Eg er ikkje så avansert ihopsett, difor slit eg litt med å setje meg
inn i all slags politisk lektyre som ligg på kaffebordet.
Likevel, eg har forstått at det er eit eller anna som står
for tur. I dag, ein søndag, tvinga eg meg sjølv til å tråkle meg i gjennom
politikarvisvas og lesarbrev i Fjuken, for i min heimkommune skal det røystast
i morgon. Eg forstår meir av grenser og slikt der, enn kva eg gjer her på
vestkanten. Ei slags oppvarmingsøkt.
No har eg fylt opp att kaffekoppen, eg blir alltid litt
sleten etter at eg har løyst likningar og forenkla uttrykk. Hjernen prøvar å
koke kraft på desse magre beina han har fortært.
Det vart skreve om ekteskap og å spare pengar. Om at ein
måtte satse på kvarandre, som i ekteskapet, utan at ein heilt visste kva ein
gjekk til, ta nokre sjansar. Nesten slik som ein inngjekk ekteskap mellom
gardar, ikkje fordi det var kjærleik i lufta, men fordi det var lønnsamt og fordi
ein stod sterkare i lag. Denne samanlikninga gjer at eg, om eg skulle y
røysta i
morgon, hadde fått iskalde føter. I dag inngår vi vel ikkje ekteskap på slikt
grunnlag, er ikkje det litt avleggs? Eg ville tenkt at det måtte tuftast på
likskap, einsarta verdiar og felles livssyn for at lykka skulle gro. Dersom eg
var Vågå og skulle gifte meg, ville eg gifta meg mot nordvest… Om eg ikkje var
nødd da, eller eg var stormande forelska eller kjende på meg at Sel ville bere
meg på gullstol og gje meg alt eg ba om (ikkje berre ta mitt namn).
Men så var det dette med økonomi da, det er nok eitkvart der
eg ikkje forstår. Det er pengar å spare på dette. Difor er det nok ikkje snakk
om lykkeleg ekteskap og koselege vinkveldar, dette er eit proforma ekteskap der
i alle fall den eine tjener på det.
Som lærar var eg inspirert. Kva med karaktersamanslåing?
Elevane kunne bli einige med ein annen i klassen om å dele karakter, for at dei
skulle få erfaring med eigenvurdering kunne dei komme med karakterforslag
sjølve også, innan to timar. Det kunne vi spara mykje tid og spekulasjonar på.
Og ingen kunne komme å klage i ettertid.
Eg tenkjer at dei som pratar høgast og fortast og trakkar på andre ville
vinne fram og få meire makt…..
Eg ser for meg framtidas avisinnlegg, skreve av dei som har
lært korleis folk kan lurast inn i «gode» avtaler….. Skrinlegg forslaget om
karaktersamanslåing, sjølv om det kunne vore lønsamt. Det er ikkje verdt det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar