Mødrene vaska klede og ungane kjølte seg ned i vatnet, som sikkert heldt opp mot 30 grader. Kyrne drakk seg utyste. Vi bada uredde og oppglødde, utan å tenkje på krokodillene som også likte å bade i nettopp denne sjøen, om ikkje akkurat på same plass som oss. Ettersom sola seig ned bakom hytta vår, og lyset vart varmt gult og himmelen lilla, kasta karane seg i båtane sine og gjorde seg klare for nattefiske. Maten som skulle mette magane dagen etter, måtte fangast. Da sola takka for seg og det vart beksvart rundt oss, såg vi den horisontale lyslenkja av fiskebåtar på sjøen.
Vi sat der i lette
langerma overdelar og lange bukser, godt spraya med insektmiddel, som sikkert var
langt utanfor EØS-standarden, og kosa oss utover sommarkvelden. Heilt til klokka
bikka ni, da tykte vi det tok til å li.... difor kraup vi i hi.(Kunne ikkje dy
meg).
Pussa tenner,
bukserte oss innunder eit tynt laken og smatt myggnettet under madrassen. Kampen
for innsovninga var i gang, men med så mange inntrykk var det ikkje lett å
vinne den..
I tretida same natt
vakna eg av eit voldsamt lurveleven utanfor, eg heiv nettet til sides og titta
ut mellom gardinene. Folk sprang langsmed stranda, store som små, dei ropte og
skreik og lo. Eg skjønar ikkje chichewa og forstod ikkje noko av dette, ei
smygande kjensle av uro breidde seg inni meg. Rart med det når ein er heilt ny
på ein framand plass, utan innsyn i kultur og språk og stemninga tydeleg er
opphissa. I mitt stille sinn roa eg meg med at dette laut vere fiskarane som
kom i hamn med fulle båtar. Det viste seg etterkvart å vere noko meir
dramatisk. Einkvan hadde gjort seg fortent til politijakt, med etterfyljande mobb.
For oss vestlege, som etterkvart er blitt vande til å sjå
lovløyse passere forbi i påvente av at politi kjem styrtande til, eller ikkje,
alt ettersom kva ressursar dei rår over, var det heile ganske brutalt. Og sjølv
om dette opptrinnet for oss verka både skummelt og noko primitivt, så er dette
realitetar i verda i 2015. Ein skal ikkje hundre år attende i tid, før vi Norge
jaga kvinner som hadde forelska seg i menn av feil nasjonalitet heller( Tyskertøs).
Vi fekk
såleis bekrefta mistanken om at vi ikkje berre hadde reist mange mil sørover,
men også mange år bakover i tid. Det skal og nemnast at da det kom høvdingane
for øyro at vi vart uroa og skremde av nattebråket, sette dei ut sju vaksne
menn til å passe på oss natta etter, og to av desse gjekk med automatvåpen.
- Og
kva tenkte våre norske hjernar om denne flotte gesten?
- Jau, at våpen er noko fanteri og skumle saker!
Slik sett var
gjestane ikkje så gode å gjere til lags og kulturane dulta jamnt og trutt borti kvarandre, utan at nokon av dei kunne påberope seg tittelen fasit.
Etter tjue minutt sveitt biltur stod vi midt havnebyen Nkhotakota. Som fire av i underkant tjue azongoar blant 20-30.000 innfødde nkotakotiere, stod vi og lyste opp den lokale marknaden. Innsmurte i solfaktor 30 og med usikre smil, ser vi ungane gape og peike medan dei ropar azongo. før dei gøymer seg bak mora eller ein annen vaksen.
Flora/Nkhotakota |
Møte mellom artsfrendar finn stad, dei kulturelle forskjelane er enormt utfordrande, sjølv om dei ytre kan hende er mest openberre der og da. Lydar og luktar så annleis enn dei vante, språk som er heilt utan fellesnemnar. Å vere i mindretal blant eit framandt fleirtal er ikkje lett, det er spennande og skremande på same tid. Samleis må dei kjenne det, dei som kjem hit til oss i Norge. Ein slik situasjon kan gjere dei sikraste usikre, når signala ein sender ut skal tolkast i eit miljø dei ikkje dyrka fram for å forståast i.
Smilespråket var det einaste vi snakka saman.
Smilespråket var det einaste vi snakka saman.
Vi smilte frå øyre til øyre.