Inne i meg sit ein
liten,
redd rasist.
redd rasist.
Denne passar eg på å fore dårleg.
Den sit der heilt
stille,
inst inni ei krå.
Livredd.
På dagar da alt er tungt, hønene er rømt,
ungane ikkje finn skoa sine, bikkja har pissa inne og katten likeså, er denne
vesle tassen framme og tittar ut gluggen. Eg får ikkje tida til å passe på han.
Viss eg da er så uheldig at eg sjekkar nettet og får opp saker med særs ivrige
islamistar, som denne vesle rasisten da får ferten av, kan han springe rundt
der inne og slå hovudet i veggen og skrike ut i frykt. Han freistar å få meg
til å tenkje på at ungane mine må vernast og skjermast frå alt dette som skjer
ute i verda, han seier at dei kjem for å drepe.
-Dei vil drepe ungane
dine, seier han. Eit lite bel blir eg betenkt.
-Verkeleg? Meiner du
det, trur du det?! Eg blir og skremd. Kan det vere slik? Ungane mine er vel
trygge for ondskapen i verda. I alle fall her heime, bak fjell og djupe dalar.
I alle fall om vi ikkje let nokon inn. Byggjer høge murar og tunge portar.
Heldigvis er det noko anna der inne
og, noko som snakkar til meg, litt strengt, når det trengs.
-Kva med dei andre
ungane da, desse som sit på ei luftmadrass midt ute på havet og klamrar seg til
den glatte og våte gummien, fordi det er absolutt det einaste dei har. Kan det
verkeleg vere slik at desse ungane vil komme hit og drepe ungane dine, Ruth
Maria?
-Nei! Eg trur ikkje
det. Eg trur ikkje at foreldra deira sender dei ut på havet for å døy, eller
overleve slik at dei kan komme her å drepe. Det gjev inga meining.
Og om så skulle vere
at ein og annen ekstremist frå eit eller anna religiøst opphav hadde til
hensikt å drepe, skulle det gjere at eg ville la vere å sjå at desse ungane
treng hjelp frå meg? Er eg naiv og dum da?
Når ungane mine
kranglar, ein sjeldan gong (...), dei stengjer kvarandre ut og inne, det blir
mykje valdeleg bråk av slikt. Har aldri sett at det blir vald og tumultar når
dei er i godlune og inkluderer kvarandre, når dei spør om dei andre vil vere
med, når dei spør om dei skal hjelpe til og når dei spør kvarandre om det går
bra og trøystar kvarandre. Når dei snakkar skikkeleg saman går det heilt fint.
Difor ser eg helst at
ungane mine veks opp i eit samfunn som inkluderer, hjelper og tek felles ansvar
for å hjelpe der det trengs. Og om det ikkje finst noko å hjelpe seg med der
dei er, må dei få kome hit. Vi er her i lag, på denne eine jorda, som ein art.
Eg vil mykje heller
at vi skal døy ut i trua på medmenneskelegheit, enn at vi skal leve lenge,
åleine, i landet med stengde dører og kalde skuldrar.
Eg unner ikkje ungane mine å leve i eit slik samfunn.
Eg unner ikkje ungane mine å leve i eit slik samfunn.
Eg vil vere dum og
naiv og elska, forelska og glad, og varm i hjertet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar