Ei sjelsetjande oppdaging, eg har utlagt hjerne. Ein ekstern
harddisk som kan streike kva tid som helst. Det gjekk opp for meg i dag, da eg
ikkje klarte å hugse kva den filmen der Ane Dahl Torp spelar mot Thomas
Gjertsen heiter. Eg er freista til å
google dette for å få det ut av verda, den lettaste motstands veg, men eg lyt vere standhaftig å stå i mot lysta. Eg
kan ikkje slå meg til ro med at eg har bytta ut mitt eige langtidsminne med
Google. Det er eit sant nederlag. Eg er
engsteleg for framtida. Redd for å utvikle skrumphjerne, ei sviske av ein
hjerne som ikkje lenger hugsar fakta om det ikkje er direkte knytt opp mot
smerte, glede eller rein nytelse. Eit amøbisk individ, som et og kolliderar med
grannen.
Eg er lykkeleg fordi eg er eit middelaldersk menneske som
fortsatt kan mitt alfabet, og såleis kan nytte både ordlister og leksikon, om
eg får dei oppi hendene. Det er nok ikkje så sikkert dei kan det om 20-30 år,
men ein kan kanskje ta eit lite kveldskurs? Ungar som ikkje likar skriftforming
er moderne og futuristiske, ein treng ikkje lenge finmotorikk utover
touchmetoda. Å kople syn, høyrsle og taktil sans er ut. Ikkje lenger naudsynt.
Stogg for all del ikkje utviklinga mot robotsamfunnet. Beauty before brains, du
kjem langt med gode søkjeord og LFT-skriving (let, finn, trykk).
Vi skal ikkje frykte framtida der menneskje blir programmerte
i 14-års alderen. Tradisjonell konfirmasjon blir bytta ut med installasjon av
UngVaksen.07, når ein fyller femten. Far
spring ivrig borti postkassa om våren, for å sjå om programvara er komen. Endeleg skal poden programmerast til å bli rørleggjar,
da får dei endeleg gjort noko med badet… Det som kjem til å koste dyrt heretter
er ikkje rørleggjarrekninga, men programoppdateringa….særleg når reistar av
menneskjeleg hormonproduksjon slår ut og hindrar operativsystemet i å oppdatere
seg automatisk i 17-års alderen.
Au au.
Au au.
Menneskerasen er så smart at den kjem til å innvikle seg
sjølv i rein skjær dumskap. Evnene til annleis-tenkjande menneske med høgt
energiniva(ADHD) , blir medisinert vekk og ut av gen-poolen. Såleis slepp vi ei
vidare utvikling av menneskehjernen, det hadde vore så energikrevjande og dyrt
at vi berre er glade til. Med tankje på alt det desse menneska har av evne og
energi til, er eg redd dei ville ta over
verda, med hurtig formering, livreddande
oppfinningar og nye energiformer. For all del, ikkje lat det skje. Lat oss heller underutvikle hjernane våre med
smarttelefon i lomma.
Huff.
Og eg som mislikar SciFi og blir skremd av «Tilbake til
femtiden 1», tykkjer det er skummelt at smarttelefonen tappar meg for
smartness. For kva i h…. heiter den filmen med Ane Dahl Torp? Eg kjem ikkje på
det. Langtidsminne er kraftig redusert, heldigvis kan ikkje dette nedarvast
direkte, sidan eg allereie er
reprodusert. Men ungane mine kan gjere fatale valg. Dei kan velge partner på
feil grunnlag, dei kan nytte ein app som testar potensiell partners evne til å
google.
Skrekk og gru.
Eg kan ende opp med fem svigerdøtre/-søner med eksteriør som Barbie, og interiør i handveska i form av eplefon
eller android. Som om det ikkje er vanskeleg nok å vere snill, grei og
ikkjedømmande svigermor. Neste gong eg skal ha» ny» mobil blir det ein gammal
Nokia, berre for å halde tannhjula i gang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar