Derfor skal du lese dette,
fordi dusinvis har gjort det før deg.
Du vil ikkje tru det hunden
gjer når eigaren får dette energiske innfallet.
Det som skjedde da denne 37
år gamle og 80 kilo tunge kvinna såg hengerompa si i spegelen, er berre fantastisk. Lite visste ho om at vegen ho
la ut på skulle bli så strabasiøs.
Les heile den utrulege historia
og sjå etter- bileta her:
Før |
Da ho hadde gjort den store
oppdaginga av vedheng, såkalla
hengerompe, bestemte ho seg for å ta saka i eigne hender. It's all about that
bass, veit du. Ho innsåg raskt at enden hadde nådd nok-punktet (jmfr. P.
Fugelli), når det kjem til sofasitting. Ho ville ta opp kampen. Utføre litt
haldningsskapande arbeid på seg sjølv. Kledd i gore-tex og hundeluftar-trusa
si, ja, du las rett, la ho i veg ut i slapset. Bikkja noko forvirra, over denne
bråe endringa i muskelrørsle, men likevel lukkeleg over bonustur i griseveret. Broddene vart lagt til
sides denne kvelden, dei er berre laga for folk over førr likevel. Det var eit
feilgrep. Vegen var bratt og hål og smal. Ymse vegparti var så smale, at
aktarspegelen måtte møte eventuelle Citroen CV-ar sidevegs. Likevel, dei to
kjempa seg framover, over is, sporadiske gruskorn, plutselege berrflekkar og
slaps. Trass eit par tilfeller av brå ryggknekk og balanseattvinning, dei
klarte det. Halvannen kilometer på tretti minutt.
Tretti minutt etterpå |
Vel heime att fekk bikkja eit
griseøyre og kjerringa hesja på seg brokje samt retta opp ryggen.
Utruleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar