Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vinter. Vis alle innlegg

søndag 28. februar 2016

Gå opp din egen veg




I dag har det vore ein god søndag, ein ekstra god søndag. Vi slapp å setje oss i bilen for å finne snø, den låg i dungevis heime på tunet.
Gangen vår etter ein vellykka søndag i februar
Det har ikkje snødd det slag i dag, men likevel er det større dungar no enn på morgonen, sidan vi heldt på å få takraset i hovudet i eittida.

Oppkøyrde løyper og preparerte bakkar er artig det, og all ære til dei som legg til rette for den slags, men personleg, og heilt på grensa til privat, eg er umåteleg glad i stille,  einsame løyper der ikkje så altfor mange ferdast. De lyt helst ikkje misforstå meg, eg likar folk, men eg er ikkje av dei som kunne budd årevis i kollektiv eller på internat. Tru meg, eg har prøvd begge deler, og det er heilt greitt, så lenge du veit det ikkje varar evig. Apropos internat, slik vi bur no er det mest som om eg har produsert min eigen internatgjeng, men dei tek ikkje kleda sine ned i vaskekjellaren heilt av seg sjølv, dei føljer ikkje lista når det kjem til kjøkentjeneste og dei vaskar ikkje romma sine utan diskusjon.

Slik er no det.

Ski og snø, det er ein makalaus kombinasjon, at to fjøler og noko vatn i halvfast form kan gje så mykje lykke, det skal ein ikkje kimse av. Ungane har trakka og preparert hoppbakkar og kuleløyper på jordet, gått inn att og ete Corn Flakes, før det bar ut att. Slik at dei vann ei økt til før
fotballkampen på TV. Slikt får meg inn i nostalgiske tankerekkjer, eg drøymer meg heim bakom fjella til min eigen barndom. Kjensla av nye ski, bakglatte ski, nysnø, klabbete ski, snø ned med kragen, snø i hetta, snø i fletta, snø i skoa, gamasjer, uoppgådde løyper, sjølvtrakka bakkar, sløyfa rundt huset som ein sprang  både før og etter middag for å samle kilometer til distansemerket.
Falma av tida står dei att som gode minner, romantiske minner, kalde tåfisar og for korte stavar eller våte vottar er gløymt, heldigvis. I mi tid gjekk eg på ein liten grendeskule med få elevar og ein lærar, i klassa mi gjekk ein gut og eg, i klassa over var det ein elev, i klassa under varierte antalet frå tre til ein. Når snøen låg på skuleplassen var det høg aktivitet i friminutta, det var aking og leiking og skigåing. Vi hadde skidagar på jordet til grannen, vi fekk laga orgeltramp, kuleløype, hinderløype, hopp og utfor og skiskyting med erterposar. Eg hadde ein blå termos med godt sukra te og ein matboks i metall som ønskte meg «god dag», oppi der fann eg raudostskjeva mi eller den med svartpølse og agurk.

Slik var det.

Ved endt skuledag gjekk eg løypa over jordet heim att, eller i vegkanten om der ikkje var strødd. Da eg tok til i fjerde klasse måtte eg setje meg på bussen for eit kvarters transport ned til sentrum, det var heilt greitt det, eg var klar for den store verda, eller i alle fall delvis erobring av verda innanfor ein radius på 8 kilometer. Ein gler seg alltid til nye epoker i livet, vi vil alle framover mot ein ny kvardag, som ung og som vaksen. Denne helga har eg lurt på om eg snart går inn i alderdomen, for tankane har gått i ring og attende til tidlege skuledagar, vi får håpe det er forbigåande. Eg vel å setje det i samanheng med at ungane blir større og tek seg fram på eiga hand, stort sett.

Han som etterkvart vart jaga inn foran meg i livssporet hadde liknande barndomsminne, sjølv om det kanskje ikkje var det fyrste vi utforska ved kvarandre. Han har også gått på ein liten skule på andre sida av jordet til grannen, han gjekk også på ski til skulen.

Sidan gutane i dag var mest opptekne av å lage eigne skispor, fekk eg gråte meg til litt åleinetid med gubben sjølv. For meg er det stusseleg å sjå kvite urøyvde bøar, utan eit einaste skispor, det er da retteleg DET dei er til på vinterstid. Aking, renning, hopping og trakking og kvardagsskigåing. Over formiddagskaffien fekk eg overtala han til å bli med meg å gå opp sin gamle vinterveg til skulen, skiløypa til skulen på Fjelli. Han er ganske grei, og ikkje spesielt vanskeleg å be. Vi fekk på oss dei breie fjellskia som låg på låven, type Madshus og Åsnes, bakglatte og fæle. Utan smørning, men det gav berre ein ekstra piff til det som skulle koma. Medan ungane leika og tulla rundt huset, smaug vi oss inn mot trea ved elva. Tung, våt og djup snø, og glatte sålar. Ned i elva og opp att på hi sida, rett nok etter noko møde i laus snø.
Så bar det over grannebeitet, forbi ei gammal utløe, over og opp på andre kanten. Sidelengs ferdast vi her, måtte trakke skikkeleg slik at det kunne setje seg til neste tur, vart nok fint for fiskebeinarar som kjem etter.
Vi skreva over eit godt nedsnøa led, kjerringa datt og hekta skia og fekk ein kvist i fjeset. Deretter opp på neste bø, der ser ein ned på Nordfjorden og over til Utvik. Ein ser hovudvegen frå eit heilt anna perspektiv. Ein skulegut såg nok heile verda si i eit nytt perspektiv, på denne måten. Sjølv eg som er vaksen, såg plutseleg den nye heimplassen min i eit nytt ljos, der eg stod nedanfor lada hass Oddleiv. Der hadde eg aldri vore før.

Eg likar tanken på at alt det nære kan vera så annleis, om ein berre ser det frå ein annen kant. Det er dette som gjer ein heimplass til noko spesielt, alle dei hemmelege plassane og ukjende snarvegane.

I dag køyrer vi bil på vegen, att og fram, opp og ned, hit og dit, køyrer vi. Det er så lettvint. Det som før var snarvegar er vorte sære omvegar, som gror att og blir gløymt. Det morosame med slike små skiløypestubbar, med gamal praktisk verdi, er at dei bur inni hovudet på dei som ein gong brukte dei til skulen kvar dag. Dei smeltar kvar vår og kjem att neste vinter, heilt til ein sluttar på skulen og ingen treng dei lenger.

Eg trur eg treng dei. Eg treng å sjå korleis mine sambygdingar kom seg til skulen for 30-40 år sidan, det fortel meg litt om deira oppvekst og om deira sitt innsyn i lokal geografi. Difor er mitt påskeønske 2016 at alle sambygdingar går opp skulevegen sin, frå eiga tun og ut til gamleskulen (som ikkje lenger er der), eg ser for meg eit manuelt trakka skispor frå eine enden av bygda til den andre. Spor med forgreininger til kvart einskild gardstun. Draumen min er at eg kan gå ut på tunet i påska, trakke inn i skia mine og gå over bø og gjennom skog, og finne ein solvegg for ein kvikk lunsj. Traske vidare til eg kjem inn på eit tun der dei har skihopp utanfor kjøkenglaset og appelsinane sit laust.
Akk ja sann.

Eg veit eg er i det nynasjonalromantiske hjørnet, eg berre blir slik av og til, når det er helg, og det er snø og eg har gode ski. Når det er nemnt, midt i alt kav for å komme opp og ned i snø og kvist peip det superhypermoderne armbandsuret meg inn i notida, eg hadde nådd dagens aktivitetsmål. Sjølvsagt, ikkje rart dei generelt sett var sprekare før i tida. Og det var ikkje nødvendigvis fordi dei var aktive skiløparar, berre vanlege nordmenn, fødde med ski på beina i ulendt terreng. Ikkje så altfor langt frå ein grendeskule.

Ver så grei,

trakk opp ditt eige skispor.

Gå etter ditt eige minne.

Eg vil så gjerne sjå det du såg.

Takk for innsynet, kjære husbonde.

Du er grei.

fredag 20. mars 2015

20. mars 2015: FNs internasjonale lykkedag.

Lykke er....



Etter noko iherdig radiolytting på veg heim frå jobb vart eg, som vanleg, meir opplyst. I dag er det FNs internasjonale lykkedag, så eg har kjent litt etter sjølv. Eg kjende meg skremande lite lykkeleg.

Og kva var lykke no att? Glede, smil, latter, rikdom, perfeksjon, harmoni, å vere vellykka, skjønnheit, kjærleik, slank fysikk, fin bil, nybeisa hus, grønsåpelukt og roser på bordet?
Det var ei lette å høyre nyanseringa på radioen. Omgrepet lykke er kanskje feil, og i såfall strekkjer vi oss etter eit anna ideal enn kva vi burde gjere. Lykke er for meg ein lettliva, smilande, nesten euforisk uanstrengt og ukomplisert kjenslestatus. Eg blir nesten stressa berre ved tanken på å vere i denne tilstanden for lenge om gongen. Den kjem i små blaff, og helst uventa og bardust og utan at eg var heilt tilstades, men eg kjem på det etterpå, når dei er forbi.

Eg hadde nokre tilfelle denne siste veka, som illustrerer kva eg meiner.  Som til dømes da eg på laurdag vende nasa mot heimlege trakter, og såleis måtte forsere ein fjellovergang frå vest mot aust. ... Eg hadde eit snev av hovudverk ved avreise, noko eg valde å kurere med inntak av store vassmengder oralt. Den ideen i seg sjølv, er ganske fornuftig. Eg lydde til Lynyrd Skynyrd med bilstereoen sin maxbass. Junior i baksetet sovna, sola skein, blå himmel, kvite vidder, skituristar hadde okkupert kvar ein ledig vegskulder og armkrok. Lykke. Strynefjellet var besudla av tidleg påsketuristeri. Eg passerte Grotli, passasjeren sov, bilen gjekk godt, solbrillene var på grevet, bassen dunka. Eg var på veg inn i turen si trasigaste fase,  Grotli-Dønfoss, det er eit utuhenta, kjedeleg vegparti, eg sovnar nesten kvar einaste gong og hugsar aldri at eg har passert når det er over. Denne gongen vart det ikkje slik. Eg var mindfull så det heldt, lenge. Og eg veit kva eg snakkar om. Eg har prøvd meg på strikking, somme meiner ein blir like nedstressa av strikking som av yoga. Ikkje eg, eg blir svært obs på alt eg skulle ha gjort og alt som ikkje blir gjort, så lenge eg sit med ineffektiv tekstilproduksjon. Eg har også i det siste freista fargelegging for vaksne, noko som og er sagt å skulle ha same effekt. Funka ikkje heilt skikkeleg, eg vert heller svært klar over ymse fargeblyantkvalitetar for å ikkje nemne blyantkvessarkvalitetar.

Denne gongen fann eg fram til ein aktivitet som tek pusten frå ein, gjer ein meir skjerpa enn noko anna, alt fokus vart vend inn mot mitt indre sjølv, ingenting klarte å vippe meg av pinnen, eg kan ikkje hugse kor tid sist eg var så til dei grader til stades i nået. Heile kroppen stod i spenn. Det var det lækjande vatnet som skulle kurere gruff i hovudet, som ville ut att. Har de tenkt over kor vanskeleg det er å snike seg til ein pisseplass på ein fjellovergang i skisesongen? Eg kunne liksom ikkje berre la min nette VW caravelle, med plass til mormor og sju av åtte, lene seg innåt den fyrste SUVen eg såg for så å åle meg ned i mellom å vri gamla, som det så poetisk er uttala. Der var særs få vatnavgangshøve langsmed vegen og brøytekantane var høge å bestige, og om eg så hadde gjort det måtte eg etterpå ha grave meg ned til den kjørra eg skulle gøyme meg bak. Eg hadde pissa ut meg lenge før det. Eg køyrde tappert vidare, medan kreative scenario spela på mi indre scene. Eit lite bel vurderte eg kaffikoppen min, men eg har sett komifilmar med slikt utfall og tenkte at så langt er eg ikkje komen. Eg fylte tjuge for nokre år sidan, øl drikk eg lite av og det var berre under mi kvinnelege verdigheit å pisse i ein kopp, i ein bil, med ungen i baksetet. Ferda fortsette. Eg sikta mot bensinstasjonen på andre sida og mobiliserte all tankekraft, eg visualiserte etter beste evne, var ei stund innom Bertrand Larsen, mentaltrenaren. Fødslar gjekk i reprise i sinnet mitt, du har klart deg gjennom verre dagar, hald ut, ver sterk, KNIP for f...!!! Ein kilometer frå målet laut eg svinge til sides, stogge bilen, sjekke tilhøva utanfor, ikkje snakk om! Det var innsyn frå alle kantar, eg bøygde meg for sjenansen. Ut på vegen att, bevisst, klarsynt, forsiktig oppgiring. Lynyrd Skynyrd sine bassbølger påverka no trykket i blæra såpass at dei måtte tre til sides, eg skrudde av radioen. Talde metrane til Statoil. Pusta roleg, men bestemt. Nærma meg. Fyrste avkøyrsla. Blinka. Feil avkøyrsle. Rusa opp att. Skvalping i blæra. Junior Gorg vakna. Svinga til sides. Rett denne gongen. Av med selen, stram beskjed til minsten om å sitje i ro, krisesutuasjon, forklarer seinare. Ut døra. Bestemte steg. Inn på avtredet. Mørkt. Ljosbrytar. Uttafor døra? Innafor? Uttafor likevel? Nei, innafor. Dosetet. Doloket opp. Sitt ned. Slapp av.
Alle bekymringar eg hadde hatt siste kvarteret forsvann i doskåla.
Eg var fri, eg var ny, årelating.
Etter å ha funne att roa og innfridd krava til hygiene, kunne eg forlate toalettet på bensinstasjonen øvst i Skjåk og møte verda med nye auge. Vurderte å kysse føtene til innehavaren da eg kom ut att i butikken, men kjøpte i staden ei pakke med nøtter (av alle rare ting), det var mitt offer til vegguden denne dagen. Vel attende i bilen var eg ei smilande og godt nøgd mor, som akkurat hadde hatt eit enkelt blaff av lykke.

Det hadde vore veldig travelt om eg skulle gå rundt med denne lykkekjensla på permanent basis, det hadde ikkje vore til å leve med. I dag på radioen fekk eg forståing av at det heldt å vere tilfreds med kvardagen slik på det jamne. Ein skulle senke listekravet til lykka. Hadde ein nokon å bry seg om, nokon som brydde seg om ein, ein kropp som fungerte i det daglege så var det godt nok. Og det vart sagt, på P2(!), at ein måtte tulle meir, vere meire tullete, tull og tøys er bra for oss.


Ha ei tullete helg.