lørdag 25. mars 2017

Frå pupp, via Minecraft til innsyn i den neste verda.


Kva veit vel eg?

Som mor og lærar og samfunnsborgar prøvar eg å forstå denne verda. 
Det er ikkje lett.

Om ein tek den mor-beten fyrst, å bli mor var enkelt, når deigen fyrst var komen på heving. Når bollen kom ut av omnen skifta ein status til mor, det berre skjedde automatisk. Det var pupp og bleier og mat og kos og tryggleik og grensesetting og sosialisering og horisontutviding. Det gjekk meir eller mindre av seg sjølv, instinkta var til god hjelp.

Bolleomnen var produktiv i fleire år, men så vart den nedlagt. Deretter var det berre å følgje opp desse podane som var halvt deg, halvt ein annen og heilt seg sjølv. Som bleieskiftarbeider i graut- og puppbobla var det ikkje så lett å ense verda utanfor, det skal vel heller ikkje vere det. Fokus skal vere innover mot hiet, det er rett. Oppkast, feber og søvnløyse var altoppslukande og ein kjende at all uffing og okking kom av seg sjølv, heilt naturleg og med god grunn. Ein kunne spreie rundt seg med referat frå stellebord, nattskiftet, grautskåla og ymse trassaldrar, både online og offline. Ein kunne kose seg litt med at ein fekk gehør og at andre kjende det på same måten, ein kunne sjå tragikomedien i det og le av seg sjølv med gulpeflekkar på kragen. Og alt dette var, sett i etterkant, enkelt, det var ein veg; opp og fram, det var berre å klive over kneika, halde seg fast i røter og kantete steinar. Ein kosa,  gret, skratta og åla seg framover og var trass alt den viktigaste personen i livet til nokre få, små menneske. Og dette var ikkje noko problem, for det var slik det skulle vere.
Så det kan eg slå fast for meg sjølv; å bli mor var lett, det berre skjedde med meg.

Etter kvart blir desse små, noko større, noko eige, noko anna. Dei leikar seg ute og inne og oppe og nede, i tre og i bekken, og radiusen kan bli stor. Dei tek til på skulen og dei sparkar fotball, dei går på ski, dei syklar, dei dett ned, dei blir ihopsydde, dei blir spjelka, dei kranglar og dei er vener. Alt er normalt, vi vaksne jobbar og kostar og køyrer bil og drikk kaffi. Det er kvardagen og den er ikkje glamorøs, den er grei og god og okei.

Så spør ein seg sjølv, kva skal ein vente av kvardagen? Plankekøyring eller grøftekøyring, punktering og ei og anna ripe i lakken? Drømmescenarioet er ryddig hus, reine klede med tellekantar, harmoni, venlege smil i treffsikre pasningar mellom familiemedlemane, gode samtaler, faste leksestunder, rutinerte treningsøkter, blomsterbukett på bordet, middagsselskap med vener i helga, reine ungar med håret på stell, funksjonelt kjøken og vaskerom forkledd med utsøkt estetikk og akustikk, friske sengeklede med eit hint av lavendel og ei mor med nappa bryn og trimma kant.

Det er i alle fall det ein drøymer om, og trur er toppen av lykke. Og somme gonger kan ein få ei kjensle av at ein nesten er der, eller i alle fall ein stad i nærleiken. Det kan vere eit par timar før jula blir ringt inn, eller dei femten minutta etter at du har vaska golva midt i huset. Dersom ein har opptil fleire avleggjarar som bur  i same hus, kan dette vare i så korte blaff at ein trur det berre var ein draum. No skal ein vere forsiktig med å skulde alt kaoset på dei yngste i huset, om ein ikkje er av dei mest ryddige menneska sjølv. Da kan det vere ein er heldig og avlar fram to små, som ein klarer å oppdra på gunstig vis til å ta på seg ymse arbeidsoppgåver i heimen. Er ein rotete av seg og plutseleg får vifta seg fram til ein lysning i ammetåka og ser at det er blitt fem avkom, ja da kan det hende at ein må få profesjonell kaoskontroll på besøk. Slik sett kan ein få det praktiske, huset, lekser og all aktivitet, inn i eit slags skjema. Og om ein senkar krava betrakteleg, så kan den praktiske kvardagen i huset bli til å leve med, utan kaoskontroll og.

Har ein fire skuleungar i hus, seier det seg sjølv at mykje av kveldane går med til lekser, for dei. Som foreldre skal vi støtte, lytte og hjelpe. Og det skulle vel vere null problem, dersom ein set av tid og skrur av alle skjermar og radioar og konsentrerer seg. Og om ser vekk i frå ungkatten si hasardiøse ferd gjennom stova og minstemann si høglytte leiking, og ein ikkje reflekterar over at ein allereie er utsleten av dagen, og at ein eigentleg har lyst på noko avslappande tid med Minecraft før hovudet skal lande på andedun. Ikkje noko problem.

Det er ikkje slik for alle, somme ser leksene som eit høgt fjell av meir skule og plikter før sengetida, medan andre tenkjer på dei som ei irriterande, lita strafferunde, som dei hastar i gjennom for å bli ferdige, slik at dei kan gå ut å springe eller hoppe eller rulle. Andre att kan ha eit ønskje om å faktisk lære noko, lese, studere og skrive, nyte med ein kopp te. Og i einskilde heimar er alle kategoriar representerte, til ei kvar tid. Som forelder har du da eit ansvar for å følgje opp, og nokre svarar at dei har gjort leksene før du er ferdig med å formulere spørsmålet, somme seier dei er ferdige, men berre har att noko lite (da veit mor, instinktivt, at ho må komme med oppfølgjingsspørsmål), så har du dei som glir vekk langs veggane i det dei værar spørsmålet. Desse må ein kanskje hanke inn att frå eit eviglangt dobesøk, eller eit rømningsforsøk inn i Legoland eller Minecraft-verda med øyretelefonar som gjer at dei høyrer absolutt ingenting. Mor veit da, at kvelden kan bli lang, om ho i det heile tatt gidd å ta opp den kampen.

Ungane må da lære, tenkjer ho. Om ungane mine dett utom den oppskisserte skulevegen, er det min feil, mitt svik, eg som ikkje gjer jobben min. Ein blir ikkje ein brukbar, opplyst vaksen om ein veks opp med ein playstation-kontroller i handa. Det blir så feil i moderhjernen. Hadde det enda vore langrenn, noko fysisk, noko sunt og oppbyggjeleg, kanskje til og med fotball er betre? Eller Lego-bygging, å konstruere, å teikne, eller musikk, noko som tradisjonelt sett er bra for utviklinga av hjernen.

Eg kjenner ei mor (ganske godt) som har kjent på dette, mange gongar, mange kveldar, dagar. Ho har vore irritert, frustrert, redd, sint, oppgjeven, fortvila og uvitande. Ho meiner at lekser er viktige for å lære seg å arbeide på eiga hand. Likevel. Om leksearbeidet kjennest meiningslaust og nedbrytande og bidreg til auka friksjon i heimen, fordi den stunda ein skulle ha i lag på kvelden ikkje var så triveleg, kva gjer det med kjensla av å ha ei trygg hamn? Ei hamn der ein skal kunne ta seg inn att og kople av. Denne mora (som eg kjenner så altfor godt) har lokka og lurt og masa og bede og skrike og ropt og reve seg i håret og, nær på, rulla seg i tjære og fjør.

Siste tida har ho prøvd å forstå kva det er med Minecraft, kva går dette ut på. For lenge sidan forsikra ho seg om at det ikkje var vald og gørr og hjernemasse, ho fekk tak i at det hadde med firkant-klossar å gjere, og roa seg med det. Men rista på hovudet over dagens ungdom som meinte det var betre å bygge med klossar på ein skjerm enn å gjere det i røynda (som det står i matteleksa). Da den eine rekrutten hennar ein dag sat med leksa, medan det dampa ut av øyrene, såg ho med eitt at det handla om volumutrekning. Og drog ein link til Minecraft, som også var kuber i massevis. Med eitt var ungen påkopla, ikkje på leksa, men på det mora snakka om. Han kunne snakke om areal, omkrins og volum, i Minecraft-kontekst. Kunnskapen var der, ikkje tvil om det, men viljen til å skrive oppgåvene sirleg inn i matteboka var det verre med. Så ho intervjua han vidare om denne verda ho forstod så altfor lite av, jau da han la ut. Og mora sat der, konsentrert, i stillongs og håret sett opp i tidsklemma, for å prøve å forstå dette.

Og det vart skildra ei verd utanom det jordnære, men likevel så jordnært at ho vart skjemd av eigne fordommar. Gutungen sat med store auge og gestikulerte, han fortalde om natur og brukte omgrep som ørken, sump, jungel, regnskog, bjørkeskog, eikeskog og birch saplings som han oversette til mor (ungtre av bjørk). Han snakka om å finne ressursar i ei ukjent verd som han utforska bit for bit. Han snakka om å finne ymse treverk til byggeaktivitet og reiskapsbruk. Han snakka om å finne vegen til små landsbyar der han kunne finne ein black smith («eller ein smed da, mamma») som kunne smi reiskap av jernet han hadde funne i jorda. Vidare fortalde han om pyramider i ørkenen og majaindianarar i jungelen og matjord som vart dyrka av bonden, slik at han kunne hauste korn og bake seg brød. Om han da, bonden altså, hadde skaffa seg kol til å fyre opp omnen med.
Diamantar fann han sjeldnare, sa han, i den tiande blokka etter grunnfjellet (bedrock vart det opplyst om). Etter kvart som verda vart avdekt viste den seg og på eit kart, som var utstyrt med koordinatar. Fekk ein utvunne nok jern til å bygge seg jernbane med, gjekk plutseleg livet i verda fortare, kommunikasjon mellom aktørane på skjermen vart utbetra.
-Og kven er desse aktørane, spør mor.
-Jau, no skal du høyre. Det er litt spesielt, for dei er utan kjønn, eller ein kan velje skins da, slik at det blir gut eller jente, om ein vil altså. -Så det er på ein måte kjønnsnøytralt da? -Ja, det kan du seie. Og mat lyt dei jo ha, dei et grønsaker og kjøt. Frå lamaen og sauen får dei ull til sengeklede, viss du vil sove da. Somme ting er meir meiningslause,  som at prestane sel magiske bøker og at ein må til underverdenen for å sale hesten, men slik er det… Mora nikkar.
Læraren inni mora nikka også. Skremd og letta på same tid. Skremd fordi det er ei verd innanfor denne skjermen som ho ikkje har skjønt noko av, og som ho har avfeia som meiningslaus og tullete. Letta fordi det verka som om engelskkunnskapar,  samfunnstilhøve, ressursforvaltning, koordinatsystem, samanhengar i naturen og kjennskap til gamle og verdifulle yrke såg ut til å vere eit biprodukt av denne skjermsjuka.
Rådlaus, fordi ho ikkje hadde kunnskap nok til å bruke dette på nokon god måte i skulesamanheng. Frustrert fordi ho ikkje hadde skjønt det før, det er klart at om ho hadde visst at somme elevar sat inne med slik kunnskap kunne ho angripe dei på ein annleis og betre måte. Det at ho  hadde trudd at ungane, ved å vere opptekne av Minecraft, fjerna seg frå verkelegheita og over i noko uhandgripeleg og verkelegheitsfjernt var flaut. Dei lærte om å dyrke jorda og utnytte ressursane, slik som menneska har gjort opp i gjennom historia. Er det ikkje det vi vil dei skal forstå, tenkte ho. 

Samfunnsborgaren, inne i den same mora og læraren, vrei på seg. Han innsåg at han var eit barn av si tid, ei tid før e-post og smarttelefon, ei tid med telefon i gangen, NRK1, fiskerimelding og havregryn med mjølk. Den tida som var før den som var komen, den som hadde vore betre. Kanskje var verdsborgaren vorte så gammal og blind at han ikkje såg det gode i det nye, fordi han ikkje gadd å opne den elektroniske scifi-døra inn i ei anna verd.

Og forelderen tenkte seg om, og forstod at han måtte roe seg ned, tenke at ting vil gå seg til, det vil gå bra, men ikkje på den måten han hadde tenkt det skulle gå bra.

Mora forstod at det å bli mor var ein sabla enkel operasjon. Det å forstå at ein faktisk blir mor til framtida sine foreldre, det var mykje verre. For korleis skal ein bu ungane sine på det? Bu ungane på å bli foreldre for eit samfunn som kjem etter det vi sjølve kjenner….det er ein overveldande tanke.

Mora og læraren og samfunnsborgaren vart einige om at dei kunne prøve å forstå den neste generasjonen betre ved å møte dei i deira fantasiverd, og kanskje til og med få dei med seg opp til middagsbord-verda ein gong i blant, for å øve på handskrifta. For med handskrift kan det vere greitt å notere ein og annen koordinat, det å kunne dokumentere kunnskap skriftleg er også ganske ok og å kunne kople hjerne og hand i hop er uansett veldig smart. Og Minecraft-universet verka ikkje lenger så skummelt, men ein ressurs var det vanskeleg å få tak i der; frisk luft. Så om ein luftar slike speledåser  nokre gonger for dagen, så gjer ikkje det noko.




onsdag 8. februar 2017

Dagens oppmoding: Gå til onkel!

.Gå til onkel...og gje han ein klem.

Onkelen min, ein unnselig skatt

Ein slik kar som ikkje er far og som ikkje er bror. Onklar dullar ikkje rundt ein, stikk seg ikkje fram, det er ei beskjeden rolle. Bak gesjeftige bestemødre, mødre og tanter og systre, der står onkelen. Ser ut til å tenkje at det ein gong blir hans tur. Han som skal få komme til. Snakke litt om veret og den nye bilen sin, om vedturka, om hytta og båten, om tida. Ein onkel er ein fin fyr.

Ein slik halvvokstring med bakarklede som alltid luktar mjøl, ein fotballidiot, ein slik sprudlande bilentusiast med gule lys, pute på hattehylla og TOY i midtkonsollen, ein slik ein med ny bil heile tida og som spela gitar og song, ein slik hobbypianist med hang til Mercedes.
Ein slik ein som kjem inn i bestemorhuset med nytt uttafrå, ein som så vidt dunkar inni glasdøra før han stig inn, fordi han er litt heime der og. Ein som kjem inn i stova med nyhende og skratt, ein som opnar kjøleskåpet berre for å sjekke. Ein slik ein som tykkjer det er litt stas med med slike små jenter som heng rundt beina på bestemor, ein slik ein som har tid til litt leik og tullprat.

Slike greie karar som tek deg med på butikken, slik at du kan stå der mellom knea på den slengete kompisgjengen hans og lure på om dei har gode hensikter eller har tenkt å denge onkelen. Slike typer med permanent, som tek med seg nye tanter på besøk, antakeleg for at dei skal testast i å ha med onkelungar å gjere. Slike artige karar som aldri skjenner på deg, med mindre du legg deg ned og latar som du er død i skibakken, og da skjenner dei fordi dei blir redde. Ein av desse som kan leike og tulle og herje i eit par timar, fordi han veit at han snart slepp unna. Ein slik spikar med glimt i auga, med spontane gledesutbrot og karslege tårer. Han som skaffar deg automat-moped når du nærmar deg 16. Han som himlar med auga bak mor si, når ho gjev heile Vikingane-samlinga til barnebarnet. Han som deltek i spel med heile seg, kastar seg ut i det og ler like høgt av seg sjølv som av andre. Han som prøver å skremme vekk eller teste kjærasten din med grisprat, og som smiler nøgd når han forstår at det ikkje går.  Ein som sjølv er så nysgjerrig på kven julenissen er, at ein heilt mister lysta på å bli vaksen. Han som køyrer flyttelasset ditt frå ein hybel til neste, utan å ta noko for det. Han du kan kapp-ete dessert med, fortelje skrøner til og le høgt av om han trur på dei. Han som ertar deg for småkjærestar til du gøymer deg, fornærma, under bordet. Ein slik ein som berre må sjekke sommarvegen før den er heilt farbar, fordi det kan jo gå i år.

Når ein veks til er han der fortsatt, men tantene er blitt permanente og magane deira veks. Onkelen sluttar å fornye bilparken, men tek til å tenkje på hus. Sjølv er ein meir borte enn heime, fordi verda er vorte større. Om ein likevel stikk snuta innom, og kjenner lukta av kaffi og lyden av onkel, kjem hjartet i onkelungetakt og ein set seg ned for å høyre. Høyre om største fisken, beste kaffimaten, neste husprosjektet, potetåkeren, bærbuskene, arbeidet, grasklypparinvesteringa og hageslangekveilen, om turk og regn, om sorg og glede. Og kaffien vart sila gjennom sukkerbeten. Berre lytte til det eigentlege livet ein prøver å rote seg vekk i frå, før ein finn vetet sitt att og skjønar at livet var der. Desse  onklane som låg eit hakk føre deg på reisa, og visste kva du skulle gjennom, men likevel spurde korleis det gjekk.

Plutseleg var tida komen til at ein sjølv vart tante og sit med eigne avleggjarar, og onklane vart gamleonklar. Men berre i namnet. For onkelungen er dei fortsatt vanlege onklar, slike som onklar skal vere. Ein del av fundamentet i barndomsmuren ein bygde livet sitt oppå. I skuggen av det ditt nyplanta familetre står dei. Litt forsiktige og lite prangande, men dei sit faste, i røtene, i grunnmuren, nesten utan at dei veit det. For ein har kanskje aldri sagt det direkte til dei, at ein set dei høgt og at dei alltid vil vere ein del av noko viktig. For meg. Eit bidrag til ein tryggleik ein ber i seg sjølv, om at det fins ein plass der ein høyrer til. Ein onkel som alltid har kjent deg, som har skifta bleia di og som du sikkert har gulpa på. Ein som har sett deg sur og sint og blid og glad, men ikkje har flykta for det.
Ein onkel er ein fin fyr. Ein slik som er verdt å samle på, han gjer ikkje mykje ut av seg, berre er seg sjølv. Skaffar deg tanter og syskjenbån og ein onkelheim der du berre kan titte innom.

Eg er ei heldig onkeljente, for eg har fire slike fine fyrar i livet mitt. Dei har fått lite skryt, for alle gode opplevingar og for at dei gav håp om at vaksne menneske kunne vere ålreite (særleg i den tida da foreldre ikkje var overtydande nok).
Eg er veldig glad i dei.

Er du sjølv ein slik onkel, ungane mine har nokre av dei, vil eg du skal vite at du er fin. Du er perfekt. Du høyrer til og du er viktig, for små og for store onkelungar.


Onkel. 


mandag 23. januar 2017

Tunnelsyn

Når vidsyn avløyser trongsyn…..

-          Kom her, skal eg syne deg.
-          Jau, no skal du sjå.
-          Eg har forstått heile verda eg no. Kom da!
-          Det er enkelt. Du må berre komme her.
-          Nei, ikkje frå den kanten.
-          Kom hit! Du må opp på mitt nivå, sjå, med augene, ja.
-          Her! Det er da opplagt. Det må vere slik, dette stemmer med alt eg har lært så langt.
-          Ser det annleis ut for deg, seier du?
-          Jammen, så kom bort her da. Er du dum eller?
-          Skal eg komme bort der, meiner du?
-          Kvifor skal eg no det når eg allereie har forstått det?
-          For å forstå deg?
-          Javel…
-          Så rart. Dette forstår eg ikkje!


………….er det ikkje opplagt at ein forstår meir.

onsdag 30. november 2016

Fotball. Litteratur- for tullebukkar som ikkje har forstått verda og fotball. Og fotball.



I morgon skal eg lose ei åttandeklasse gjennom deira fyrste norsktentamen, og vi har brukt boka som er nemnt i denne kronikken, som det den er; ei basisbok. Apropos https://www.nrk.no/ytring/norskpensum-pa-villspor-1.13241743
Likevel, trur eg at K. Hoem er tett ved kjernen. Dessverre. Det ser ut til at vi menneske av i dag helst vil jobbe med konkretar, målbare storleikar, handfaste bevis, leireklumpar vi kan forme, noko vi kan ta tida på. Det er vanskeleg å telje strukturar som blir danna inne i hjernane våre, kor mykje perspektiva våre er blitt utvida siste veka, kor mykje flinkare ein er vorte til å reflektere siste månaden. Samstundes går det i rykk og napp.
Eg tykkjer det er ironisk at boka vår heiter kontekst (samanheng) og i norskfaget den samanhengen der ord og uttrykk dukkar opp. Basisboka kontekst omtalar mykje språkteori og -omgrep og den gjer sitt beste når det gjeld å forklare dette. Eg kan nemne at det i tillegg finst minst fire tekstsamlingar frå Kontekst, heldigvis. Om ein berre brukar basisboka, og ikkje samstundes ser teorien i samband med litteratur, blir det gørande kjedeleg!
Vi må ta oss tid til å høyre på, lytte til, snakke og skrive om litteratur i fellesskap, i klassen. Får vi ikkje tid til dette vil dei som ikkje er aktive lesarar heime dette av lasset altfor tidleg. Vi vil skape ein felles referansebakgrunn, noko vi kan bruke som knaggrekke for nye ord og samanhengar. Vi må ha tid til å kose oss med tekstar, sjå alvoret i tekstar, lære elevane å sjå bodskapen bakom orda og dei må få lov å prøve seg som skrivarar, mykje. Kreative og fargerike tekstar, saktekstar, reflekterande tekstar, eksperimentelle tekstar, dikt, korte og lange. Det fine med tekstarbeid er at det ikkje er nokon fasit, det gjer det lite kjedeleg. Skal vi setje eit kreativt fag inn i altfor stramme rammer kjem vi til å miste mykje gode skriveri, det har eg ikkje lyst til å vere med på.
Eg har prøvd å dra ein parallell til fotballen sidan den står så umåteleg sterkt, kva om det  var eit fag i den norske skulen? Ville ikkje det ha vore på sin plass? Den skulle vere grei nok å måle, eller…  Korleis ville læreplanen ha sett ut? Kven hadde tekje på seg denne undervisninga? Korleis hadde det norske samfunnet reagert? Ville vi ha fostra mange nye verdsstjerner på denne måten kanskje, for det er vel dit vi vil? Stjerner i auga, ess i erme, stjernelønningar, stjernebilar, stjernekåkar? Ein kjem ikkje dit om skal fokusere på litteratur og refleksjonar kring mennesket sine herjingar i verda, det må kunne skrivast med kr/ eller £/ eller €/minutt eller…?
 (Kanskje dette er løysinga for eit landslag som skuffar gong på gong? Eg kan sjå for meg at dette vil fremje speleglede, fotballentusiasme og ikkje minst stimulere evnene).
Uansett, i morgon vil eg satse på skriveglede og skrivestøtte og språkleg fundering og graving av gangar i unge hjernebarkar.
:
Læreplan i fotball (for spesielt interesserte)

Formål
Fotball er et sentralt fag for kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Gjennom aktiv ballbruk innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv, og rustes til deltakelse i arbeidsliv og demokratiske prosesser. Fotballfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne ballstyrker, score, få ballen og sentre videre.
Samtidig skal fotballfaget utvikle elevenes ballkompetanse ut fra de evner og forutsetninger den enkelte har. Muntlige ferdigheter, drible- og triksekompetanse er både et mål i seg selv og et nødvendig grunnlag for læring og forståelse av fotballigaer på alle nivå. Faget skal motivere til trenings- og arbeidslyst og bidra til å utvikle gode spillestrategier.
I fotballfaget møter elevene et bredt spekter av spillestiler. Faget bygger på et fotballteori som inkluderer kjennskap til banens størrelse innenfor 5-er, 7-er, 9-er og 11-er fotball, der reglement, samspill og strategi spiller sammen. Elevene skal lære å orientere seg i mangfoldet av fotballkultur, og faget skal gi rom for både opplevelse og refleksjon. I løpet av opplæringen skal de få kjennskap til knottebruk, lærkvalitet, supporterkultur, banekvalitet, løpeteknikk, utvikle evnen til kritisk tenkning og få perspektiv på fotballhistorien. Gjennom muntlig og kroppslig kommunikasjon kan de sette ord på egne følelser og stå fram med meninger og vurderinger. De skal selv utvikle ulike typer ferdigheter med hensiktsmessige verktøy, og tilpasse språk og formtopp til ulike baneposisjoner, borte-/hjemmebane og medier. Etter hvert vil de også kunne fordype seg i spill og bli dyktigere til å samhandle med andre på laget.
Fotballfaget befinner seg i spenningsfeltet mellom det kulturelle og det sportslige, det nasjonale og det globale. Å se norsk fotball, -kultur og resultat i et historisk og internasjonalt perspektiv kan gi elevene større forståelse for det fotballsamfunnet de er en del av. Norsk fotballarv byr på et forråd av Drillofakta som kan få ny og uventet betydning når perspektivene utvides. Fotballarven er slik sett en levende tradisjon som forandres og skapes på nytt, og fotballfaget skal oppmuntre elevene til å bli aktive bidragsytere i denne prosessen.


Grunnleggende ferdigheter
Grunnleggende ferdigheter er integrert i kompetansemålene, der de bidrar til utvikling av og er en del av fagkompetansen. I fotball forstås grunnleggende ferdigheter slik:

Muntlige ferdigheter i norsk er å skape god stemning gjennom å lytte, samtale og tale, og tilpasse språket til formål og mottaker. Utviklingen av muntlige ferdigheter i fotballfaget forutsetter systematisk arbeid med ulike muntlige sjangere og strategier i stadig mer komplekse lytte- og talesituasjoner. Det innebærer å tilegne seg fotballkunnskap ved å lytte aktivt og å forstå og å bruke det muntlige språket stadig mer nyansert og presist i samtale om fotballfaglige emner, problemstillinger og ligaer av økende omfang og kompleksitet.

Å kunne skrive i fotballfaget er å uttrykke seg på fotball på en hensiktsmessig måte. Det innebærer å kunne uttrykke seg med stadig større fotballfaglig sikkerhet på både hovedmål og sidemål.

Å kunne lese i fotball er å skape mening i fotballtabellen på tekst-TV. Utviklingen går fra grunnleggende avkoding og forståelse av tippeligatabellen til å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig mer komplekse EM og VM-kvaliker.

Å kunne regne i fotball er å tolke og forstå informasjon i resultattavlen. Det vil si å kunne vurdere, reflektere over og kommunisere om fotballtabeller, -resultater som inneholder grafiske framstillinger, tabeller og statistikk. Utviklingen i regneferdigheter i fotballfaget innebærer å skape helhetlig mening i stadig mer krevende tabeller der ulike uttrykksformer må ses i sammenheng.


Digitale ferdigheter i fotball er å bruke digitale verktøy, medier og ressurser for å innhente og behandle informasjon, skape og redigere ulike typer fotballrelatert stoff. Og til en hver tid vere oppdatert på siste versjon av FIFA (Pst eller annen TV-spillkonsoll).

torsdag 16. juni 2016

Far vel. Tøffe tider for navlestreng.




Du skulle berre visst kva for krefter du sette i gang, den fyrste dagen i livet. Da du kjende på at verda di var blitt for lita og du tok spenntak i mor sine ribbebein og pressa deg ut i ljoset. Rett etter, låg du der kald og varm og våt og skrikande. Under deg ei morsbringe, som ville sprengjest av takksemd, lykke og lette. Ei bringe som brått fyldest av nye kjensler for eit menneske ho hadde kjent i nokre månader, sjølv om du  korkje hadde vist deg eller laga lyd. Da du sparka deg ut av mors liv og inn i ditt eige, da stod tida stille rundt mor. Det var ein augeblink da verda berre var, verda var berre der.

 I dei neste månadane var verda di forunderleg lita, ei mjuk seng, ei ny bleie, søt mjølk, varme bad i sterke armar og blant hjarte som banka hardare når dei såg deg. Sidan  vart du var kjøkenbordet med leverpostei på skjevebetane, mjølka i tutekoppen og den grisete sølesmekka. Kanskje kom der yngre syskjen til, i det du var i ferd med å tøme kjøkenskåpa for innhald. Eller kanskje da du steig opp på bordet, berre for å dette ned att.

Etterkvart tok du til å søkje utom stovedøra, smake på hjortemøk på plenen eller ete sølekake, begge deler med stor entusiasme, kanskje gjorde du gata utrygg på trehjulssykkel? I barnehagen møtte du andre med liknande interesser, og i lag med dei og dei vaksne voks verda di ved stadig produksjon mjølkekartongdyr.


Plutseleg sat du ved skulepulten, med nytt pennal og skulesekk og vasskjemd hår for anledninga. Du lærte deg å skrive tal og starte o-ane på toppen, du lærte deg å rette opp handa før du fekk lov å prate høgt. Endeleg las du ihopsette bokstavar til ord, og brukte sjølv bokstavar til å lage nye. Du klarte å skrive historier utifrå din eigen fantasi og du rekna kroner og øre.

Samstundes som du lærte av bøker og blyant, lærte du om deg og dei andre. Kven var du og kven var dei, og kven var de i lag. Til sist kunne de reflektere over kven «vi» er og kven «vi» er i denne verda. Og kva de ville gjere her på jorda.

Slik omtrent dit er du komen i dag.

Som ein kalv som skal ut i ljoset for fyrste gong, klar for kalvdans, sol og fridom. Du slit i navlestrengen og vil vere fri, vil snu fjeset mot sola, alldeles utan solfaktor. Leve på kanten, ikkje sjå deg attende. Berre stupe i det, og vere spent på landingstilhøva, utan tanke på korleis du skal kome deg opp att etterpå. Du vil snu ryggen til det kjende og opne armane mot ein større del verda. Ta inn alt, med raust filter. Snuse på nye dimensjonar. Stå åleine i livet ditt og vere kartlesar for deg sjølv. Fri deg frå dei siste, seige lenkjene som bitt deg til mor sitt fang og far sine sterke armar. Du seier hadet, snur deg og spring, vi seier far vel. Og vi meiner nettopp det, far vel og far godt.

I dag skal eg, som lærar, få vere med å seie farvel til ein gjeng med tiandeklassingar og foreldra deira. Ein lærarkvardag er til tider store stablar med tentamenar, men kvar einaste arbeidsdag er menneskemøte. Fine, kloke, unge, redde, glade, smilande, stressa, leie, opplagte, bråkete, stille, trege, raske, gale, søte og rare folk, både i klasseromma, i gangane, i skulegarden og ikkje minst på lærarrommet. Når elevar vandrar rundt i kvardagen din over eit par-tre år er det lett for at det blir spor etter dei. Likeeins kan lærarar setje spor, ein får håpe at dei spora er av den gode sorten. Ein er lærar så lenge ein har elevar, og når dei er store nok fer dei vidare. Om tre år er eg både lærar og mor, og om elleve år har nok fem morkne navlestrengar ført til kronisk hovudverk og innkjøp av GPS-bjøller.

Ei mor er alltid ei mor.

Du skal vete at bak deg står det att eit hjarte i bur, bak ei bringe som hevar seg og  senkar seg. Der inne vil du alltid høyre til, der vil du alltid vere liten, men også uerstatteleg stor. Det hjartet tilhøyrer mor, og det vil helst springe med deg over alt, og i tankane gjer det nettopp det.



Far vel.

søndag 22. mai 2016

Skal vi gifte oss, eller la vere?


Eg er ikkje så avansert  ihopsett, difor slit eg litt med å setje meg inn i all slags politisk lektyre som ligg på kaffebordet.

Likevel, eg har forstått at det er eit eller anna som står for tur. I dag, ein søndag, tvinga eg meg sjølv til å tråkle meg i gjennom politikarvisvas og lesarbrev i Fjuken, for i min heimkommune skal det røystast i morgon. Eg forstår meir av grenser og slikt der, enn kva eg gjer her på vestkanten. Ei slags oppvarmingsøkt.

No har eg fylt opp att kaffekoppen, eg blir alltid litt sleten etter at eg har løyst likningar og forenkla uttrykk. Hjernen prøvar å koke kraft på desse magre beina han har fortært.

Det vart skreve om ekteskap og å spare pengar. Om at ein måtte satse på kvarandre, som i ekteskapet, utan at ein heilt visste kva ein gjekk til, ta nokre sjansar. Nesten slik som ein inngjekk ekteskap mellom gardar, ikkje fordi det var kjærleik i lufta, men fordi det var lønnsamt og fordi ein stod sterkare i lag. Denne samanlikninga gjer at eg, om eg skulle y
røysta i morgon, hadde fått iskalde føter. I dag inngår vi vel ikkje ekteskap på slikt grunnlag, er ikkje det litt avleggs? Eg ville tenkt at det måtte tuftast på likskap, einsarta verdiar og felles livssyn for at lykka skulle gro. Dersom eg var Vågå og skulle gifte meg, ville eg gifta meg mot nordvest… Om eg ikkje var nødd da, eller eg var stormande forelska eller kjende på meg at Sel ville bere meg på gullstol og gje meg alt eg ba om (ikkje berre ta mitt namn).

Men så var det dette med økonomi da, det er nok eitkvart der eg ikkje forstår. Det er pengar å spare på dette. Difor er det nok ikkje snakk om lykkeleg ekteskap og koselege vinkveldar, dette er eit proforma ekteskap der i  alle fall den eine tjener på det.

Som lærar var eg inspirert. Kva med karaktersamanslåing? Elevane kunne bli einige med ein annen i klassen om å dele karakter, for at dei skulle få erfaring med eigenvurdering kunne dei komme med karakterforslag sjølve også, innan to timar. Det kunne vi spara mykje tid og spekulasjonar på. Og ingen kunne komme å klage i ettertid.  Eg tenkjer at dei som pratar høgast og fortast og trakkar på andre ville vinne fram og få meire makt…..

Eg ser for meg framtidas avisinnlegg, skreve av dei som har lært korleis folk kan lurast inn i «gode» avtaler….. Skrinlegg forslaget om karaktersamanslåing, sjølv om det kunne vore lønsamt. Det er ikkje verdt det.

Fyller opp att kaffekoppen.