-
Er det det dei er, drit-ungar, desse tenåringane som skriv tafatte plakatar og reiser frå skulen for å demonstrere
for miljøet vårt, er det berre skinn-engasjement, tull og tøys og unnasluntring?
Korleis møter vi dei? Som foreldre, som lærarar, som vaksenpersonar? Bles vi ut
i lufta, himlar vi med augene, går vi berre utifrå at alle leikar engasjerte
for å springe rundt i sentrum og vifte med plakatar? Ber vi dei om å skjerpe
seg, at dette berre er tull, at dei berre ser det som ei moglegheit for å lure
seg unna pliktene sine? At det går utover fråværet deira? At dei heller kan gjere
noko fornuftig? At dei bør skjerpe seg og pugge gloser, eller lære seg dei
femten fyrste stoffa i det periodiske system fyrst?
Eg trur i såfall at
vi gjer oss sjølve ei bjørnetjeneste. Vi bør ta det minste teikn til engasjement
alvorleg, vi må sjå dei djupt inn i augene å seie: «så bra at du bryr deg om
dette», vi må for all del ikkje avfeie dei og føyse dei vekk, å seie «dette er
tull». Det er IKKJE tull, og det må takast på alvor! I andre høve tykkjer vi
ungdomen manglar engasjement, er navlebeskuande materialistar, mest opptekne av
å halde oppe striken på Snap-chat, mobil, playstation og Paradise Hotel. Det
også berre «tull og vås», ifølgje oss. Vi tykkjer det manglar tak i dei, at dei
nesten er blitt for snille, greie og veloppdregne, at dei har det for godt, at
dei manglar perspektiv og at dei berre ser deg sjølve.
Om tenåringen ymtar
frampå om at han eller ho skal streike for miljøet så tykkjer eg at vi skal
støtte dei som foreldre, men ikkje berre ved å seie «køyr på, streik i veg», eg
trur dei treng meir støtte enn som så. Dei er så redde for å skuffe skulen og
foreldra, dei er så lojale at dei ikkje veit ut og inn av sitt eige
engasjement. Eg trur vi må fortelje dei kva vi forventar av eit slikt engasjement,
kva det betyr å aksjonere, det å gå i lag og protestere. Vi må vise at vi
respekterer saka deira, og at vi tenkjer det dei driv med er viktig, og vi må
forvente at dei meiner noko med det.
Som lærar bør eg ta
i mot dette med opne armar, få augene opp frå årsplanen som var lagt i
august, gripe sjansen til å lære dei meir enn noko pensumbok kan lære dei.
Og om dei unge, tilsynelatande, nyttar dette som er orsaking for ein ekstra
fridag, ta ein prat med dei. Ta dei seriøst, spør korleis dei har tenkt å
organisere seg. Her er ei gylden moglegheit til å lure dei inn i samfunnsdebatten,
lære dei om organisering
og om demokratiske prosessar og korleis ein kan påverke. Ein bør hive seg rundt
og hjelpe dei. Vi kan ikkje berre blåse av dei og seie at dette er tulleri dei
lagar til for å sleppe skulen. Tru at
det ligg meir bak, dei anar berre ikkje korleis dei skal organisere aksjonen, dei
har ingen leiar, dei har kanskje aldri hatt bruk for å demonstrere før. Dei har
hatt foreldre som har snakka deira sak gjennom heile barndomen, dei har kanskje
ein tettare relasjon til foreldregenerasjonen enn kva vi hadde før og dei
kjenner kanskje på eit større press om å innfri og å ikkje skuffe foreldra. I
blant klagar vi på at dei gjer for lite opprør. At dei sit på snap og sosiale
media, det reagerar vi på, men vi let
det halde fram med ymse modifikasjon. Når dei viser det minste teikn til å bry
seg om noko viktig så ler vi av dei, og tykkjer dei skal skjerpe seg, når det
er akkurat det som kanskje kan skje; at dei skjerpar seg! Viss vi snur oss mot
dei, seier; «JA! Dette
er bra, kom igjen. Kvifor engasjerer dette deg? Kven er det som må få beskjed?
Korleis når det ut med bodskapen!? Korleis kan de organisere dykk for å bli
høyrt?»
Slik eg ser det, er
dette eigentleg ei gavepakke for skulen. Går ein inn på utdanningsdirektoratet
sine sider, finn ein både gjeldande og kjerneelement for komande læreplan, og
eg finn dekning for å bruke dette i undervisninga i dei båe.
Når det gjeld
formålet med norskfaget i den gjeldande læreplanen står det:
Norsk er et sentralt fag for
kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Gjennom aktiv
bruk av det norske språket innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv, og
rustes til deltakelse i arbeidsliv og demokratiske prosesser. Norskfaget åpner en arena der de får anledning til å
finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar.
….
Gjennom muntlig
og skriftlig kommunikasjon kan de sette ord på egne tanker og stå fram med
meninger og vurderinger. De skal selv produsere ulike typer tekster med
hensiktsmessige verktøy, og tilpasse språk og form til ulike formål, mottakere
og medier. Etter hvert vil de også kunne fordype seg i faglige emner og bli
dyktigere til å formidle et faglig innhold til andre.
(https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Formaal)
Munnlege ferdigheiter skal dei også tileigne
seg:
Norskfaget har et særlig
ansvar for å utvikle elevenes evne til å mestre ulike muntlige
kommunikasjonssituasjoner og kunne planlegge og framføre muntlige
presentasjoner av ulik art.
Kjerneelementa for den nye
læreplanen, som kjem hausten 2020, ligg allereie klare og det er ingen grunn
til å ikkje vere proaktive i høve den. Her ligg også gode føringar for korleis
vi skal rettleie dei unge inn i verda utanfor skulen:
Barn og unge må også forberedes til å ta
vare på seg selv og hverandre, kunne forstå og håndtere og bygge gode
relasjoner med mennesker rundt seg, og bli aktive og deltakende medlemmer av
samfunnet, sier Sanner.
…, demokrati og medborgerskap og bærekraftig utvikling skal
være tverrfaglige temaer i de nye læreplanene. Disse temaene går på tvers av
fag, slik at de dekkes over flere fag der det er naturlig. Temaene tar
utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringer og dilemmaer. Elevene skal
forstå sammenhengen mellom handlinger og valg, og hvordan de kan finne
løsninger gjennom kunnskap og teknologi.
Her er absolutt belegg for å
ta dei på alvor, vi lærar må kunne vere såpass fleksible og vakne at vi tek
denne ballen når den kjem susande, tykkjer eg. Eit naturleg
engasjement, rundt ei aktuell og viktig sak, ei sak vi kan bruke som knaggrekke
for teori vi finn i lærebøker, retorikk, demokrati, miljølære, organisering, samfunnslære,
fortid, samtid og framtid med mykje meir.
Kan hende det er vi vaksne som
må skjerpe oss, dra nasa og skjegget ut av postkasse og navle, og sjå om det
ikkje var akkurat dette vi sjølve etterlyste? Vi
må velje å tru på dei, om dei kjenner at vi tek dei på alvor er eg viss om at
dei også kjenner på seg at vi ventar meir av dei, enn berre «skulking for
miljøet». Dei er i streik, og der er ein forskjel.
Rutta,
direkte inne frå hengekøya i skogen,
vil ikkje vere ein drit-vaksen