Om å brette handkle og finne meininga med livet.
Eg blir rett og slett flau over
livet mitt når eg ser det i lys av det som skjer ute i verda. Ei fråtsing i
klede, mat, interiør, design, personlege trenarar, hudpleiesalongar,
skobutikkar, nettshopping, godteri og meire mat. Biologien min er god og mett
den, stappmett. Alle basale behov er dekt.
Men korleis vart det med sjela,
korleis forar ein den? Skikkeleg smakfull mat i godt lag vil nok hjelpe på den
og, men det held vel ikkje for å halde sinnet sunt? Den åndelege føda bør vel
og vera av variert kvalitet? Eg har forstått det slik at mange finn slik føde i
form av religion og gudstru. Kven er no denne guden? Eg anar ikkje kven han er,
men eg har ei forståing av at han betyr mykje for mange, over heile jorda. Om
ein ikkje sit inne med ei tydeleg gudstru, så kan ein ha tru på menneska og at
dei kan bruke planeten til noko fornuftig, fram mot den dagen sola seier
takk for seg.
Det handlar om å ha noko å lite på
og vere tru mot, og det behovet kjenner vi vel alle. Det rare er at menneska
som trur på gud, vel å vise trua si på forskjellige måtar. Og det, tenkjer eg,
er vel heilt greitt? Så enkelt er det
sjølvsagt ikkje, for det vil alltid vere slik at vi kappast om å ha rett. Min
måte å tru på er betre enn din måte. Ei stor sandkasse, med mange personlegdomar, og mange måtar å bruke ein spade på.
I mitt hus finst det
sju forskjellige måtar å brette handkle på, min måte er den beste. Det blir
krangel av slikt, det kan eg love deg. For når alle gjer det på min måte
tykkjer eg det ser så fint ut inni baderomsskåpet, men når alle gjer det
forskjellig blir det berre rot. Så korleis kjem vi oss vekk frå denne floken?
Det er ikkje lett, skal eg seie deg. Det er snakk om profesjonell
kamelsvelging. Likevel blir vi eininge om at vi vil ha fred mellom partane slik
på det jamne, så vi lever i lag, med til tider svært kaotisk baderomsskåp.
Heldigvis klarer vi å late igjen døra, slik at vi ikkje ser dette rotet. Med
tida blir det ein vane, og vi godtar meir av andre sine metoder, lærer kanskje
nokre triks av dei andre undervegs, og til sist høver vi likevel i lag. Eg
kunne ha prøvd og kasta ut alle handkleda mannen hadde bretta og be han gjere
det opp att etter mi metode, men eg trur det hadde vore å erklære krig. Ikkje
fordi han er så besett av si eiga metode nødvendigvis, men fordi eg ikkje respekterte
at hans metode vart praktisert og fungerte(til ein viss grad).
Å gje og ta, å vise
respekt, det er det som skal til.
Lat oss seie at eg nekta andre enn
handklebrettarar av mi metode, å plassere handkle i skåpet på badet. Dei hine la
handkleda utanfor skåpet i skakke stablar. Dei gadd ikkje prøve eingong, men
mine handkle låg fint bretta innafor døra, slik at ingen såg dei. Eg tykte ein
dag at det var for gale, så eg opna døra så dei fekk sjå kor fint det såg ut.
Nydeleg, tykte eg.
Sjå og lær.
I staden for å ta
lærdom bestemte dei hine seg for å mobilisere til kamp, dei utarbeidde ein
felles tungvinn og lite strukturert metode for bretting og stabling, men den
fungerte fint for dei. Plutseleg ein dag, da eg kom heim var alle mine handkle
hivd på golvet, eg fekk beskjed om at dei var færre og alt for konservativt,
kjedeleg og lite kreativt bretta. Dei måtte vike for denne nye felles,
blomstrande bretteforma. Så sat eg der og såg på, medan dei kosa seg med
brettinga, snakka og diskuterte korleis dei kunne farge handkleda i ymse fargar
for å få uttrykket, om mogleg, enda gladare. Eg kjende meg utanfor og einsam,
og tykte det var vanskeleg å få innpass i fellesskapet, ingenting var igjen min
handklebrettararv.
Eg hadde tapt kampen
om kleskåpet, og for seint forstått at det er fleire måtar å fylle ei hylle på.
Eg hadde vore stri og blind for andre sitt syn, berre fordi eg vil vere herre
over eit baderomsskåp og fylle det med berre min tradisjon og mitt livvsyn.
Kva har eg lært av
denne tankerekkja, ein søndag i august?
Jau, trångsyntheit og
frykt for framandt kan hindre utvikling og til sist kan det stengje meg ute av
mitt eige liv. Så lat oss ikkje stenge andre ute frå skåpet vårt, lat dei komme
inn og lære oss noko nytt. Det vil koste og det vil krevje, men vi vil få att
noko annleis som til og med kan vere betre.