Når vidsyn avløyser trongsyn…..
-
Kom her, skal eg syne deg.
-
Jau, no skal du sjå.
-
Eg har forstått heile verda eg
no. Kom da!
-
Det er enkelt. Du må berre
komme her.
-
Nei, ikkje frå den kanten.
-
Kom hit! Du må opp på mitt
nivå, sjå, med augene, ja.
-
Her! Det er da opplagt. Det må
vere slik, dette stemmer med alt eg har lært så langt.
-
Ser det annleis ut for deg,
seier du?
-
Jammen, så kom bort her da. Er
du dum eller?
-
Skal eg komme bort der, meiner
du?
-
Kvifor skal eg no det når eg
allereie har forstått det?
-
For å forstå deg?
-
Javel…
-
Så rart. Dette forstår eg
ikkje!
………….er det ikkje opplagt
at ein forstår meir.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar