Tre timar i bil,
heldigvis med velfungerande aircondition. Aller helst ville vi nok alle sitje
med hovudet ut av vindauget og pese som hundar, medan vi tok inn alle inntrykka
langs vegen. Temperaturen utanfor gjorde, heldigvis, sitt til at omverda vart
skåna for det synet.
Det er ei merkeleg
kjensle å køyre gjennom landskap og miljø som ein før berre har sett på
fargebilete i ymse medium. Det er som om å køyre gjennom eit interaktivt postkort,
der du plutseleg kan stige uta av bilen og inn i biletet, kjøpe med deg tomatar
og ta dei med inn att i bilen. Ein kjenner varmen frå sola, røyklukta frå kol,
olje, feitt, mat og ved. Den tørre, terakottafarga jorda på kvar side av ei
ujamn gate av asfalt. Skeive stråtak susar forbi vindauget, murbygningar som er
på tur opp eller ned. Det meste ser ut til å vere i ein prosess, på veg mot
noko nytt.
Akkurat som menneska
langs vegane. Menneske på syklar, menneske som går, menneske som spring, gamle og
unge. Nokre blir bore på ryggen til mamma, medan mamma i tillegg ber ei balje
med kol på hovudet. Andre ber store baljer fulle av vatn, andre ber på posar
eller ved. Klevasken blir plassert i høgda såvel som handelen frå markedet.
Somme syklar fungerar
som taxiar, utstyrte med både skilt, polstra sete og bling bling. Ein
sykkeltaxi rullar framover medan passasjeren har ei levande geit på
fanget. Damene sit i damesal på
bakhjulet. Andre syklar halvannen meter høge stablar med ved, andre to-tre
meter vide laster med takstrå. Alt er mogleg i trafikkbiletet i Malawi!
Bilar med vide
laster, køyrety kraftig overlasta med menneske. Er du så heldig at du har bil
her, så tek du gjerne med deg passasjerar. Opne bakdører, opne sidedører,
lasteplan, på lastebilhytta, passasjerar kan ein stable både her og der. Vi får
historier om bilulykker, der ein bil er involvert og opp mot tjue skadde og
drepne.
Dette er ikkje spøk
for oss med trafikalt grunnkurs på vitnemålet. Her køyrer ein på venstre side,
så lenge det går, om bilen i mot kjem på di side køyrer du berre ut av vegen
til den er passert, her er det romsleg vegskuldrar.
Geitene langs vegane
er alt anna enn dresserte, dei kryssar både foran og bak. Feilbereknar dei, kan
dei fort ende opp som slakt opp ned i kjøtsjappa. Hønene spring og fritt, men
kloke som dei er, held dei seg nærare husveggane. I blant kan ein sjå folk som
vifter med flaksande høns som blir haldne etter føtene, dette er høner som er
teke ut av produksjonen og som blir selde som svært ferskt suppekjøt til
forbikøyrande.
Alle desse inntrykka
krafsar seg inn på netthinnene våre, i tre timar sit vi slik. Til sist svingar vi
inn på ein grusveg, humpar forbi fleire skur med ungar som gjeter geiter og
vinkar blidt til kvitingane som kjem i bil. Den tørre jorda virvlar opp og legg
seg ned att bak oss.
Vi kastar loss ved Fish Eagle Bay, der vi blir i to neter. Etter fly- og bilreise spring vi rett i vatnet og duppar oss, det er ikkje altfor ubekvemt. |
Få meter nedanfor
lodgen vår ligg Lake Malawi. Freistande, frisk og levande. Ein 900 km lang innsjø som
forsyner befolkinga med chambo, campango og butterfish. Her fiskar dei om natta
og om dagen fungerar innsjøen som badekar og vaskebalje.
Tidleg om morgonen ligg
den der ravfarga av sola,
Lake Marawi viser seg å vere umåteleg vakker klokka
fem om morgonen.
Men det veit ikkje vi
enda, for vi må legge oss å ta pause frå alt dette nye.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar