Lita hending kan vekkje vide tankar.
-
Eg gler meg til eg døyr!!
-
Kva? Kvifor det? Seier eg.
-
For da slepp eg å stikke rompen.
Dagen starta som vanleg med sokkeleiting der sokkar ikkje
fins, høgfrekvent klokketitting med
påfølgjande munnleg rapport, småkrangling over doskåla og diskusjonar om rett
og vrang, fram og bak på gensarane. At vi ikkje kan lære oss å stille klokka
slik at ho ringer ti minutt før….
Ved landing attmed kjøkkenbordet viser blodsukkerapparatet
18 og det etter at han var målt til 5 klokka
elleve kvelden i førvegen.
-
Hmm, så rart.
Fram med notata, jau
da, slangesettet(han er pumpebrukar, og får insulin via ein slange som sit
under huda på bakenden) skulle nok ha vore bytta. Sidan guten fekk diagnosa to
år gamal har vi kalla denne operasjonen for ”å stikke rompen”, eit godt
innarbeidd uttrykk i vår heim. For ei tid attende signaliserte han at dette no
kanskje var utgått på dato og at vi skulle prøve å ordlegge oss meir vakse. ”Å
skifte slangesett” skal no nyttast og eg og faren jobbar med oss sjølve for å
hugse dette. Sjølv bryt poden det nye
påbodet med jamne mellomrom. Det ligg vel eit ønskje om å bli større og
vaksnare til grunn, men heldigvis, tykkjer eg, heng han fortsatt att i den
vesle guten…
Ok. Så var det fram med nytt slangesett og barrierekremen
midt oppi skulefrukosten som frå før var prega av stress. Guten legg seg på
sofaen, sjølv om han no tek til å bli ganske stor vil han fortsatt ha nåla på
baken, det kan eg for så vidt forstå for det er ikkje mykje kjøt andre plassar
på den smale gutslampen. To-tre gonger i veka, dei siste seks åra har vi øvd på
å slappe av i denne gigantiske muskelen før vi mottek eit djupt og sviande
stikk. Det blir eigentleg aldri nokon vane, det er og blir vondt, han likar det
ikkje. Så kjem det:
-
Eg gler meg til eg døyr!
-
Kvifor det? seier eg.
-
For da slepp eg å stikke rompen! seier han.
Deretter reiser han seg og går, sur, sint, frustrert og med
breddfulle tårevåte tøff-gut-auger. Og augene mine flaumer over. Medan eg
fortset brødskjering og nistesmøring renn tårene, det er ikkje lett å dølje
slikt og det kjem brått på i blant. Da kjem han bort og spør kva eg er lei for.
Og eg svarar som det er at eg blir veldig trist når han seier at han gler seg
til han døyr. Etter ei lita tenkepause seier han at han ikkje meinte det. Og eg
trur han på det, men likevel spring den vaksne hjernen min ut på ei vond
tankeferd. For eg forstår i mitt inste indre at dette var noko han sa i affekt
for å fortelje kor frustrerande han tykkjer dette er. Eit kraftig verbalt
karatespark tiltenkt lause lufta, men det traff visst noko likevel. Det traff
meg midt i livsmuskelen, og det fekk meg til å tenkje litt meir enn vanleg
klokka halv ni ein torsdagsmorgon.
Diabetes er ikkje berre noko fysisk, men det er og ei
psykisk påkjenning. Kva vil skje med han når åra er blitt enda fleire. Eg lurar
på om frustrasjonen han kjenner på vil auke eller minke. Vil panikken for at
sjukdomen skal øydeleggje moglegheitene bli større? Vil han få lufta tankane og
sortert desse slik at dei letnar eller vil han halde det for seg sjølv slik at
dei tyngjer han?
Det som til sjuande og sist uroar meg mest denne morgonen er
om reaksjonen min vil gjere at han blir redd for å fortelje om kjenslene sine.
Tenk om han ikkje tør og dele med meg fordi han er redd eg ikkje taklar det? For
å sjå mora si gråtande over kjøkkenbenken er nok ikkje så kjekt, og kan hende
enda verre dersom han kjenner seg skuldig… Berre fordi han, med sterke ord,
fortalde meg at stikking ikkje er noko han set pris på.
Eg skjønar at eg må
inn til skjerping att. Pust ut, pust inn. Eg lyt prøve å vere kald utanpå og
varm inni. Eller hard utanpå og blaut inni.
Eg får freiste visualisering som idrettsutøvarane; eg skal
bli ein sjokoladefondant rett og slett!!! Fordi eg trur det er til beste for
guten min.
-Eller?
Det kan vel ikkje vere farleg å vise kjensler sjølv om eg er
den vaksne mora? Det skumlaste er kan hende om eg ikkje tør å snakke om kvifor
eg kjenner det som eg gjer.
Ok.
Eg visualiserer på nytt; skal bli sjokoladefondant med stor
sprekk i, der alt det gode kjem ut.!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar