Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
onsdag 9. mars 2016
Både klump og hjarte i halsen for tiandeklassingane mine.
Eg har til tider verdas beste jobb, andre tider ein stressande jobb, energitappande jobb, ein verdifull jobb og alltid ein meiningsfylt jobb. Eg er lærar, kvar dag, i teorien tre dagar for veka.
Eg kjenner at denne våren vil bli heilt spesiell. Dei siste tre åra har eg fått lære å kjenne eit kull med ungdomar frå ei bygd på Vestlandet. Dei kom frå alle krikar og krokar hausten 2013. Eg kom geispande frå to år som babymamma. Eg har fått sjå korleis små menneske blir unge menneske, korleis dei har strekt seg i kroppane sine, korleis håret har lagt seg annleis, at tankane har tekje nye vegar. Eg har sett ungar bli små vaksne og eg har sett små vaksne ta attarsteg inni barndomen. Korleis menneske søkjer framover mot det nye og ukjende, mot andre menneske, mot kjernen i seg sjølv.
Alt dette har eg fått sjå.
Tør ikkje spørje dei kva dei har sett. Ein morgongretten lærar, ein lærar med skjeten gensar, ein opplagt lærar, ein irritabel lærar, ein glad lærar, ein positiv lærar, ein pessimistisk lærar, ein snill lærar, ein streng lærar, ein engasjert lærar, ein sjenert lærar, ein pågåande lærar, ein trygg lærar, ein kunnskapsrik lærar, ein tydeleg lærar, ein omsorgsfull lærar, ein lærar som har sett dei, ein uklar lærar, ein fortvila lærar, ein kravstor lærar, ein undrande lurar, ein lykkeleg lærar, ein rotete lærar, ein oppgitt lærar, ein sporty lærar, ein lærar med kaffiånde (grøss, det gløymer ein aldri).
Alt dette, og meire til, går eg ut ifrå at dei har sett, og eg tenkjer at det kan vere ein god ting. Ein lærar er ei menneskje. Uansett kven dei har møtt, eg håpar dei sit att med ei kjensle av at ein vil dei vel.
Eg er livredd for at elevane mine skal tru at eg likar dei betre som menneskje, om dei får femmarar og seksarar, det er ikkje slik. Om eg ber dei om å jobbe hardare, skjerpe greiene, så er det fordi eg vil ha dei til syne fram kva som bur i dei. Ikkje alle er gode i norsk, ikkje alle er gode i matematikk, naturfag eller engelsk, men ALLE ER GODE TIL Å VERE SEG SJØLVE. I å vere seg sjølve kan eg godt gje alle ein seksar, ein svært personleg karakter.
Desse elevane har lært meg noko også, at eg er ein vaksen. Eg ser tydelegare kva krefter som rår i blant dei, det er hormon, det er kjærleik i lufta, det er vår, det er lukta av shampoo i hår, det mopedlappen, det er eksamensnerver, det er spenning, det er venskap. Ein får i blant lyst til å be dei vakne, sjå her, høyr på meg! Eg har noko viktig å fortelje dykk.
Du må halde opp arbeidstempoet, du må tenkje på framtida di, du tek viktige val for livet ditt, akkurat no! Ikkje lat deg styre av forelsking, vanskelege tankar, kompleks, kjærleikssorg, gjengen, kjæresten, foreldre for den del.
Høyrer de? Høyrer de kor vaksen eg har vorte?
Det er skremande!
Eg hugsar sjølv at dette var ikkje noko ein styrte så lett, ein kunne prøve å styre det, men det verka håplaust. Det var som å styre ei vogn dregen av fire, lite samstemte hestar. Det var ein smal veg, med få møteplassar, og trugsmål på alle kantar. Ein ville ikkje bremse, for all del ikkje bråstoppe, skrense litt kanskje, ein var redd og glad på same tid. Og det siste ein ville, var å gå av.
Eg må prøve likevel, no før tentamenskøyret startar rett over påske, og vi ikkje får puste ut att før i juni:
Stå løpet ut, dette er viktige månader! Når denne tida er over kan du puste ut, klappe deg sjølv på hovudet og vere stolt over at du gjorde ditt beste, og det er godt nok. Ingen kan tvinge dykk til å gjere ein innsats for dykk sjølve ( i alle fall ingen vaksen), men du kan, du må, vere den som gjer det. Du er så stor at du må ta eit større ansvar sjølv, det er skummelt og det er fint.
Det er fridom, og med fridom føljer ansvar.
Eg veit de ikkje vil sjå dykk attende, men eg kjem til å stå her og sjå etter dykk, med tårer i augene å håpe at det går dykk vel.
Hugs at du ikkje skal plage andre, men du skal vere grei og snill og ellers kan du gjere som du vil, stort sett.
Køyr pent, eg bryr meg om deg.
Helsing ein norsklærar, som møter våren med skrekkblanda fryd.
Ein kyllingoppdrettar som føler ho har sett ein del egg på ruging, og dei vil alle klekke i midten av juni.
(Og eg kan garantere at de finn skrivefeil i denne teksten, om de leitar! ;-) Ein lærer så lenge ein har elevar).
onsdag 29. oktober 2014
Når trollmor har lagt sine fem små troll.
Inne i ein god skrivestim no, det hjelper med lite
vaksenkontakt. Sidan min mindre gode (sidan han kallar meg sin” betre halvdel”
så lyt det bli slik) halvdel er vekke denne veka, har eg flust av tid til å
marinere meg i usakeleg barnlegdom. No tok eg for meg frukosten i går, i dag
tykte eg i grunnen at middagen var ein høydare….
Dagen i dag har vore full av vaksenoppgåver i selskap med
svært unge ungdomar.
Nummer 1: Få ungane på skulen. Fekk av garde ein, etter mykje
om og men. Da bussen i dag, som i går, gjekk nøyaktig presis, noko vi finn ei
aning upresist, da dei fleste bussar burde gå litt etter ruta for sikkerheita og
vår si skuld.
Nummer 2: Ettersyn av heimeverande fyrsteklassing samt
hanglande noko større gutar, og til sist ein grønsnørrete barnehagegut som
”bejje ville veje hejme å jeke dyjan”.
Nummer 3: Steriliser katta.
Etter to kull og ti ungar sidan april, og ein vel langt
framsegen svangerskaps/fødselsdepresjon, tykte eg det var på tide å få Engunn
sterilisert. 1500 flekk og dermed var kattelivmora vekk. Godt ihopsnurpa,
gruggen og småkvalm vart dyret frakta heim att frå Eid. Katt vel plassert på
oppvakninga på badet, eg gjekk til neste oppgåve.
Nummer 4: Foreldresamtale.
Trappa opp presis som seg hør og bør, kvart på. I hop med ei
anna mor. Ho vann budrunden. Eg måtte vente ein halvtime til, sa læraren. – Går
det verkeleg an å vere så hinsides dårleg på å oppfatte rett klokkeslett? – Ja.
Nummer 5: Middag.
Posefiskesuppe med grønsaksblanding og fiskekakebetar, god
knall tykte eg.
– Dekk bordet, maten er klar! (gløymde å seie at dei ikkje skulle
krangle om oppgåva, uRuthinert). Sjekka pasienten på oppvakninga, som hadde
vakna. Og spydd (ein veit da korleis det er å vakne etter narkose, ikkje alltid
like greitt). Tørke. Vaske. Skure. Overhøyre (heva røyster, brøling og diverse
ukvemsord frå kjøkenet). Etter denne appetittvekkjaren var det inn att på
kjøkkenet, der dei var i full krig om kva slags glas den einskilde skulle ha
(vi har diverre, men heilt bevisst IKKJE standardisert oss der, heller..). Da
glasdebatten var avgort, banka og vedteken, gjekk vi over på bordplassering. Dernest
hadde vi ein lengre diskusjon om korleis vi skulle stokke føtene innunder
bordet, for å ikkje komme borti kvarandre meir enn høgst nødvendig. Her tykte
ordstyrar, les: mor, at det vart ganske høg temperatur på somme av dei umodne
debattantane så ho tok den modne avgjersla å helle eit par dropar vatn i håret
på den eine. Spent på reaksjonane på dette framlegget, vart eg svært godt
tilfreds da det vart møtt med begeistring av forsamlinga, til og med den
forsmådde tykte det var godt påkjeme. Eg prøvde å skjule kor stolt eg var, over
det faktum at eg er så løysningsorientert, så eg pensa straks alle saman inn på
neste sak: ete middag. Ausa opp i fata, så langt very well. Fem minutt seinare
observerte eg at erter låg att hjå den eine, gulrøter hjå den andre, mens den
tredje og den fjerde åt alt så nær som sjølve suppa, nummer fem gav blanke og
tykte suppa ikkje var til anna enn å bade håret til lykketrollet sitt. Henta
inn att nummer fem, medan eg freista å overbevise alle om å ete opp maten sin
og tenkje på alle dei som ikkje hadde så mykje mat. Alle vart brått tyste.
Deretter for den eine på do etter den andre, til sist sete minsten punktum med
å velte vassglaset sitt.
Nummer 6: Drikke ettermiddagskaffi og få nervene under
kontroll. Og der er eg enno….
Ser de JR, så send han heim. Ungane treng vaksenkontakt, dei
og.
Etiketter:
barnsleg,
fiskesuppe,
hverdag,
middag,
modning,
mor,
nynorsk,
småbarnsmor,
troll,
trollmor,
vaksen,
vaksenlivet
tirsdag 28. oktober 2014
Barnsleg krigføring
- Jada, jada!
- Når ein har sett fem små krabatar til verda, som alle skal opp og fram, helst på same tid, hald kjeften og nyt....
- MEN for søren da. Det må vere lov å spørje om det verkeleg skal vere romantisk på denne måten?
: Dagen i dag starta med å kommandere dei som kler seg sjølve i kleda, t.o.m. sokkar. Så er det å få geleida minimannen inn på badet og legge seg sjølv ned på stellematta, for å få ny bleie (for han tykkjer dogåing er oppskrytt). Medan eg snakkar han inn i bleier og klede, utan at han skal pådra seg ein omgang trass, ber eg dei andre dekke bordet UTAN å krangle. Det går nesten.
Når vi alle sit ved bordet, er det om å gjere å booke alle skivene ein skal ete til frukost pluss skiver til å putte i boksen, før alle hine og før det er tomt. Eg sprett opp for å skjere fleire. Kritisk augneblink. Krigar bryt ut når ein snur ryggen til. Eit blikk, ei grimase, ein geip, kampen om smørbutten, osten og pølsa. Krangle om kven som skal få æra av å bruke den maskuline, svarte matboksen vi har i samlinga. Søle litt mjølk. Strekkje mammastrikken, som er litt morken så tidleg på dag.. Og dersom dette går heilt på tverke kan eg risikere at einskilde individ nektar å gå på skulen, og da blir eg ofte litt hissig. Om eg så har vore så heldig å få dei ut av døra utan mein av noko slag, i sinn og skinn (sjeldan), så kan det hende det går bra heilt opp til busskuret. Det kan og hende at einkvan sparkar ein stein inni leggen på ein annen på veg opp, da er det best å springe ned til mor og fyre opp ho og bilen, slik at ein får privatskyss til skuledøra.
I dag vart mor sjøl så vrang at ho laga seg ein dugeleg snål sveis, og sa på sitt vaksne vis:
- "I dag skal eg gå slik å levere i barnehagen, berre for å irritere, det blir sikkert flaut, men det er tilpass åt dykk." Seksåringen gret ein skvett. Og meinte samstundes at eg berre gjorde det for å terge han, personleg. Eg kunne ikkje anna enn å bekrefte nettopp det.
Som sagt så gjort, veit ikkje kven det var verst for, men eg fekk ut litt aggresjon.
- Arrgh! Trur eg skal bygge om huset til kennel, kvar si skål, kvar sin løpestreng, kvar sin trenar og kvart sitt BUR. Men det er vel kanskje ikkje heilt innanfor, ei heller alldeles lov og ønskjeleg.
Dei er ganske søte når dei søv da.
- Når ein har sett fem små krabatar til verda, som alle skal opp og fram, helst på same tid, hald kjeften og nyt....
- MEN for søren da. Det må vere lov å spørje om det verkeleg skal vere romantisk på denne måten?
: Dagen i dag starta med å kommandere dei som kler seg sjølve i kleda, t.o.m. sokkar. Så er det å få geleida minimannen inn på badet og legge seg sjølv ned på stellematta, for å få ny bleie (for han tykkjer dogåing er oppskrytt). Medan eg snakkar han inn i bleier og klede, utan at han skal pådra seg ein omgang trass, ber eg dei andre dekke bordet UTAN å krangle. Det går nesten.
Når vi alle sit ved bordet, er det om å gjere å booke alle skivene ein skal ete til frukost pluss skiver til å putte i boksen, før alle hine og før det er tomt. Eg sprett opp for å skjere fleire. Kritisk augneblink. Krigar bryt ut når ein snur ryggen til. Eit blikk, ei grimase, ein geip, kampen om smørbutten, osten og pølsa. Krangle om kven som skal få æra av å bruke den maskuline, svarte matboksen vi har i samlinga. Søle litt mjølk. Strekkje mammastrikken, som er litt morken så tidleg på dag.. Og dersom dette går heilt på tverke kan eg risikere at einskilde individ nektar å gå på skulen, og da blir eg ofte litt hissig. Om eg så har vore så heldig å få dei ut av døra utan mein av noko slag, i sinn og skinn (sjeldan), så kan det hende det går bra heilt opp til busskuret. Det kan og hende at einkvan sparkar ein stein inni leggen på ein annen på veg opp, da er det best å springe ned til mor og fyre opp ho og bilen, slik at ein får privatskyss til skuledøra.
I dag vart mor sjøl så vrang at ho laga seg ein dugeleg snål sveis, og sa på sitt vaksne vis:
- "I dag skal eg gå slik å levere i barnehagen, berre for å irritere, det blir sikkert flaut, men det er tilpass åt dykk." Seksåringen gret ein skvett. Og meinte samstundes at eg berre gjorde det for å terge han, personleg. Eg kunne ikkje anna enn å bekrefte nettopp det.
Som sagt så gjort, veit ikkje kven det var verst for, men eg fekk ut litt aggresjon.
- Arrgh! Trur eg skal bygge om huset til kennel, kvar si skål, kvar sin løpestreng, kvar sin trenar og kvart sitt BUR. Men det er vel kanskje ikkje heilt innanfor, ei heller alldeles lov og ønskjeleg.
Dei er ganske søte når dei søv da.
Mor, heilt på jordet.
"When you are far away from reality, fantasy won't work"
"When you are far away from reality, fantasy won't work"
Etiketter:
barn,
barnehage,
frokost,
hverdag,
mat,
mor,
morgen,
morgengretten,
nynorsk,
skolebarn,
småbarnsmor,
sveis,
trass,
vrang
fredag 29. august 2014
Vaksen?
På veg inn i fabrikken.
Klar for det nye.
Kjem aldri ut att.
Går langsmed vindauga.
Kikkar ut.
Let opp glaset.
Hoppar ikkje ut.
Blir.
Klar for det nye.
Kjem aldri ut att.
Går langsmed vindauga.
Kikkar ut.
Let opp glaset.
Hoppar ikkje ut.
Blir.
Etiketter:
fabrikk,
livet,
nynorsk,
småbarnsmor,
vaksen,
vaksenlivet
Lykka er normal
Lykka er normal
-eller er den eigentleg det?
Sonen min sat over leksene ein dag og filosoferte.
- Eg er den einaste i klassa mi som ikkje er normal, sa han.
- Kvifor det? Kva meiner du?
- Jau eg er den einaste som går rundt med pumpe og har
diabetes, sa han.
- Ja det er sant, men du er da normal for det, det er vel ingen
av dykk som er heilt like?
I mitt stille sinn tenkjer eg vidare, ”normal” ja, kva er
det?
Og ”vanleg”, kva er vanleg og kva er uvanleg. I ei
skuleklasse, ei normal skuleklasse
vel og merke, fins det ingen elevar som er heilt like, dei er alle innanfor
normalen for ei klasse. Det vanlege er at det fins elevar av alle slag, ljose,
myrke, stille, aktive, somme tek ting lett og andre har tyngre for det, somme
har psykiske utviklingshemmingar andre har fysiske. Det er heilt vanleg med
slik variasjon. Variasjon er vanleg, det normale er at vi ikkje er like! Og
dette skal alle i verda forstå, heilt av seg sjølv? Det er ikkje enkelt.
For ein sit som regel
der åleine i sin eigen kropp og kjenner kor sålen er ujamn og vrista er for
trong. Og om ein tek opp brillene og ser seg rundt er det mykje som blir
freista putta inn i diverse normalar. Ta til dømes agurkane ein kjøper på
butikken, dei er forbausande like! Ikkje sant? For ikkje å snakke om potetene
med om lag same størrelse heile vegen gjennom sekken. Ein får seg ein og annen
vekkjar i kvardagen, faktisk når ein minst ventar dei så sprett dei opp framfor
deg.
Desse ungane mine har altså ein far, han gjekk nettopp fullt
eit rundare år enn i fjor og feira litt meir høglydt enn elles. Han fekk mykje
flott og fint og heimelaga, faktisk, mykje nyttig! Og det er ikkje normalt i
2012 for vi har da det meste…. Og apropos heimelaga, han fekk heimelaga
gulrøter og poteter i to store sekkar. Entusiastiske småskalaprodusentar delte
av sin grøderikdom! Det var ei super gåve og ikkje aldri så lite inspirerande
heller… Økologiske mandelpoteter (eller ”grisæple” som dei eigentleg heiter der
eg kjem i frå), og søte, smakfulle gulrøter, aldri har det vore ete så mykje
oransje røter, så fort rundt middagsbordet vårt før. Poenget mitt var at før
dei kom så langt som til bordet hadde eg meg ei runde med dei over
utslagsvasken, med noko vatn, kost og skrellar. Eg tok meg sjølv i å bli litt
irritert da eg skulle angripe ei heller smekker rot, med to veldreia føter og
noko kurompeaktige vedheng her og der. Eg laut rett og slett partere gulrota
før eg klarte å skrelle ho! Dette tok sjølvsagt både tid og krefter og ikkje
minst; eg laut bruke hjernen min, korleis og kvifor?! Tidsplanen min sprakk
ørlitegrann den dagen, men mest fordi eg vart så oppteken av at vi lever i
denne vanlege verda full av det vi kallar ”normalar”.
Verda er ikkje normal, den burde i allefall ikkje vere det.
Gulrøter som veks i jorda blir ikkje like, solsikkene blir ikkje like lange
alle, ikkje ein normal stein er lik ein annen, ikkje alle tre veltar i stormen,
ikkje alle kattar likar å ligg frammafor peisen, ikkje alle hundar spring etter
bilar. Og det er vanleg og heilt normalt.
Eg innser at eg vorte kjedeleg, eg er blitt van med beine
røter som ligg side om side i ein plastboks, eg har til og med kjøpt
bananmatboksar til gutane der normalbananar med den vanlege bøyen får plass, eg
tykkjer at mobil, PC og nettbrett burde hatt ein standardladar. Det er ganske
fælt, vi har ei slik overflod av ting og mat at vi lyt rydde og systematisere i
genetikken. Og det er ikkje ønskjeleg. Eg er så glad for ungane mine ikkje er
heilt normale, kan ein seie det tru? Det er heilt på kanten kanskje? Dei er
ikkje heilt vanlege nokon av dei, for dei er sin eigen variant. Ei pumpe, eit
blodsukkerapparat, ein mobiltelefon, eit nøkkelknippe. Slike variasjonar er
kanskje lettare synlege, men dei kan gjere sitt til at tankane våre tek ein
omveg eller ein ny veg om du vil. Det tykkjer eg er flott, vi har godt av å sjå
ting som ikkje er heilt som forventa. Ein må ikkje bli redd av den grunn, ein
lyt berre angripe situasjonen på ein annen måte. Gjere noko med sine vante
tankemønster, utvikle seg sjølv. Ein bør
vere eit kålhovud, finne lag innanfor laga, er ein heldig finn ein kanskje ein
kjerne til slutt? Eller kan hende det ikkje er målet, men at det å vete at der
er uendeleg med lag som vi kan avdekke i løpet av livet er flott i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette, meg sjølv og alle andre, til å vere
normalt unormale, vanlege uvanlege, dyrk eigne poteter og gulrøter, og sist,
men ikkje minst; Ver eit kålhovud!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


