-
Ja, men det er viktig at ein
lærer av det ein ber om unnskyldning for, og at ein viser at ein har skjønt
kvifor det ikkje var rett å gjere som ein gjorde.
-
Korleis da?
-
Jau, viss du slår broren din,
så er ikkje det greitt. Og ofte forstår du sjølv at det var feil, og du ber om
unnskyldning, ikkje sant? Fordi du angrar, og fordi du faktisk forstår at du
gjekk litt for langt.
-
Jo, somme gongar gjer eg det,
men om det var han som begynte da…
-
Nei, slik er det, men kva er
det eigentleg du ber om unnskyldning for?
-
For at eg slo?
-
Ja, nettopp! For du veit at
ein skal ikkje slå. Du ber sjølvsagt ikkje om unnskyldning for at han begynte å
gråte og for at han ikkje likte at du slo.
-
Men somme gonger forstår eg
ikkje alt med ein gong.
-
Det er
så, da kan ein prøve å forstå.
-
Korleis?
-
Jau, viss eg seier at sandkassa
er ein plass der alle i utgangspunktet har rett til å leike seg, til og med rampete-Egil og sinte-Kåre, så må dei få
det. Dei kan få leike seg der, i lag med beskjedne-Berit og snille-Lise,
ordentlige-Ola og regelrytter-Per.
-
Ok..?
-
Men så kjem Per og Lise og
klagar til dei vaksne, fordi Kåre har kasta sand på Lise..
-
Oi!
-
Oi, ja, det kan du seie. Dei
fører den vaksne til kassa og peikar på den skuldige. Sinte-Kåre reiser seg
brått og seier at Lise begynte, Egil nikkar bekreftande, medan snille-Lise ser
ned og grev iherdig med spaden sin, og regelrytter-Per seier at det er godt
mogleg det var slik det hekk i hop. Den vaksne seier til Per at ein ikkje skal
forsvare dei som har gjort noko gale, for det øydelegg for dei andre, og så tek
den vaksne med seg både Kåre og Egil ut av kassa og ber dei finne på noko anna.
-
Hmm..det der kunne faktisk ha
skjedd.
-
At nokon kastar sand ja, det
skjer heile tida, det er eit samfunnsproblem i sandkasser.
-
Ja, men det der med Lise..
-
Kva da?
-
At ho faktisk har gjort det,
men held det for seg sjølv.
-
Men er
det rett da, dersom det faktisk er sant at Lise begynte, meiner eg?
-
Nei, men
i blant er verda urettferdig. Og de vaksne er ikkje alltid så smarte heller.
-
Du seier noko. Kva burde den
vaksne ha gjort da?
-
Tenkt seg om. Minna seg sjølv
på at alle i sandkassa var menneske som kunne gjere feil. Gjeve dei ein sjanse
til å forklare seg. Tru litt betre om Kåre og Egil og pittelitt dårlegare om Lise.
Det hadde vore rettferdig, og klokt og vaksne skal vere kloke. Ikkje berre tru
at ting er som dei ser ut.
-
Så det du seier er at alle har
rett til å bli trudd og tekne på alvor, uansett kva dei har gjort før?
-
Ja! Elles vil dei ikkje ha ein
sjanse til å forandre seg, og kanskje ser det berre ut som dei kunne ha funne
på noko tull, fordi dei har eit lurt blikk for eksempel. Dessutan ville dei ha
tenkt at dei like godt kunne oppføre seg som idiotar, fordi dei får skulda
uansett.
-
Så den
vaksne burde sagt unnskyld altså?
-
Ja.
-
For kva?
-
Fordi han ikkje tok Per på
alvor, og for at han let Lise tru at ho kunne lure seg unna og fordi skulda Kåre
og Egil for noko dei kanskje ikkje hadde gjort.
-
Du er ikkje så dum du!
-
Nei, eg er eit menneskebarn.
Eg kan viss eg vil.
-
Kva om den vaksne ikkje ba om
unnskyldning da?
-
Da kunne eg ikkje lenger stole
på han.