen i dag har vore full av vaksenoppgåver i selskap med svært unge ungdomar.

Nummer 1: Få ungane på skulen. Fekk av garde ein, etter mykje om og men. Da bussen i dag, som i går, gjekk nøyaktig presis, noko vi finn ei aning upresist, da dei fleste bussar burde gå litt etter ruta for sikkerheita og vår si skuld.
Nummer 2: Ettersyn av heimeverande fyrsteklassing samt hanglande noko større gutar, og til sist ein grønsnørrete barnehagegut som ”bejje ville veje hejme å jeke dyjan”.

Nummer 3: Steriliser katta.
Etter to kull og ti ungar sidan april, og ein vel langt framsegen svangerskaps/fødselsdepresjon, tykte eg det var på tide å få Engunn sterilisert. 1500 flekk og dermed var kattelivmora vekk. Godt ihopsnurpa, gruggen og småkvalm vart dyret frakta heim att frå Eid. Katt vel plassert på oppvakninga på badet, eg gjekk til neste oppgåve.

Nummer 4: Foreldresamtale.
Trappa opp presis som seg hør og bør, kvart på. I hop med ei anna mor. Ho vann budrunden. Eg måtte vente ein halvtime til, sa læraren. – Går det verkeleg an å vere så hinsides dårleg på å oppfatte rett klokkeslett? – Ja.

Nummer 5: Middag.
Posefiskesuppe med grønsaksblanding og fiskekakebetar, god knall tykte eg. 
– Dekk bordet, maten er klar! (gløymde å seie at dei ikkje skulle krangle om oppgåva, uRuthinert). Sjekka pasienten på oppvakninga, som hadde vakna. Og spydd (ein veit da korleis det er å vakne etter narkose, ikkje alltid like greitt). Tørke. Vaske. Skure. Overhøyre (heva røyster, brøling og diverse ukvemsord frå kjøkenet). Etter denne appetittvekkjaren var det inn att på kjøkkenet, der dei var i full krig om kva slags glas den einskilde skulle ha (vi har diverre, men heilt bevisst IKKJE standardisert oss der, heller..). Da glasdebatten var avgort, banka og vedteken, gjekk vi over på bordplassering. Dernest hadde vi ein lengre diskusjon om korleis vi skulle stokke føtene innunder bordet, for å ikkje komme borti kvarandre meir enn høgst nødvendig. Her tykte ordstyrar, les: mor, at det vart ganske høg temperatur på somme av dei umodne debattantane så ho tok den modne avgjersla å helle eit par dropar vatn i håret på den eine. Spent på reaksjonane på dette framlegget, vart eg svært godt tilfreds da det vart møtt med begeistring av forsamlinga, til og med den forsmådde tykte det var godt påkjeme. Eg prøvde å skjule kor stolt eg var, over det faktum at eg er så løysningsorientert, så eg pensa straks alle saman inn på neste sak: ete middag. Ausa opp i fata, så langt very well. Fem minutt seinare observerte eg at erter låg att hjå den eine, gulrøter hjå den andre, mens den tredje og den fjerde åt alt så nær som sjølve suppa, nummer fem gav blanke og tykte suppa ikkje var til anna enn å bade håret til lykketrollet sitt. Henta inn att nummer fem, medan eg freista å overbevise alle om å ete opp maten sin og tenkje på alle dei som ikkje hadde så mykje mat. Alle vart brått tyste. Deretter for den eine på do etter den andre, til sist sete minsten punktum med å velte vassglaset sitt.

Nummer 6: Drikke ettermiddagskaffi og få nervene under kontroll. Og der er eg enno….
Ser de JR, så send han heim. Ungane treng vaksenkontakt, dei og.

tirsdag 28. oktober 2014

Barnsleg krigføring

- Jada, jada!
- Når ein har sett fem små krabatar til verda, som alle skal opp og fram, helst på same tid, hald kjeften og nyt....
- MEN for søren da. Det må vere lov å spørje om det verkeleg skal vere romantisk på denne måten?
: Dagen i dag starta med å kommandere dei som kler seg sjølve i kleda, t.o.m. sokkar. Så er det å få geleida minimannen inn på badet og legge seg sjølv ned på stellematta, for å få ny bleie (for han tykkjer dogåing er oppskrytt). Medan eg snakkar han inn i bleier og klede, utan at han skal pådra seg ein omgang trass, ber eg dei andre dekke bordet UTAN å krangle. Det går nesten.
Når vi alle sit ved bordet, er det om å gjere å booke alle skivene ein skal ete til frukost pluss skiver til å putte i boksen, før alle hine og før det er tomt. Eg sprett opp for å skjere fleire. Kritisk augneblink. Krigar bryt ut når ein snur ryggen til. Eit blikk, ei grimase, ein geip, kampen om smørbutten, osten og pølsa. Krangle om kven som skal få æra av å bruke den maskuline, svarte matboksen vi har i samlinga. Søle litt mjølk. Strekkje mammastrikken, som er litt morken så tidleg på dag.. Og dersom dette går heilt på tverke kan eg risikere at einskilde individ nektar å gå på skulen, og da blir eg ofte litt hissig. Om eg så har vore så heldig å få dei ut av døra utan mein av noko slag, i sinn og skinn (sjeldan), så kan det hende det går bra heilt opp til busskuret. Det kan og hende at einkvan sparkar ein stein inni leggen på ein annen på veg opp, da er det best å springe ned til mor og fyre opp ho og bilen, slik at ein får privatskyss til skuledøra.
I dag vart mor sjøl så vrang at ho laga seg ein dugeleg snål sveis, og sa på sitt vaksne vis:
- "I dag skal eg gå slik å levere i barnehagen, berre for å irritere, det blir sikkert flaut, men det er tilpass åt dykk." Seksåringen gret ein skvett. Og meinte samstundes at eg berre gjorde det for å terge han, personleg. Eg kunne ikkje anna enn å bekrefte nettopp det.
Som sagt så gjort, veit ikkje kven det var verst for, men eg fekk ut litt aggresjon.
- Arrgh! Trur eg skal bygge om huset til kennel, kvar si skål, kvar sin løpestreng, kvar sin trenar og kvart sitt BUR. Men det er vel kanskje ikkje heilt innanfor, ei heller alldeles lov og ønskjeleg.
Dei er ganske søte når dei søv da.

Mor, heilt på jordet.
"When you are far away from reality, fantasy won't work"